Vedtaksliste for søknader til 4. juni 2024
Tilbake til 2024 (Alle)Om søknadsrunden
Antall søknader: 72
Søknadssum: 19 265 682
Antall tildelinger: 35
Vedtakssum: kr 2 927 000
Prosjektstøtte visuell kunst - visningssteder har som føremål å styrke produksjon og formidling av samtidskunst. Ein søker her til utstillingsprogrammering, formidlingsprosjekt, eller «annet».
Ordninga var ny hausten 2023. Fram til da heit ho «Prosjektstøtte visuell kunst» og var felles med det som i dag heiter «Prosjektstøtte visuell kunst – kunstnere».
Det var i denne runden ein nedgang på 13 søknadar frå førre runde, og ein nedgang på 55 frå budsjettårets første runde, da talet på søknadar var 127.
Det har i 2024 vore nokre feilsendte søknadar til denne ordninga, men dette talet er nedadgåande. Det var i denne runden éin søkar som utvalet meinte at skulle ha søkt prosjektstøtte visuell kunst – kunstnere, omot opp til 11 i budsjettårets første runde.
Det blei gitt tilskot til 1/1 frå fylkene Finnmark og Nordland, 10/23 søknadar frå Oslo, 7/13 frå Vestland, 3/4 frå Trøndelag, 2/5 frå Akershus, 1/2 frå Troms, 1/3 frå Rogaland og Telemark, 1/4 frå fylkene Agder og Buskerud, og 0/1 frå Vestfold, og 0/2 frå Møre og Romsdal.
Den overlegent mest frekvente prosjekttypen er utstillingsprogrammering (49 søknadar), før formidling (14) og annet (9).
Eit trekk ved søknadsbunken, var det relativt høge talet på utveklingsprosjekt på kunstbokfeltet (fem søknadar), og sterke søknadar kva gjeld formidlingstiltak, samt kunsthandverk eller materialbasert kunst.
Søkarar med driftstilskot
Utvalet merka seg eit relativt stort behov for ekstra prosjektmidlar til arrangørar som har driftstilskot, og har spurd seg om svak, norsk krone, og prisauke, har medført at driftstilskota i mindre grad enn tidlegare strekk til. Utvalet registrerer òg at mange søkjer med aukte honorar i søknadsbudsjetta, noko som mogleg har si forklaring i merksemda Kunstnermeldinga har skapt om rimelege honorarnivå hos kunstnarar og institusjonar.
Det var i runden to reelt nye søkarar til ordninga, og éin søkar med ny organisasjonsform. Ein av dei nye søkarane til ordninga fekk tilskot for programmering i den kunstnardrivne visningsstaden Kunstrom SKOG.
Meir om tildelingene og utvalets vurderingar og prioriteringar
KUNSTNARDRIVNE VISNINGSSTADER blir prioritert av sittande arrangørutval for visuell kunst. I denne runden har dei gitt tilskot til Kunstrom SKOG i Oslo Aust, Nova Hutha visningsrom i Fredrikstad, kristiansandsbaserte Palass, og, i Bergen, S12, Northing og Kiosken.
Sistnemnte visningsstad, Kiosken, er – saman med Kunstrom SKOG og S12 dessutan døme på utvalets blikk på kunsthandverk.
KUNST- OG KUNSTNARBØKER. Det var i 2022 ei eiga utlysing for distribusjon og formidling av kunst- og kunstnarbøker. I samband med dette, holdt Kulturrådet eit seminar om feltet i mai 2024. Til fristen i juni 2024 kom det inn heile fem søknadar med utvikling på kunstbokfeltet som ambisjon. Det vanlege talet på bøker frå dette feltet, er null eller éin søknad i kvar runde. Utvalet vurderte alle dei fem søknadane som svært interessante, men enda på å tildele tilskot til tre av dei, tett på omsøkt beløp. Dette gjaldt Cornerstore Blank Blank, Kunstbokhandelen/Torpedo og Hverdag books.
