Hopp til hovedinnhold

Spørsmål og svar om innkjøpsordningane for litteratur

Her finn du svar på ofte stilte spørsmål om innkjøpsordningane.

Påmelde og innkjøpte bøker

Kvar finn eg oversikt over påmelde og innkjøpte bøker?

Du finn oversikt over påmelde og innkjøpte bøker i vedtakslista:

  • Vel den innkjøpsordninga du vil sjå lister for.
  • Vel årstal og søknadsrunde for å avgrense søkjeresultatet til den runden du er interessert i.

Alle påmelde bøker blir viste i lista, med status som anten innvilget, avslått eller ubesluttet. Viss ein tittel har status som ubesluttet betyr det at det ikkje er gjort vedtak enno.

Merk at vedtakslista er under utvikling. Det betyr at det vil komme forbetringar i t.d. søk og filtrering etter kvart.

Gå til vedtakslista

For bibliotek

Korleis blir bøkene sende til biblioteka?

Forlag og andre utgivarar som har fått innkjøpt titlar på innkjøpsordningane sender bøkene til Biblioteksentralen. Biblioteksentralen sender bøkene vidare til biblioteka.

Kva bibliotek kan få bøker?

Norske folkebibliotek får bøker gjennom ordninga, i tillegg blir bøker sende til enkelte skulebibliotek.

Kven kontaktar eg med spørsmål om fordeling av bøker?

Førespurnader som gjeld tildeling og fordeling av kulturfondbøker blir gjorde til bibliotekutvikling@nb.no.

Kven kontaktar eg for å endra adresse?

Førespurnader om adresseendringar blir gjorde til bibliotekutvikling@nb.no.

Kvifor får biblioteka bøker frå Biblioteksentralen og ikkje direkte frå utgivarane?

Biblioteka får bøker frå Biblioteksentralen fordi Kulturrådet har ein avtale med dei om å senda bøkene til biblioteka. Dette gjer det enklare for biblioteka, sidan dei berre treng å forhalda seg til éin distributør, og ikkje til mange ulike. 

Spørsmål om levering, adresseendring, eller plasting av bøker rettast til Biblioteksentralen.

Kor lenge skal bøkene vera tilgjengeleg i biblioteket?

Biblioteka er forplikta til å behalda og formidla bøkene som blir kjøpte inn i fem år. Utgivingsåret blir rekna som det første året.

Biblioteka har ikkje oppbevaringsplikt på bøker som er mottekne, men som seinare blir vedteken avslått.

Dersom ei påmeld bok blir vedteken avslått skal tilgangen til e-boka stengjast når igangsette utlån er utgåtte.

Kor lang tid går det frå utgiving til bøkene kjem til biblioteka?

E-bøker skal leverast til Biblioteksentralen på utgivingsdato og deretter tilgjengeleggjerast for biblioteka med ein gong.

Trykte bøker skal normalt leverast til Biblioteksentralen på utgivingsdato. Biblioteksentralen plastar og pakkar bøkene, og sendar dei deretter så raskt som mogleg vidare til biblioteka. Det tek normalt ca. to månader frå utgivingsdato til ein tittel er distribuert til alle bibliotek.

Korleis får eg oversikt over når bøkene blir sende ut til biblioteka?

Informasjon om puljesendingane til biblioteka blir fortløpande send ut av Biblioteksentralen.

Informasjonen er også å finna på Biblioteksentralens nettsider.

Er det mogleg å få innkjøpte titlar også som e-bøker?

Dei aller fleste titlane blir kjøpte og distribuerte også som e-bøker, sjå oversikt på Biblioteksentralens nettsider, og dessutan fordeling på fylkesnivå på Nasjonalbibliotekets nettsider. Unntaket er biletbøker.

Kven er det som bestemmer kva bøker som blir kjøpte inn?

Kulturrådet og fagleg utval for litteratur vedtek retningslinjer for innkjøpsordningane, og det er fire vurderingsutval som har delegert styresmakt til å gjera vedtak om innkjøp eller avslag:

  • Vurderingsutvalet for skjønnlitteratur for barn og unge
  • Vurderingsutvalget for prosa for vaksne
  • Vurderingsutvalget for lyrikk
  • Vurderingsutvalget for dramatikk

Kva for nokre skjønnlitterære titlar blir innkjøpte og sende til biblioteka?

