Hopp til innhold
Vedtaksliste

Kunstfaglige publikasjoner og manusutvikling

Søk støtte

Vedtaksliste for søknader til 2. september 2021

Tilbake til 2021 (Alle)

Om søknadsrunden

Ordninga skal bidra til å styrke produksjon av publikasjonar som presenterar og/eller analyserar aktuelle problemstillingar innan samtidskunst og kunstteori. Støtte vert gitt til fotobøker, monografiar, kunstnarbøker/artists’ books, utstillingskatalogar, bok- eller magasinseriar, fanziner, ulike hybridbøker. Manusutvikling til lengre tekstar om samtidskunst er ein viktig del av ordninga.

Talet på søknader: 41

Søknadssum: kr 5 476 303

Talet på tildelingar: 22

Vedtakssum: kr 1 973 000*

*Kr 1 500 000 frå stimuleringsmidlar

Det var 41 søknader til handsaming og grunna ekstra stimuleringmidlar kunne Fagleg utval for visuell kunst dele ut støtte til 22 bokprosjekt, som er ein tildelingsprosent på over 50. Dette er uvanleg; vanlegvis ligg tildelingsprosenten under 30 på denne ordninga. Søknadene er godt utvikla, verkar meir gjennomarbeidde og kvaliteten er høg på dei ulike bokprosjekta som er tildelt støtte.

Tendensar i søknadsmaterialet

Det var eit stort spenn i tildelingane i runden, både når det gjeld omfang og ambisjon, og tematikk.

Omfangsmessig hadde ein både ambisiøse og store prosjekt, til dei mindre, eksperimentelle publikasjonane. Sveinung Rudjord Unnelands «Tåkeklokkene» er eit døme på det siste. Boka vert den tredje i triologien METANOIA, og er som dei to føregåande bøkene, «Mørkningen» (2016) og «Hvorfor ryster eg» (2020), eit samarbeid med forfattar Andreas Vermehren Holm.

Kunstnarboka «Seldom States» av Samuel Brzeski nærmar seg lydkunstfeltet i form av hybrid-tekstar som responderer på rytme og sonisk vibrasjon. Bokprosjektet er utvikla i samband med eit gjesteopphald ved Lydgalleriet i Bergen.

Blant dei store prosjekta har ein fleire monografiar over avlidne eller tilårskomne nestorar på biletkunstfeltet. Skulptøren Knut Helge Odden gjekk bort i 2019 og boka «Mane» vil oppsummere og tematisere kunstnarlivet hans. Boka skal ferdigstillast til ei retrospektiv utstilling ved Telemark kunstsenter hausten 2022 og Hanne Grieg Hermansen og Øystein Wyller Odden publiserer på eige forlag. Aslak Gurholt får støtte til ein monografi over Paul Brand. I desse større prosjekta ser ein at bokformatet fungerer både som arkiv over og refleksjonsrom rundt den kunsten og dei diskursane som kunstnaren legg att etter seg.

Temaa i dei tilgodesette prosjekta spenner frå forgjengelegheit og nære relasjonar, til globale, politiske tematikkar som oljenæring i Noreg og i utlandet, og kunsten sin plass i diskusjonen rundt denne. Anne Szefer-Karlsens «Experiences of oil» er eit døme på eit prosjekt som tek opp tema rundt kunst, kunstnariske praksisar og infrastruktur for samtidskunst sett i samanheng med oljestatar og røynslar frå oljerike samfunn. I den andre enden av ein skala som går på det nære og private versus dei større, samfunnsmessige temaa har ein Mariken Kramers fotobok og kortprosasyklus «Jeg gjemmer meg i blomsten», som omhandlar det forgjengelege. I tillegg til Kramers prosjekt vart tre andre fotobøker gitt støtte.

Teoretisering og eigenrefleksjon har vore ei mangelvare i kunsthandverksfeltet. Ein større katalog kalla «Afterglow – new nordic porcelain» set fokus på nordisk porselen, der kunstnar-workshops dannar fundamentet for vandreutstillingar i Norden, vil kanskje bøte på dette. I boka vert òg historia til nedlagde porselesverkstader og -fabrikkar henta fram. Slik vert kompetansen og forskinga på feltet gjenoppretta, halde ved like og på sikt utvikla. Det er Kunsthall Grenland som har tatt initiativet til Nytt nordisk porselensforum. Boka skal komme ut på Arnoldsche Art Publishers i engelsk, norsk, dansk og svensk språkdrakt.

