Tverrfaglege perspektiv på kulturbruk, publikum og deltaking
- Authors Ragnhild Torvanger Solberg (red.)
- Publisher Fagbokforlaget
- ISBN 978-82-7081-216-5
- Publication year 2024
Gjennom åtte artiklar gir konferanserapporten Tverrfaglege perspektiv på kulturbruk, publikum og deltaking innsikt i metodiske utfordringar ved måling av kulturbruk, sosiale skilnader i deltaking og behovet for å forstå nye og etablerte kulturuttrykk på digitale plattformer.
Artiklane utforskar korleis sosiale skilnadar påverkar kulturdeltaking og utfordrar snevre og tradisjonelle forståingar av kulturbruk. Dei diskuterer korleis metodane for å måle kulturvanar kan gi eit skeivt bilete av visse samfunnsgrupper, og set søkelys på kulturpolitikken sine utfordringar med å oppnå målet om deltaking for heile befolkninga. Vidare undersøkjer dei korleis internettkultur bidreg til nye former for kulturfellesskap, og korleis teknologisk utvikling påverkar måten vi opplever og deltek i kunst og kultur.
Rapporten har sitt utspring frå eit tverrfagleg arbeidsseminar arrangert av Kulturrådet sitt faglege utval for forsking i september 2023, og legg grunnlaget for forskingsprogrammet Kulturbruk, publikum og deltaking(2025–2028). Programmet har som mål å auke kunnskapen om den kulturelle åtferda til befolkninga og å gje djupare innsikt i korleis ulike samfunnsgrupper opplever og deltek i kunst og kultur.