Biblioteka får tilsendt titlar som kjem ut som originalverk i søknadsåret. Med skjønnlitteratur siktar ein til romanar, noveller, kortprosa, lyrikk, biletbok, dramatikk i bokform, filmmanus og TV-manus.

Titlane omfattar også gjendiktingar av lyrikk til norsk og nyare titlar omsett frå samisk og nasjonale minoritetsspråk til norsk.

For skulebibliotek

Kva er Kulturrådets skulebibliotekordning?

Ordninga kjøper inn kulturfondbøker til skulebibliotek i grunnskulen. Formålet er å gi barn og unge tilgang til eit større utval av nye norske bøker gjennom skulebiblioteket.

Kan eg melda på skulebiblioteket mitt?

Perioden 2024-2026 omfattar 540 skulebibliotek. Ny søknadsrunde for perioden 2027-2029 blir lyst ut i løpet av 2026.

Kva boktitlar blir sende til skulebiblioteka?

Skulebiblioteka får dei same barne- og ungdomsbøkene som blir kjøpte inn til folkebiblioteka. Titlane omfattar skjønnlitteratur, sakprosa, teikneseriar og omsett litteratur.

Kva gjer eg viss kontaktpersonen ved skulebiblioteket er endra?

Send ein e-post til post@kulturdirektoratet.no med ny kontaktinformasjon.

Kor lenge skal bøkene vera tilgjengeleg i skulebiblioteka?

Skulebiblioteka forpliktar seg til å oppbevara og formidla dei innkjøpte bøkene i fem år. Utgivingsåret blir rekna som det første året.

Når blir bøkene sende ut til skulebiblioteka?

Det blir sendt ut ca. åtte puljar i året med barne- og ungdomslitteratur. Informasjon om puljesendingane finst på Biblioteksentralens nettsider, sjå fanen Kulturfond.

Kor mange titlar blir sende til skulebiblioteka?

Barneskular får rundt 120 titlar per år og ungdomsskular litt færre titlar. Talet avheng av kor mange titlar som blir kjøpte inn av utvala, og kan variera frå år til år.

Kva aldersgrupper er bøkene retta mot?

Barneskular og 1.-10.-skular får bøker som er berekna på 1.-10. trinn, medan ungdomsskular får bøker som er berekna på 5.-10. trinn.

Når skal eg rapportera for skulebibliotek?

Skulebiblioteka som er med på ordninga, må senda inn ein rapport på slutten av året. Ein rapport skal sendast inn kvart år i dei tre åra som prosjektperioden varer.

For forlag

Skal eg søkja på automatisk eller selektiv ordning – og kva er forskjellane?

Selektiv ordning

Her blir boka vurdert før utsending. Denne ordninga gjeld for mindre utgivarar av ny norsk skjønnlitteratur. De kan melda på inntil tre titlar per søknadsfrist.

Det er ikkje mogleg å melda på bøker på både den automatiske og den selektive innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur for same målgruppe innanfor same utgivingsår.

Unntak

For bøker omsett frå samisk og nasjonale minoritetsspråk (kvensk, romani og romanes) til norsk, gjeld ikkje påmeldingskvoten på inntil tre titlar per søknadsfrist.

Automatisk ordning

Denne ordninga gjeld for alle andre forlag og i alle andre tilfelle. Det er ikkje mogleg å melda på bøker på både den automatiske og den selektive innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur for same målgruppe innanfor same utgivingsår.

For forfattarar

Korleis får eg som forfattar vita om boka er innkjøpt?

Når boka er vurdert, får forlaget ei vedtaksmelding så raskt som mogleg. Vedtakslister blir også lagde ut på nettsidene til Kulturdirektoratet og Biblioteksentralen etter kvart møte. Spørsmål om vedtak må rettast til forlaget.

Har det betydning for meg som forfattar om boka blir meld til dei automatiske eller selektive ordningane?

Ja, ved dei automatiske ordningane må forlaget betala forfattarhonnorar etter gjeldande tabellar, anten boka blir kjøpt inn eller ikkje. Denne forpliktinga gjeld ikkje for dei selektive ordningane.

Korleis skjer utbetalinga av forfattarhonoraret?

Forlaget sender faktura til Kulturrådet i samsvar med dei gjeldande betalingstabellane, og må betala forfattaren innan 14 dagar. Forfattaren beheld sin del av innkjøpet, sjølv viss søknaden blir avslått i dei automatiske ordningane. Forfattarens del skal ikkje trekkjast frå andre honorar.

