Hopp til hovedinnhold

Musikk- og scenekunststatistikk

Statistikken omfattar tal for publikum, aktivitet og økonomi frå musikk- og scenekunstverksemdene som mottar dei største statlege tilskota.

Kort om tala

Tala er samla inn frå verksemder som får tilskot over statsbudsjettet eller frå musikkfestivalordninga til Kulturrådet, samt tal frå Beaivváš Sámi Nášunálateáhter.

Statistikken inneheld tal frå 95 verksemder, som omfattar 40 festivalar og 55 øvrige musikk- og scenekunstinstitusjonar (teatre, operaselskap, orkestre, dansevirksomheter m.m.). 

Overordna statistikk

Nedanfor finn du verksemdenes publikums- og aktivitetstal, i tillegg til økonomital frå reknskapa til verksemdene. Du kan filtrere på årstal, verksemd, kunstfelt m.m. Om du vil sjå fullskjerm­visning kan du opne statistikken i ny fane.

Tal for kvar enkelt verksemd

Om du vil sjå tala for fleire verksemder samstundes, eller gjere andre typar dypdykk i tala, kan du det i ein eigen rapport.

Sjå tal for kvar enkelt verksemd

Kjelder og forklaringar

Verksemder i statistikken

Musikk- og scenekunststatistikken er under utvikling. I 2025 omfatter den musikk- og scenekunstvirksomheter som mottok statstilskudd på kap. 320, post 75 og kap. 323, post 70 i 2025, Riksteatret og Beaivváš, og musikkfestivaler som mottar minst 1 mill. kroner i virksomhetstilskudd i Kulturrådets musikkfestivalordning.

Alle verksemder har data med komplette tidsserier frå 2019 til 2025, med unntak av to verksemder som starta opp sin aktivitet i 2021 (Kloden Teater) og 2022 (Kvääniteatteri).

