Hopp til hovedinnhold

Klima- og miljøprogram for kultursektoren

På oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet, har Kulturdirektoratet utvikla eit klima- og miljøprogram for kultursektoren. Programmet inneheld ei rekkje tiltak som skal støtte og auke berekraftsarbeidet i kulturlivet.
  • Forfattere Kulturdirektoratet
  • Utgiver Kulturdirektoratet
  • Utgivelsesår 2025

Oppdraget frå Kultur- og likestillingsdepartementet kom som eit svar på ei undersøking Kulturdirektoratet gjorde tidleg i 2024, som viser at sjølv om 80 prosent av kulturverksemder i Noreg er opptekne av klima og miljø, har halvparten av verksemdene ikkje innført aktivitetar eller program for å tilpasse seg eit endra klima. 70 prosent meiner dei bør gjere meir, og like mange meiner at staten bør ta ei pådrivarrolle.  

Programmet er basert på ein vesentlegheitsanalyse for å sikre at innsatsen blir prioritert på dei områda som vil gi størst effekt. Programmet tek omsyn til at det er store forskjellar mellom aktørane i kultursektoren, og adresserer ressursbehov og omstillingskostnader, som det blir opplyst at er dei største barrierane for grøn omstilling i sektoren.  

Program og tiltak er utarbeidd i dialog med sektor og sentrale aktørar nasjonalt og internasjonalt. Kulturtanken og Norsk filminstitutt har vore med i arbeidsgruppa til programmet.

Publikasjoner

2024

Klima- og miljøarbeid i kultursektoren

I denne rapporten fra 2024 har vi kartlagt i kva grad kulturverksemder i Noreg er eller vil bli ramma av konsekvensane av klimaendringane, kva tiltak som blir gjorde for å møte desse utfordringane, og kva som er dei største hindera for grøn omstilling i kultursektoren.

2026

Arv etter visuelle kunstnere Ta vare eller la fare?

På oppdrag fra Kulturrådet har TSL Analytics og forskere fra OsloMet utredet hvordan arven etter visuelle kunstnere håndteres i dag. De foreslår 16 tiltak for å styrke ivaretakelsen. Flere av tiltakene handler om å gi kunstnere og arvinger bedre informasjon.

1969

Årsmelding Kulturrådet 1968

Her finn du Kulturrådets årsmelding frå 1968.

1970

Årsmelding Kulturrådet 1969

Her finn du Kulturrådets årsmelding frå 1969.

1971

Årsmelding Kulturrådet 1970

Her finn du Kulturrådets årsmelding frå 1970.

1972

Årsmelding Kulturrådet 1971

Her finn du Kulturrådets årsmelding frå 1971.