Dei automatiske innkjøpsordningane for skjønnlitteratur

Kven kan melda på bøker til ordningane?

Forlag og utgivarar med norsk organisasjonsnummer kan søkja om innkjøp.

Kven er ordningane for?

Det er ikkje mogleg å melda på bøker på både den automatiske og den selektive innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur for same målgruppe innanfor same utgivingsår. Det er viktig at de som utgivar har inngått ein avtale med forfattaren og eventuelle andre opphavspersonar (som illustratørar eller gjendiktarar) før de søkjer.

Kva blir kjøpt inn?

I desse ordningane blir alle bøker som held høg nok litterær kvalitet kjøpt inn.

Finst det nokon økonomisk risiko ved avslag?

Forlaget må vera førebudd på å ta ein økonomisk risiko: Bøkene må leverast til Biblioteksentralen når dei blir gitt ut, og dei blir ikkje returnerte viss boka blir avslått. I så fall må forlaget betala tilbake heile beløpet, både sin eigen og forfattarens del.

Korleis søkjar ein?

Du må fylla ut eit elektronisk søknadsskjema og senda eitt trykt eksemplar av boka til kvar medlem i rett vurderingsutval. Søknadsskjemaet må vera sendt inn før utgivingsdatoen, og innan fristen, for at boka skal bli vurdert.

Når er søknadsfristane?

Søknadsfristen er den 15. i den oppgitte månaden, klokka 13.00. Brukarstøtte blir gitt innanfor ordinær arbeidstid.

Utgivingsdato Søknadsfrist
01. januar - 28. februar 15. desember
01. mars - 30. april 15. februar
01. mai - 30. juni 15. april
01. juli - 31. august 15. juni
01. september - 31. oktober 15. august
01. november - 31. desember 15. oktober

Dei selektive innkjøpsordningane for skjønnlitteratur

Kven kan melda på bøker til ordningane?

Forlag og utgivarar med norsk organisasjonsnummer kan søkja om innkjøp.

Kven er ordningane for?

Ordningane er for mindre utgivarar av ny norsk skjønnlitteratur. De kan melda på inntil tre titlar per søknadsfrist. Det er ikkje mogleg å melda på bøker på både den automatiske og den selektive innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur for same målgruppe innanfor same utgivingsår. For bøker omsett frå samisk og nasjonale minoritetsspråk (kvensk, romani og romanes) til norsk, gjeld ikkje påmeldingskvoten på inntil tre titlar per søknadsfrist.

Korleis søkjar ein?

Du må senda inn eit elektronisk søknadsskjema og eitt trykt eksemplar av boka til kvar medlem i rett vurderingsutval. Søknadsskjemaet må sendast innan fristen for at boka skal bli vurdert.

Når er søknadsfristane?

Søknadsfristen er den 15. i den oppgitte månaden, klokka 13.00. Brukarstøtte blir gitt innanfor ordinær arbeidstid.

Utgivingsdato Søknadsfrist
01. januar - 30. juni 15. februar
01. juli - 31. desember 15. august

Eg er både forfattar og utgivar av boka. Kva trengst i vedlegget som dokumenterer "redaksjonell kvalitetskontroll"?

Du må leggja ved ein kort uttale frå ein uavhengig konsulent som har lese og vurdert manuskriptet før utgiving.

Det blir stilt ingen formelle krav til kven som kan vera konsulent, så lenge vedkommande er habil. Det betyr til dømes at konsulenten ikkje kan ha økonomiske interesser i utgivinga.

Må eg levera boka som e-bok også?

Ja, alle bøker skal leverast og distribuerast som e-bok, unnateke biletbøker.

Ønskjer du unntak frå dette, må du senda ein grunngitt søknad om dispensasjon til post@kulturdirektoratet.no før du melder på boka.

Kor mange bøker kan eg melda på?

Ein forfattar kan vanlegvis melda på éi vaksenbok og éi barne-/ungdomsbok per kalenderår til innkjøpsordningane for skjønnlitteratur. Denne regelen gjeld både for dei selektive og automatiske ordningane samla. 

Ønskjer forlaget dispensasjon frå regelen, må det søkjast skriftleg til post@kulturdirektoratet.no før første utgiving. Dette gjeld også antologiar.

Forfattaren bruker pseudonym eller vil ikkje oppgi namn?

Det som blir skrive i påmeldingsskjemaet, blir synleg på Kulturdirektoratets og Biblioteksentralens nettsider, og dessutan i offentlege journalar.

