Jobb i Kulturdirektoratet
Som tilsett i Kulturdirektoratet jobbar du for eit samfunn rikt på kunst og kultur i eit fagleg dyktig og sosialt arbeidsmiljø.
Kort om oss
Dette gjer vi
Kunst og kultur er melodien i det menneskelege, rytmen i felleskap og klangbotnen i samfunnet. I Kulturdirektoratet er vi heldige som får jobbe med noko som både begeistrar og forargar. Jobben vår er å leggje til rette for at eit mangfald av kunst og kultur blir skapt og brukt av fleire.
Dette kan du jobbe med
I Kulturdirektoratet kan du jobbe med tilskuddsordninger, utarbeide faglege råd og kunnskap, utvikle kulturinstitusjonar, bevare kulturarv, og fremme mangfald, tilgjengelegheit og internasjonalt samarbeid. Hos oss har mange bakgrunn frå kunst- og kulturlivet, men også frå IT, økonomi, arkiv, forvaltning, HR og kommunikasjon.
Dette kan vi tilby deg
Hos oss møter du engasjerte kollegaer i eit inkluderande arbeidsmiljø. Som tilsett får du mellom anna gode moglegheiter for kompetanseutvikling, fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida, medlemskap i Statens pensjonskasse, og du kan vere med på sosiale aktivitetar som kor, filmkveld, yoga og lønningstreff.