Det nyoppretta Senter for keramisk kunst (SKK) i Ringebu vil samle kunstnarsamtalar i bokform. Samtalene skjedde på arrangement i samband med utstillingar ved senteret. Bokprosjektet vil bli lansert på kunstbokmessa B*stard i samband med Litteraturfestivalen i Lillehammer til sommaren. Dette er formidlingstiltak som ein ser vil kunne løfte prosjektet.

Manusutviklingsstøtta skal stimulere til å skrive om samtidskunst i det visuelle kunstfeltet. Det var 6 søknader i denne runden og kun eitt prosjekt vart tildelt støtte. Hanne Ramsdal skal utvikle ein tekst om barnefordeling der det dokumentariske materialet skal resultere i eit tekstbasert performativt verk til Spriten kunsthall.

Kunst- og kunstnarbøker og pandemien

I denne runden var det fleire godt utvikla og gjennomarbeidde prosjekt som vart vurdert. Det kan hende at pandemiens verknader i samfunnet kan forklare at talet på søknader om monografiar eller større bøker om teoretiske vinklingar på samtidskunsten held seg såpass høgt. Tilbaketrekkinga til atelieret fører kanskje til større fokus, det vert tid til å gå gjennom og oppsummere kunstnarskap til bokprosjekt, sjølv om (separat)utstillingar har vore utsett eller avlyst.

Det var 9 kvinner og 8 menn som fekk støtte, i tillegg til 1 småbokforlag og 4 mindre institusjonar og stiftingar. Fylkesvis fordeling av tildelingane er 10 frå Oslo, 8 frå Vestland, 2 frå Vestfold og Telemark, 1 frå Innlandet, 1 frå Rogaland.

Prosess:

