Kulturbruk, publikum og deltaking
Kulturbruk, publikum og deltaking er eit forskingsprogram frå Kulturrådet. Programmet undersøker korleis folk i Noreg brukar og opplever kunst og kultur. Det ser òg på kvifor enkelte grupper er underrepresenterte i kulturstatistikken, og kva dette betyr for kulturpolitikk og samfunnsliv. Målet er å gje ny kunnskap som kan bidra til eit meir inkluderande og treffsikkert kulturliv.
Aktivt program
Dette er eit aktivt forskingsprogram. Programperioden er 2025–2027 med formell oppstart i august 2025. Lansering av forskingsantologiar er venta våren 2027 og våren 2028.
Om programmet
Forsking viser at kulturbruk i Noreg varierer sterkt mellom ulike grupper i samfunnet vårt. Nokre deltek mykje, medan andre i liten grad oppsøker kunst- og kulturtilbod. Med Kulturbruk, publikum og deltaking ønskjer Kulturrådet særleg å auke kunnskapen om dei av oss som tilsynelatande ikkje er aktive kulturbrukarar, og som i liten grad blir fanga opp i kulturstatistikken.
Samtidig treng vi refleksjon og analyse kring kva som blir rekna og målt som kultur. Ofte blir «kulturbruk» forstått som institusjonaliserte tilbod, medan eigenaktivitet og ulike former for deltaking, skaping og oppleving fell utanfor. Programmet legg difor vekt på både breidda og nyansane i kulturvanane våre.
Programmet er organisert i to delar og omfattar sju forskingsprosjekt. Den første delen handlar om underrepresenterte grupper og kulturvanar. Den andre handlar om rolla til kulturbrukaren i kultur- og samfunnsliv.
Prosjektportefølje
I kulturpolitikkens blindsone: Ikke-brukerne i og utenfor det etablerte kulturlivet
Prosjektleiar: Torgeir U. Nærland, Universitetet i Bergen
Prosjektdeltakarar: Synnøve Skarsbø Lindtner, Andreas Roaldsnes, Jan Fredrik Hovden, Lisa M. B. Sølvberg, John Magnus Ragnhildson Dahl og Lennart Rosenlund (UiB).
Samandrag: Ikkje- og sjeldanbruk av det offentlege kulturtilbodet er ei kritisk utfordring for kulturpolitikken. Prosjektet undersøker ikkje-bruk gjennom ein kombinasjon av kvantitative og kvalitative tilnærmingar, både nasjonalt, blant barn og unge, og i grupper vi kan omtale som kulturelt marginaliserte. For desse gruppene skjer mykje av det kulturelle livet i randsona av det etablerte kulturlivet.
Målet er å utvikle eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag om kven ikkje-brukarane av det offentlege kulturtilbodet er og kvifor dei er eller blir verande ikkje-brukarar. Prosjektet vil òg belyse viktige kulturpolitiske spørsmål om omgrepsbruk og politikkutforming knytt til ikkje-brukaren.
Prosjektet tilhøyrer del 1 av forskingsprogrammet.
Å vera publikum
Prosjektleiar: Merete Jonvik (Universitetet i Stavanger)
Fagleg råd: Louise Ejgod Hansen, Christiane Særkjær og Eli Lea
Samandrag: Forskingsprosjektet går djupt inn i kva det vil seie å vere publikum for kunst. Å sjå på kunst og ta til seg kunst. Gjennom kvalitative nærstudiar undersøker prosjektet kva kunstopplevingar er og korleis dei skjer, skildra gjennom eit lite, men variert tal enkeltpublikummarar: ein ungdom, eit barn, ein kunstnar, babyar, kunst brukt til helseformål, museumsgjengarar og forskaren sjølv.
Prosjektet stiller spørsmål ved korleis kunstopplevingar kan skildrast, og korleis dei tek form som ulike opplevingar hos ulike menneske.
Kulturen i lokale medieoffentligheter – implikasjoner for kulturorganisasjoner og kulturbruk
Prosjektleiar: Ragnhild Kr. Olsen (OsloMet)
Prosjektdeltakarar: Dagny Studedahl og Gudrun Rudningen (OsloMet)
Samandrag:
Prosjektet undersøker samspelet mellom lokale kulturinstitusjonar og lokalmedia i offentlegheita i norske lokalsamfunn. Gjennom casestudiar i to kommunar ser forskarane på kulturen sin plass i lokaljournalistikken, og kva dette betyr for kulturinstitusjonar og kulturbruk i lys av større strukturelle endringar i medielandskapet.