Desse verksemdene er med i statistikken

Verksemd Type verksemd
Barokkfest Festival
Beyond the Gates Festival
Borealis Festival
by:Larm Festival
Ekko Festival
Festspillene i Bergen Festival
Festspillene i Elverum Festival
Festspillene i Kristiansund Festival
Festspillene i Nord-Norge Festival
Førde folkemusikkfestival Festival
Jørn Hilme-stemnet Festival
Kongsberg Jazzfestival Festival
Kulturfestivalen Peer Gynt Festival
Lofoten Internasjonale Kammermusikkfest Festival
Maijazz Festival
Márkomeannu Festival
Melafestivalen Festival
Moldejazz Festival
Nattjazz Festival
Nordland Musikkfestuke Festival
Nordlysfestivalen Festival
Norsk Countrytreff Festival
Notodden Bluesfestival Festival
Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival Festival
Oslo Jazzfestival Festival
Oslo Kammermusikkfestival Festival
Oslo World Festivalen Festival
Pstereo Festival
Riddu Riddu Festivála Festival
Risør kammermusikkfest Festival
Sildajazz Festival
Stavanger Kammermusikkfestival Festival
Telemarkfestivalen Festival
Trondheim internasjonale Olavsfest Festival
Trondheim Jazzfestival Festival
Trondheim kammermusikkfestival Festival
Ultima Oslo Contemporary Music Festival Festival
Varangerfestivalen Festival
Vinterfestspill i Bergstaden Festival
Vossa Jazz Teater, opera, orkester, dans
Arktisk Filharmoni Teater, opera, orkester, dans
Beaivváš Sámi Nášunálateáhter Teater, opera, orkester, dans
Bergen Nasjonale Opera Teater, opera, orkester, dans
BIT Teatergarasjen Teater, opera, orkester, dans
Black Box Teater Teater, opera, orkester, dans
Brageteatret AS - Regionteater for Buskerud Teater, opera, orkester, dans
Carte Blanche AS Teater, opera, orkester, dans
Dansens Hus AS Teater, opera, orkester, dans
Den Nationale Scene A/S Teater, opera, orkester, dans
Den Norske Opera & Ballett as Teater, opera, orkester, dans
Det Norske Blåseensemble anno 1734 Teater, opera, orkester, dans
Det Norske Kammerorkester Teater, opera, orkester, dans
Det Norske Solistkor Teater, opera, orkester, dans
Det Norske Teatret Teater, opera, orkester, dans
Det Vestnorske Teateret AS Teater, opera, orkester, dans
Edvard Grieg Korene Teater, opera, orkester, dans
Figurteatret i Nordland Teater, opera, orkester, dans
Grenland Friteater / Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival Teater, opera, orkester, dans
Hålogaland Teater Teater, opera, orkester, dans
Haugesund Teater AS Teater, opera, orkester, dans
Kilden teater og konserthus Teater, opera, orkester, dans
Kloden Teater Teater, opera, orkester, dans
Kvääniteatteri Teater, opera, orkester, dans
Musikkselskapet Harmonien Teater, opera, orkester, dans
Nasjonal Jazzscene Teater, opera, orkester, dans
Nationaltheatret Teater, opera, orkester, dans
Nordic Black Theatre Teater, opera, orkester, dans
Nordland Teater AS Teater, opera, orkester, dans
Opera Nordfjord, Stiftinga Teater, opera, orkester, dans
Opera Østfold Fredriksten Festning Teater, opera, orkester, dans
Opera Trøndelag Teater, opera, orkester, dans
Operaen i Kristiansund AS Teater, opera, orkester, dans
Oscarsborg Operaen, Stiftelsen Teater, opera, orkester, dans
Oslo-Filharmonien Teater, opera, orkester, dans
Østfold Internasjonale Teater Teater, opera, orkester, dans
Riksscenen for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans Teater, opera, orkester, dans
Riksteatret Teater, opera, orkester, dans
Ringsakeroperaen, Stiftelsen Teater, opera, orkester, dans
Rogaland Teater AS Teater, opera, orkester, dans
Rosendal Teater Teater, opera, orkester, dans
Samovarteateret Teater, opera, orkester, dans
Scene Finnmark Teater, opera, orkester, dans
Stavanger Symfoniorkester Teater, opera, orkester, dans
Stella Polaris Teater, opera, orkester, dans
Studium Actoris Teater, opera, orkester, dans
Teater Ibsen - Telemark og Vestfold Regionteater AS Teater, opera, orkester, dans
Teater Innlandet AS Teater, opera, orkester, dans
Teater Manu Teater, opera, orkester, dans
Teater Vestland AS Teater, opera, orkester, dans
Teatret Vårt - AS Regionteateret i Møre og Romsdal Teater, opera, orkester, dans
Trøndelag Teater AS Teater, opera, orkester, dans
Trondheim Symfoniorkester & Opera Teater, opera, orkester, dans
Trondheimsolistene Teater, opera, orkester, dans
Turnéteatret i Trøndelag Teater, opera, orkester, dans
Unge Viken Teater Teater, opera, orkester, dans

Definisjonar av felta i statistikken

Samla publikum

Samla publikum er talet på publikum på verksemda sine konsertar, forestillingar, formidlingsaktivitetar og andre publikumsretta arrangement i løpet av året. Publikum blir telt per arrangement. Samme person kan derfor bli telt fleire gongar dersom hen deltar på fleire arrangement. Publikum på samproduksjonar som er formidla av ein samarbeidspartner, er ikkje inkludert i tala.

Samla aktivitet

Samla aktivitet er talet på konsertar, forestillinger, formidlingsaktiviteter og andre arrangement.

Aktivitet på egen arena og hjemkommune

Aktivitet på eigen arena og heimkommune er konsertar, framsyningar og formidlingsaktivitetar som verksemdene gjennomfører på eigen arena og heimkommune.

