Hopp til hovedinnhold

Kultur-kva-for-noko?

Er du i kontakt med ein statleg instans innan kultur? Har du fått tilskot og må bruke riktig logo på plakaten? Er du usikker på kven som er kven? Her får du ei oversikt som kan gjere det enklare.

Kva er Kulturdirektoratet?

Kulturdirektoratet er ein etat under Kultur- og likestillingsdepartementet. Direktoratet forvaltar ulike statlege tilskotsordningar på vegner av departementet. Andre oppgåver som er lagt til Kulturdirektoratet er å

  • leverere analysar og rapportar om kultursektoren
  • utvikle institusjonar og vareta kulturarv
  • vera nasjonal koordinator for mangfald i kultursektoren
  • leggje grunnlag for internasjonalt samarbeid

Kulturdirektoratet er sekretariat for Kulturrådet, Statens kunstnarstipend og Fond for lyd og bilete. Desse tre uavhengige organa gir tilskot etter kunst- og kulturfagleg skjønn på armlengds avstand frå styresmaktene. Armlengds avstand betyr at styresmaktene ikkje kan blande seg inn i kven som skal få tilskot.

Kva er Kulturrådet?

Kulturrådet er eit uavhengig organ som gir tilskot til kunst- og kulturprosjekt over heile landet. Kulturrådet forvaltar Norsk kulturfond gjennom rundt 40 tilskots- og innkjøpsordningar, og gir råd til staten i kulturspørsmål.

Rådet består av ti medlemmer som er utnemnde av Kongen i statsråd. Rådet utnemner rundt 25 utval som behandlar søknader eller påmelde titlar til innkjøpsordningane. Både rådet og utvala arbeider på armlengds avstand frå styresmaktene.

Kva er Norsk kulturfond?

Norsk kulturfond er pengane Kulturrådet rår over. Beløpet blir kvart år tildelt frå Stortinget etter forslag frå regjeringa. Norsk kulturfond består kvart år av omtrent éin milliard kroner.

Om du får tilskot frå Norsk kulturfond er det Kulturrådet som har fordelte midlane og det er Kulturrådets namn og logo du skal bruke ved kreditering.

Kva er Statens kunstnarstipend?

Statens kunstnarstipend er ei norsk statleg ordning som tilbyr stipend til profesjonelle kunstnarar. Stipenda blir tildelte av eit uavhengig utval. Utvalet består av fem medlemmer med varamedlemmer.

Kunstnarstipend blir tildelt frå eitt til ti år, og er retta mot kunstnarar i ulike fasar − frå yngre til etablerte. Søknadene blir vurderte av 20 ulike stipendkomitear. Komiteane leverer innstilling til utvalet, som gjer vedtak. 

Kva er Fond for lyd og bilete?

Fond for lyd og bilete er ein statleg ordning som gir tilskot til produksjon og formidling av lyd- og filmopptak. Midlane frå fondet skal fordelast til beste for rettshavarar innanfor musikk, scene og film.

Styret i Fond for lyd og bilete består av sju medlemmer. Kultur- og likestillingsdepartementet utnemner leiaren og dei andre styremedlemmene utnemnes etter forslag frå produsent-, opphavsretts- og utøvarorganisasjonar. Styret har fleire fagutval som vurderer søknadar og innstiller til styret, som gjer vedtak.

Her finn du logo til alle arrow_forward

Last ned logo til Kulturdirektoratet, Kulturrådet, Statens kunstnarstipend og Fond for lyd og bilete.