Kor mange vurderingseksemplar skal eg senda?

Alle medlemmer av vurderingsutvalet, inkluderte vara og ekstralesarar, skal få eit eksemplar. Eksemplara blir ikkje returnerte.

Gjeld ordningane også for fotobøker og biletbøker med lite tekst?

Ja. Både bildebøker med tekst og tekstløse bildebøker (der illustrasjonene utgjør minst 50 % av boka) omfattes.

Kan eg melda på to- og fleirspråklege bøker?

Ja, det kan du.

Kan nyutgitte eldre bøker i ny språkdrakt meldast på?

Nei, det kan dei ikkje.  

"Ny" betyr at boka må vera eit originalverk gitt ut same år som søknadsåret. For dikt og novellesamlingar kan inntil halvparten av innhaldet vera tidlegare publiserte, men boka må vera eit nytt, samla verk. Gjendiktingar av lyrikk til norsk blir rekna som originalverk. 
Utgivingar som skjer etter forfattars bortgang, blir godkjende i inntil fem år, dersom krava elles er oppfylte.

Når blir det rekna ei bok som gitt ut?

Utgivingsdato er den dagen boka blir tilgjengeleg for sal i bokhandel og for publikum.

Kva viss utgivingsdatoen blir endra?

  • Viss boka kjem ut før utgivingsperioden som gjeld for søknaden, blir søknaden avvist.
  • Viss boka blir forsinka, kan du utsetja påmeldinga ved å senda e-post til post@kulturdirektoratet.no med ny utgivingsdato. Påmeldinga kan ikkje flyttast til neste kalenderår. Forlaget må då trekkja søknaden og eventuelt melde på boka på nytt.

Eg er usikker på sjanger eller målgruppe. Kva gjer eg?

Vel det du meiner er mest rett, og skriv ein kommentar i søknadsskjemaet. Send boka til det utvalet du meiner passar best.

Kva gjer vurderingsutvala?

Dei vurderer kvar bok sjølvstendig etter kriteria for ordninga. 
- Automatiske ordningar kjøper inn alle bøker som held kvalitet. 
- Selektive ordningar prioriterer innanfor eit budsjett.

Blir store og små forlag eller kjende og ukjende forfattarar behandla ulikt?

Nei. Alle bøker blir vurderte sjølvstendig etter kriteria.

Kor ofte møtest vurderingsutvala?

Det varierer:

  • Prosa vaksne: ca. 10 gonger per år
  • Barne- og ungdomslitteratur: 8–9 gonger per år
  • Lyrikk: 8–9 gonger per år
  • Dramatikk: éin gong per år

Korleis får eg svar på om boka er innkjøpt?

Når vurderingsutvalet har behandla boka og godkjent referat ligg føre, blir vedtak publisert i portalen. Vedtakslister blir også lagde ut på Kulturdirektoratets og Biblioteksentralens nettsider.

Korleis fakturerer eg rett?

Sjå "Faktura" på ordningas nettside. Den finn du under tilskotsordningar. Merk at beløpa kan variera med sjanger, målgruppe, målform og runda. Ved ei eventuell avkorting av forlagsutbetalinga går det ut melding om dette i etterkant av påmeldingsfristen, der forlaga får ein frist for å trekkja påmeldinga på bakgrunn av avkortinga.

Referansenummer står i stadfestinga du får ved innsending. 

Kvifor har me ikkje teke imot betalinga for faktura?

Vanlegvis blir ikkje faktura betalt før Kulturrådets sekretariat har fått stadfesta at bøkene er leverte til Biblioteksentralen. Om du meiner bøkene er leverte, ta kontakt med Biblioteksentralen – det kan vera feil i til dømes e-bok-fil.  

Hugs at faktura skal ha 30 dagars betalingsfrist, men behandling kan ta lengre tid i feriar.

Korleis går utbetaling føre seg av forfattarhonoraret?

Forlaget fakturerer Kulturrådets sekretariat i samsvar med gjeldande satsar. Forlaget skal betala forfattaren innan 14 dagar. Forfattar beheld sin del sjølv ved avslag i dei automatiske ordningane. Utbetaling av forfattardel skal ikkje motreknast mot andre honorar.

Skal det fakturerast meirverdiavgift?

Nei, bøker til sluttbrukar er friteke frå meirverdiavgift.

Nyhetsbrev

Få informasjon om innkjøpsordningene rett i innboksen.

Meld deg på nyhetsbrev