Hopp til hovedinnhold

Årsrapport Kulturrådet 2016

Ei oppsummering av Kulturdirektoratet i tekst og tal for 2016. I årsrapporten finn du oversikter i tal og tekst over alle tildelingane som vart gjort og ei skildring av Kulturdirektoratets aktivitetar gjennom året.
  • Forfattere Kulturdirektoratet
  • Utgiver Kulturdirektoratet
  • Utgivelsesår 2017

Det kom inn 20 483 søknader til alle ordningane i Kulturdirektoratet i 2016. Dette er ein auke på 116 frå 2015. Også i 2016 enda omlag 25 prosent av søknadane med tilskot. Det vil seie at 4953 prosjekt, kunstnarar, festivalar og kulturverksemder fekk prosjektstøtte eller stipend i året som gjekk. I tillegg blei det kjøpt inn meir enn 1000 bøker som blei fordelte til folkebiblioteka.

Kulturdirektoratet forvalta til saman over 1,4 milliardar kroner i 2016. Desse vart fordelt på:

  • Norsk kulturfond, 876 mill. kr
  • Statens kunstnarstipend, 319 mill. kr
  • Fond for lyd og bilete, 37 mill. kr
  • Museumsutvikling, 26 mill. kr
  • Andre oppgåver, inkl. Statens utstillingsstipend 6 mill. kr
  • Driftsutgifter 151 mill. kr

Støtte til kvar tredje søkjar frå Kulturfondet

Den største pengesekken Kulturdirektoratet forvaltar er Norsk kulturfond. Fondet var på 876 millionar kroner i 2016. Det kom inn 8434 søknader om støtte frå Kulturrådet. Dette var ein nedgang på 640 i høve til 2015. Ei årsak til dette kan vere omlegging frå fire til to søknadsfristar i året på nokre av støtteordningane. På musikkområdet var det ein nedgang på cirka seks prosent. Også på scenekunstområdet var det ein liten nedgang i talet på søknader. 

37 prosent av søknadene til Kulturfondet enda med tildeling. Dette er ein auke på to prosent i høve til 2015 og betyr at 3 248 prosjekt og bøker vart støtta og kjøpt inn. Dersom vi deler landet opp i landsdelar ser fordelinga av midlar slik ut:

Kunstnarstipend

Statens kunstnarstipend er den nest største pengesekken i Kulturdirektoratet og blir forvalta av Utvalet for Statens kunstnarstipend og garantiinntekter. Kunstnarstipenda skal leggje til rette for at enkeltkunstnarar skal kunne bidra til eit mangfaldig og nyskapande kunstliv. I 2016 kom det inn nesten 8 400 søknader om stipend. 901 av desse enda opp med å få stipend.

Stipenda blei fordelte slik mellom landsdelane:

Du kan lese meir om fordeling av midlar i 2016 og Kulturrådet sine aktivitetar i årsmeldinga.

Modernisering av søknadshandsaminga

Modernisering og omorganisering har vore to viktige stikkord for Kulturdirektoratet dei siste fire åra.  I 2016 vart den elektroniske søknadsportalen vidareutvikla og Altinn-portalen blei nytta til nye søknadsskjema. Dette medførte at alle søkjarane måtte logge seg inn med elektronisk ID via ID-porten. Dette gir betre skjema og rettleiingstekstar til søkjarane. Det gir i tillegg kortare sakshandsamingstid og raskare tilbakemelding til søkjarane om at søknaden er motteken.

Andre oppgåver i 2016

Kulturdirektoratet utfører også ei rekkje andre oppgåver. Fond for lyd og bilete fekk inn i overkant av 3000 søknader og delte ut 38,4 millionar kroner til 583 prosjekt i 2016.

På museumsfeltet har Kulturdirektoratet oppgåver knytte til utvikling, forvalting og rådgjeving. Ein viktig del er forvalting knytt til mål- og resultatstyring i sektoren. I tillegg fordeler Kulturdirektoratet spelemidlar til utvikling i museumssektoren. I 2016  vart det fordelt 23,6 millionar kroner til  58 prosjekt. Det kom inn 110 søknader.

Tabell 1: Tal på tildelingar - Norsk kulturfond - 2016

Landsdel

Søknader

Tildelingar

Prosent

Sørlandet

209

84

40%

Østlandet

4528

1630

36%

Vestlandet

1300

467

36%

Trøndelag

555

197

35%

Nord-Norge

547

219

40%

Utlandet

117

28

24%

Totalt

7256

2625

36%

Tabell 2: Søknadssum og tildelt sum - Norsk kulturfond 2016

Landsdel

Søknadssum

Tildelt sum

Prosent

Sørlandet

63 052 179

15 690 400

25 %

Østlandet

1 206 105 871

407 071 877

34 %

Vestlandet

479 636 162

116 423 770

24 %

Trøndelag

203 324 486

61 848 500

30 %

Nord-Noreg

176 547 008

49 399 466

28 %

Utlandet

22 237 629

2 226 000

10%

Totalt

2 150 903 335

652 660 013

30%

Tabell 3: Tal på søknader og tildelingar - Statens kunstnarstipend

Landsdel

Tal på stipendsøknader

Tildelte stipend

Prosent

Sørlandet

215

19

9 %

Austlandet

6040

618

10 %

Vestlandet

1367

133

10 %

Trøndelag

442

58

13 %

Nord-Norge

349

38

11 %

Utlandet

260

38

11 %

Publikasjoner

1967

Årsmelding Kulturrådet 1966

Her finn du Kulturrådets årsmelding frå 1966.

1968

Årsmelding Kulturrådet 1967

Her finn du Kulturrådets årsmelding frå 1967.

2003

Årsmelding Kulturrådet 2002

Her finn du Kulturrådets årsmelding frå 2002.

2005

Årsmelding Kulturrådet 2004

Her finn du Kulturrådets årsmelding frå 2004.

1985

Årsmelding Kulturrådet 1984

Her finn du Kulturrådets årsmelding frå 1984.

1984

Årsmelding Kulturrådet 1983

Her finn du Kulturrådets årsmelding frå 1983.