KULTURRÅDETS STRATEGI. I tillegg til dei kriterium som er ordningsspesifikke, legg arrangørutvalet vekt på Kulturrådets gjeldande strategi (2021-2024) i vurderinga av søknadar. Nøkkelomgrep i strategien er mangfald (fleire røyster, uttrykk og estetiske praksisar), og større ytringsrom/ friksjonsfylte fellesskap. Utvalet har i denne runden gitt tilskot til eit mangfald av estetiske praksisar, mellom anna til de min girjerádjosat livece dievva på Borealisfestivalen 2024. Dette samisk eksperimentalistiske lydkunstverket blir installert i eit område med tilnamnet Lappeleiren i Bergen, og tematiserer mellom anna fornorsking og kolonialisering.
Stort rom for ytring og forskjelligheit, også når det kjem til haldningar og meininar, håpar utvalet å sjå i teori og praksis i Nitja senter for samtidskunsts prosjekt Cancel culture club & SPA. Dette prosjektet, som spør kvifor kunst har blitt angripe eller kansellert, og kva maktstrukturar og mekanismar er i spel under åtaka, har som eitt mål å undersøke kva strategiar og verktøy ein har for å orientere seg i det som søknaden kallar eit stadig meir polarisert, politisk landskap. I tillegg til å potensielt sett bidra til å styrke Kulturrådets strategi på ytringsrom, er dette også eit prosjekt som utvalet løftar fram som døme på god praksis kva gjeld formidling:
«DET GODE FORMIDLINGSPROSJEKTET». Utvalet fortsette ein praksis frå tidlegare rundar i 2024, å tilgodesjå formidlingstiltak som gjer noko ut over den formidlinga som ein institusjon er forventa å gjere som ein del av drifta og utstillingsprogrammet. Utvalet har sett etter det som er reelle prosjekt og/eller utprøvingar. Eitt døme er formidlingsdelen det ovanfor nemnte Cancel Culture club & SPA på Nitja senter for samtidskunst, som utvalet meiner at har store eigenkvalitetar, som prosjekt.
Utvalet prioriterte også Nova Huthas prosjekt «Formidling-24/25», grunna kvalitetane som dette formidlingstiltaket har, at det er tenkt som eit heilt prosjekt.
SØKARAR SOM HAR FAST DRIFTSTILSKOT, OG ANDRE STØRRE INSTITUSJONAR. Utvalets hovudregel har også i denne runden vore å ikkje prioritere aktørar med fast driftstilskot frå t.d. Kulturrådets arrangørstøtte, kommune eller direkte frå statsbudsjettet, og/eller større institusjonar. Men også i denne runden har dei i utvalde tilfelle avvikt frå hovudregelen når søknaden, eller prosjektet, argumenterer overtydande for å gjere unntak frå hovudregelen. Utvalet har i denne runden særleg tilgodesett dei av dei større institusjonane som søker med ekstraordinære prosjekt som kjem eit større mangfald av kunstnarar eller publikummarar til gode. Det er særleg i tilfelle der prosjekta blir lagd med eller for underrepresenterte grupper. Det omtalte prosjektet på Nitja senter for samtidskunst er éitt døme. Eit anna døme er Kunsthall Stavanger si separatutstilling med den ikkje-verbale skotsk-nigerianske kunstnaren Nnena Kalu, eit prosjekt som utvalet meiner at viser korleis kunstnarar med funksjonsvariasjonar styrkar samtidskunstfeltet.
Utvalet ser ein tendens til at tiltak på arrangørstøtte eller andre faste driftstilskot har fått det meir prekært økonomisk i dyrtid, og responderer med å utvide verksemda gjennom å søke prosjekttilskot til nye tiltak. Utvalet saknar at det blir reflektert over økonomisk berekraft i søknadane.
GEOGRAFI. Utvalet fortsett å prøve å bidra til spreiing, geografisk sett. Men søknadsmassen sett grenser for denne ambisjonen, da det er ein overvekt av søknadar frå Oslo og Vestland. Tildelingane gjenspeglar søknadsbunken når det kjem til dette aspektet.
Prosess:
-
Søknadsfrist: 4.6.2024 kl. 13:00