Skip to main content

Verkstad: Kunst og kultur i nytt klima

When

Registration deadline

March 12, 2026 (Deadline has passed)

Where

Østre i Bergen

Organizer

Kulturdirektoratet

Hetebølge på festival, heftig nedbør på verneverdige bygg, eller storm i kasta midt i turnéplanen. Korleis blir planlegging, produksjon og publikum påverka av endra klima og meir ekstremvêr? Vi inviterer kunst- og kulturfeltet i Bergen til verkstad på Varmere Våtere Villere.

I Kulturdirektoratet sitt klima- og miljøprogram for kultursektoren er klimarisiko og klimatilpassing viktige tema. Korleis blir risiko knytt til klimaendringar i kulturfeltet handtert, og korleis må ulike fagfelt tilpasse seg eit endra klima med meir ekstremvêr og meir uvisse?

I denne verkstaden på klimafestivalen Varmere Våtere Villere inviterer vi aktørar frå heile kunst- og kulturfeltet til å jobbe saman om desse spørsmåla. Vi startar med fagleg påfyll frå Julie Andersland (direktør i etat for bibliotek og kultur i Bergen), Øyvind Paasche (avdelingsleiar for klima i NORCE), og Jakob Grandin (seksjonsleiar for klima og risiko i Bymiljøetaten i Bergen kommune). Deretter jobbar vi saman.

Verkstaden blir ein pilot for Kulturdirektoratet, som ønskjer å støtte kultursektoren i arbeidet med klimatilpassing, samtidig som vi byggjer innsikt og forståing for korleis utfordringane ser ut for aktørane i feltet. Verkstaden blir leidd av Mia Frogner, berekraftsansvarleg klima og miljø i Kulturdirektoratet. Det blir enkel servering. 

Du treng ikkje å ha festivalbillett til Varmere Våtere Villere for å vere med på verkstaden. 

Meld deg på arrow_outward