Scenekunst: Informasjonsmøte om danse- og teaterproduksjonar
February 25, 2026 (Deadline has passed)
Digital event / Digitalt
Kulturrådet
I forkant av søknadsfrist 15. januar inviterer vi til eit digitalt informasjonsmøte. Denne gongen vektlegg vi tilskotsordningane Scenekunst – danseproduksjonar og Scenekunst –teaterproduksjonar. Det er mykje som er nytt frå 2026, og vi går gjennom endringar av rutinar for aktive prosjekt, nye søknadsfristar og nye søknadsskjema for alle ordningar.
Etter ein innleiande presentasjon opnar vi for spørsmål. Da kan du òg ta opp ting du lurer på om søknadsprosessen og scenekunstordningane generelt.
Møtet passar for alle søkarar, både nye og erfarne.
På møtet får du vite meir om:
- Alt som er nytt fra 2026: Nye rutinar, nye fristar og nye søknadsskjema
- Kva tilskotsordningar som har frist denne runden
- Korleis du kan gå fram for å få rettleiing eller stille spørsmål
Generelle søknadstips:
Det er seniorrådgivarane Hedda Abildsnes og Marit Grimstad Eggen frå faggruppa for scenekunst i Kulturdirektoratet som informerer.
Møtet er digitalt og opent for alle, men krev påmelding. Du får tilsendt lenke til møtet i forkant.
Du kan melde deg på møtet her: https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=Eb3U2npsUEyHWnXiUodwUro3QeXFm8dDgIFnat8jBnpUQVBISzJRWFo5WldDT0ZPSEdHU0NCU1JSSC4u