Skip to main content

Statistikk for museum 2019

Kulturdirektoratet samlar inn, behandlar og publiserer statistikk frå norske museum. Det er eit nært samarbeid med Statistisk sentralbyrå, og museumsdata går inn i Noregs offisielle statistikk.
  • Publisher Kulturdirektoratet
  • ISBN 978-82-8105-150-8
  • Publication year 2020

Statistikk 2019 for norske museum blei samla inn i februar og mars 2020 og omfattar museum med minst eitt fast årsverk i 2019. Museumsstatistikken skal gi eit oversyn over norske museum, og syner informasjon om museumsinstitusjonane, besøk og tilgang, formidling og utstillingar, forsking og samarbeid, forvalting av bygningar og samlingar. Talmaterialet femner om i alt 102 museum. Av desse fekk 69 museum driftstilskot frå Kulturdepartementet. Dei 33 andre musea er mellom anna kommunale museum, universitetsmuseum og museum under andre departement.

Talet på museum som rapporterer varierer litt frå år til år. For musea under Kulturdepartementet heng statistikkrapporteringa saman med det årlege søknads- og rapporteringsarbeidet til departementet, og ev. endringar for denne delen av populasjonen skjer i hovudsak når tidlegare sjølvstendige museumseiningar blir slått saman. 

I den andre gruppa museum er nokre av dei små musea litt ustabile med innrapportering slik at dei fell ut innimellom. I rapporteringa for 2019 skapte koronakrisa utfordringar. I det store og heile er det ingen store endringar i populasjonen frå 2018, men nokre museum har ikkje greidd å levera tal med same grad av detaljar som i fjor. 

Rapporten er konsentrert om fem område. Den første delen omtalar drift, organisasjonsform, økonomi og tilsette. Del to presenterer publikumstal og tilgang til musea. Dei neste delane gir informasjon om tre av kjerneoppgåvene til musea: formidling, forsking og forvalting.

Publications

2025

Det nasjonale museumsnettverket i 2024

Rapporten omfatter de 61 museene som mottar fast driftstilskudd fra Kultur- og likestillingsdepartementets budsjett, over kapittel 328, post 70 - Det nasjonale museumsnettverket. Rapporten er utarbeidet på grunnlag av museenes statistikk- og årsrapportering for 2024, i tillegg til statistiske sammenstillinger og tidsserier som viser utviklingstrekk og prioriteringer over tid.

2024

Det nasjonale museumsnettverket i 2023

Rapporten omfatter de 61 museene som mottar fast driftstilskudd fra Kultur- og likestillingsdepartementets budsjett, over kapittel 328, post 70 - Det nasjonale museumsnettverket. Rapporten er utarbeidet på grunnlag av museenes statistikk- og årsrapportering for 2023, i tillegg til statistiske sammenstillinger og tidsserier som viser utviklingstrekk og prioriteringer over tid.

2024

Statistikk for museum 2023

Statistikken for 2023 for museer i Norge ble samlet inn i februar og mars 2024, og omfatter museer med minst ett fast årsverk i 2023.

2023

Museene i 2022

Hvert år vurderer Kulturdirektoratet museene i det nasjonale museumsnettverket på bakgrunn av museenes årlige statistikkrapportering og budsjettsøknader.

2023

Report: Practitioners experiences in the traditional arts economy

Report from a webinar hosted by the Sami Parliament and Arts and Culture Norway in June 2022.

2023

Rapport: Nordisk konferanse om samisk immateriell kulturarv

Rapport fra webinar i regi av Sametinget og Kulturdirektoratet november 2022.