Målet er å gje ny innsikt i kva som påverka kor synleg kulturlivet er i den lokale medieoffentlegheita, og korleis lokalkultur blir ivareteke og halde oppe.
Kulturell egenaktivitet som estetisk erfaring og lokal samfunnskraft
Prosjektleiar: Heidi Stavrum (Universitetet i Sørøst-Norge)
Samandrag:
Prosjektet undersøker kva eigenaktiviteten til vaksne amatørar i kulturfeltet betyr for deltakarane, og kva aktiviteten betyr for lokalt kultur- og samfunnsliv.
Gjennom ein kvalitativ studie av to korps og to kor ser forskaren på aktiitetar som skjer på stader i Noreg der det profesjonelle kulturtilbodet elles er lite tilgjengeleg.
Deltagarkultur som kulturdeltagande
Prosjektleiar: Mats Johansson (Universitetet i Sørøst-Norge)
Prosjektdeltakar: Ola K. Berge (Telemarkforsking)
Samandrag:
Prosjektet har som mål å gje betre forståing av kva kulturutøving og kulturbruk betyr sett frå deltakarane sitt perspektiv, med særleg vekt på folkemusikk og folkedans.
Gjennom intervju og deltakarobservasjon undersøker forskarane den uformelle, deltakarbaserte delen av folkemusikkscena. Dei ser nærare på kva som motiverer til aktiv deltaking, og kva faktorar som legg til rette for at folk kan delta. Studien er eit viktig bidrag til å forstå kva tilgjengelegheit til kultur er og kan vere.
Fra kulturbruker til kulturskaper. En komparativ studie av ungdomsmedvirkning hos kulturinstitusjoner i Østfold
Prosjektleiar: Fredrik Wilhelmsen (Østfoldmuseene)
Prosjektdeltakar: Marianne Løken (Østfoldmuseene)
Samandrag:
Prosjektet undersøker korleis ungdom opplever å delta i aktivitetar der kulturinstitusjonar brukar involvering og deltakarbasert design. Dette er eit metodisk grep for å engasjere ungdommar i kulturformidlinga til institusjonane.
Gjennom kvalitative intervju, deltakarobservasjon og dokumentanalyse kartlegg og vurderer forskarane kva effekt slike tiltak har. Dei ser òg på korleis ungdom sjølv opplever å delta i desse formidlingstilboda.
Alder ingen hindring? Et tilgjengelig kulturliv for eldre i samspill mellom kulturarenaer og lokale aktører
Prosjektleiarar: Gry Brandser og Anne Wally Ryan (Nord Universitet)
Samandrag:
Prosjektet undersøker tilgangen til kulturlivet for eldre, med særleg vekt på kulturbrukarar i den såkalla “tredje alderen» (67-79 år). Utgangspunktet er at kultur er eit offentleg velferdsgode, og at offentleg finansierte kulturarenaer har ansvar for inkludering og tilrettelegging for heile befolkninga.
Gjennom ein kvalitativ studie av utvalde regionale kulturarenaer er målet å få meir kunnskap om kva som kjenneteiknar kulturvanane til denne aldersgruppa, og korleis arenaene møter behova deira. Forskarane ser særleg på tilgjengelegheit av kulturtilbodet i samspelet mellom arenaene og kulturbrukarane.
Programplan
- download Last ned programplan
- download Last ned utlysningstekst
Relevante publikasjonar
Tverrfaglege perspektiv på kulturbruk, publikum og deltaking
Kulturpolitikken legg til grunn at kunst og kultur skal vere tilgjengeleg for alle, men kven er det eigentleg som deltek, og kvifor fell nokre utanfor? Kva kulturelle uttrykk og opplevingar blir ikkje fanga opp av måten vi måler kulturbruk på i dag?
Å telje er å velje
Telemarksforsking har på oppdrag fra Kulturdirektoratet gjennomført en kartlegging og vurdering av kunnskapen om kulturbruk i Norge.