Hopp til hovedinnhold

Samlingsforvaltning

Musea har store samlingar av gjenstandar, fotografi, bygningar og arkiv. Mange museum forvaltar i tillegg teknisk-industrielle anlegg, kulturlandskap og hageanlegg.

Totalt rapporterer musea om vel 5000 kulturhistoriske bygningar, 105 teknisk-industrielle anlegg, meir enn 21,6 millionar gjenstandar og nærare 35 millionar fotografi. 34 museum forvaltar ulike kulturlandskap, medan 42 museum har ansvar for hageanlegg. Musea har også store samlingar av private arkiv. I tillegg knyter det seg ei rekkje praksisar og tradisjonar til samlingane til musea som utgjer viktige delar av den immaterielle kulturarven.

Samlingsforvaltning er ein kjerneaktivitet for musea som omfattar innsamling, bevaring, dokumentasjon, registrering og tilgjengeleggjering av samlingane. I mange tilfelle er samlingsforvaltning også synonymt med vidareføring av handlingsbåra kunnskap. Mellom anna innanfor bygningsvernet er det mange døme på korleis materiell og immateriell kulturarv blir knytt saman gjennom forvaltninga til musea av samlingane.

Det er eit mål at arbeidet med samlingane er gjennomtenkt og tett knytt til resten av delane av museumsverksemda. God samlingsforvaltning føreset planar for verksemda, oversikt over samlingane, prioriteringar ressursar og kompetanse. Gjennom faglege råd, rettleiingar og standardar arbeider Kulturdirektoratet for ei profesjonalisering og kvalitetsheving av bygnings- og samlingsforvaltninga til musea.

Bygningsvern arrow_forward

Bilde fra lageret på Romsdalsmuseet
Bilde frå Romsdalsmuseet. Foto: Kulturdirektoratet