  • Søknadsfrist: 2.9.2021 kl. 13:00

  • Vedtak i faglig utvalg for billedkunst og kunsthåndverk: 19.11.2021

  • Vedtak i rådsmøte: Dato ikke satt

Les mer om søknadsrunden

Søk i tabellen, den oppdateres når du skriver

Søk i tabellen

Søk i tabellen

SøkerProsjekttittelFylkeÅrSøknadssumVedtaksdatoVedtakTilskuddSjangerhidden
HVITSTEN SALONG, JON ERIK LUNDELL Alle får sitte Viken 2021 50000 19.11.2021 Avslått 0 Tegneserie-bok OSLO KOMMUNE MUNCHMUSEET bare et øieblik" (tittel skrives med overstykning) Oslo 2021 150000 19.11.2021 Avslått 0 Antologi LARS MORELL Curse. Effect Oslo 2021 40000 19.11.2021 Avslått 0 Kunstnerbok RASKE ALF JØRGEN SCHNELL Det urbane miljø: Ti intervensjoner i norsk urbanisme Oslo 2021 90000 19.11.2021 Avslått 0 Manusutvikling Kari Johanne Nordheim Ditt genuine kunstuttrykk, 8 trinn til abstrakt maleri som berører. Troms og Finnmark 2021 90000 19.11.2021 Avslått 0 Manusutvikling Arne Dolva Vinnem Foreløpig uten tittel Oslo 2022 90000 19.11.2021 Avslått 0 Manusutvikling EDITIONS QNDMC OSLO GRAM 03 - GRAM 04 Oslo 2021 230000 19.11.2021 Avslått 0 Bok om arkitektur CHRISTIAN OLSTAD Hjørner Oslo 2021 39532 19.11.2021 Avslått 0 Fotobok Cecilie Tyri Holt It stayed with me Oslo 2021 50000 19.11.2021 Avslått 0 Monografi NORK ZILE NORK magazine Troms og Finnmark 2021 160000 19.11.2021 Avslått 0 Magasin SIMON JAMES EIDE BILLEDKUNST Når blir det nok? Oslo 2021 90000 19.11.2021 Avslått 0 Manusutvikling Viggo Oddbjørn Falck Mortensen O, Visste Du Bare Vestfold og Telemark 2021 125000 19.11.2021 Avslått 0 Fotobok Dag Alveng Palladio Songs Vestfold og Telemark 2021 25000 19.11.2021 Avslått 0 Fotomappe/kunstnerbok Kjetil Skøien PARIS TALKS Oslo 2021 76171 19.11.2021 Avslått 0 Bok som performance CHRISTIAN OLSTAD Robinet Oslo 2021 70000 19.11.2021 Avslått 0 Fotobok FOTOGRAF JORDAL She Hunts Vestland 2022 80000 19.11.2021 Avslått 0 Fotobok Hanne Frey Husø To Fill With Love Viken 2021 7000 19.11.2021 Avslått 0 Kunstnerbok Anahita Alebouyeh Twelve Months of Anahita Oslo 2021 60000 19.11.2021 Avslått 0 Kalender Joakim Svendsgård-Mathisen Tåkelagte ikoner - eller, hvordan man med hammeren filosoferer Oslo 2021 60000 19.11.2021 Avslått 0 Manusutvikling FORENINGEN V-O-L-T "A Broken Record" og "It takes energy to die" Vestland 2021 80000 19.11.2021 Bevilget 80000 2 publikasjoner om sosiale kunstprosjekt STIFTELSEN KUNSTHALL GRENLAND AfterGlow - New Nordic Porcelain Vestfold og Telemark 2021 175000 19.11.2021 Bevilget 100000 Større katalog PASTICHE PRODUCTIONS Tommy Hovinbøle Arne Walderhaug - Reiser - Journeys Vestfold og Telemark 2021 60000 19.11.2021 Bevilget 60000 Fotobok ARILD ROSSEBØ BLOOM Oslo 2021 80000 19.11.2021 Bevilget 50000 Tegneserie-bok Kristen Rønnevik Bro til skog, og skog til ro - et deltakende landskapskunst prosjekt Rogaland 2021 25000 19.11.2021 Bevilget 25000 Katalog Annie Anawana Haloba Hobøl Cooking A Resistance: The Stories We Want To Tell, Oslo 2021 150000 19.11.2021 Bevilget 50000 Kunstdialog i bokform Anne Szefer-Karlsen Experiences of Oil Oslo 2021 150000 19.11.2021 Bevilget 150000 Antologi om kunst og olje Hanne Ramsdal FA(R)EN Oslo 2021 90000 19.11.2021 Bevilget 50000 Manusutvikling Maria Andrea Pasenau Lyngnes Foto Nøtt Pasenau Vestland 2021 99100 19.11.2021 Bevilget 40000 Fotobok Mariken Kramer Jeg gjemmer meg i blomsten Oslo 2021 50000 19.11.2021 Bevilget 50000 Fotobok KWESTAN JAMAL BAWAN Kunst katalog Vestland 2021 50000 19.11.2021 Bevilget 50000 Katalog SENTER FOR KERAMISK KUNST AS Made in Ringebu Innlandet 2021 60000 19.11.2021 Bevilget 60000 Større bok med kunstnersamtaler HANNE GRIEG HERMANSEN MANE - Knut Helge Odden Oslo 2022 130000 19.11.2021 Bevilget 130000 Monografi KALLE GRUDE No Problem Oslo 2022 124000 19.11.2021 Bevilget 50000 Kunstnerbok STIFTELSEN NORSK KUNSTÅRBOK Norsk kunstårbok 2022 Vestland 2022 800000 19.11.2021 Bevilget 500000 Norsk kunstårbok 2022 SILLE STORIHLE ONE MAN SHOW Oslo 2022 60000 19.11.2021 Bevilget 60000 Kunstnerbok Aslak Gurholt Paul Brand, works 1958–2020 Oslo 2021 120000 19.11.2021 Bevilget 120000 Monografi Samuel Leszek Brzeski Seldom States Vestland 2022 79000 19.11.2021 Bevilget 79000 Kunstnerbok Oscar Gil Lorente The Migrant Assembly Oslo 2022 5000 19.11.2021 Bevilget 49000 Katalog Scott Elliott The Sedan Chair Vestland 2022 90000 19.11.2021 Bevilget 70000 Kunstnerbok Preben Holst The stranger Oslo 2021 100000 19.11.2021 Bevilget 70000 Fotobok Sveinung Rudjord Unneland Tåkeklokkene Vestland 2022 80000 19.11.2021 Bevilget 80000 Kunstnerbok i serie