Aktivitet på turné i Noreg

Aktivitet på turné i Noreg er konsertar, framsyningar og formidlingsaktivitetar som verksemdene gjennomfører utanfor eigen arena og heimkommune. Festivalane rapporterer ikkje på turnéverksemd og er ikkje inkluderte i turnétala.

Aktivitet på turné i utlandet

Aktivitet på turné i utlandet er konsertar, framsyningar og formidlingsaktivitetar som verksemdene gjennomfører utanfor Noreg. Festivalane rapporterer ikkje på turnéverksemd og er ikkje inkluderte i turnétala.

Samla aktivitet for barn og unge

Samla aktivitet for barn og unge er summen av arrangement og aktivitetar for personar under 18 år. Tala omfattar både arrangement i regi av Den kulturelle skolesekken i grunnskulen og i vidaregåande skule og andre arrangement for barn og unge.

Selde billettar

Selde billettar er talet på billettar verksemda sel til arrangementa sine i løpet av året. Fribillettar og publikum utan billett blir ikkje rekna med. Festivalar opererer ofte med festivalpass som gir inngang på meir enn eitt arrangement, og gjer sjølv anslag på fordelinga av besøk på enkeltarrangement.

Sponsorbillettar

Sponsorbillettar er billettar som inngår som motyting for eit pengebidrag.

Fribillettar

Fribillettar er alle gratisbillettar som ikkje er knytt til sponsorverksemd.

Ubillettert publikum

Ubillettert publikum er talet på personar som har vore til stades på arrangement utan å ha løyst billett.

Gratispublikum

Gratispublikum er summen av sponsorbillettar, fribillettar og ubillettert publikum.

Eigeninntekter

Egeninntekter er inntektene for verksemda frå eigen aktivitet, og omfattar mellom anna billettinntekter, sal av varer og tenester, utleige, sponsorinntekter, gåver og honorar. Eigeninntekter omfattar også finansinntekter.

Utleige, servering og andre eigeninntekte

Utleie, servering og andre eigeninntekter er eigeninntektene for verksemda som ikkje er billettinntekter, gåver og sponsorinntekter.

Gåver

Gaver er pengebidrag utan avtalte motytingar. Omfattar også bidrag frå private fond og stiftingar.

Sponsorinntekter

Sponsorinntekter er pengebidrag med avtalte motytingar.

Offentleg tilskot

Offentleg tilskot er midlar verksemda får frå ein offentleg tilskotsgivar, til dømes Kultur- og likestilingsdepartementet, Kulturdirektoratet, Kulturrådet, fylkeskommunar, kommunar og Den kulturelle skolesekken.

Riksteatret får ikkje statstilskot i form av ei overføring av midlar, men får oppgitt ei ramme i statsbudsjettet som dei må halde seg innanfor. I musikk- og scenekunststatistikken er ramma, i form av nettoløyvinga, rekna som offentleg tilskot.

Lønnskostnader

Lønnskostnader er kostnadene for verksemda til lønn i løpet av året, og omfattar arbeidsgivaravgift og feriepengar, men ikkje pensjonskostnader.

Husleige, pensjon og andre driftskostnader

Husleie, pensjon og andre driftskostnader omfattar dei samla kostnadene for verksemda som ikkje er lønnskostnader, inklusive pensjonskostnader og finanskostnader.

Gjennomsnittleg billettpris

Gjennomsnittleg billettpris er berekna ved å dele samla billettinntekter på talet påselde billettar. Fribillettar, sponsorbillettar og ubillettert publikum er haldne utanfor.

Offentleg tilskot per besøk

Offentleg tilskot per besøk er berekna ved å dele samla offentleg tilskot på samla publikum.

Kjelder for talgrunnlaget

I dei fleste tilfelle er tala henta frå rapporteringar til tilskotsgivar om bruk av tilskot. Ved manglar er tala henta frå årsmeldingar m.m.

Oppdateringar av statistikken

Musikk- og scenekunststatistikken blir oppdatert kvart år.

Bruk av tala

Ved bruk av statistikken skal Kulturdirektoratet bli oppgitt som kjelde.