Arkivet etter Hjula Væveri 1855-1957
Norsk teknisk museum: Arkivet dokumenterer ein av dei tidlegaste tekstilfabrikkane og ei nøkkelbedrift ved industriområdet langs Akerselva i Oslo.
Publisert 01. desember 2014 | Oppdatert 11. august 2025
Materialet gjev innblikk i korleis oppbygginga av industrien fann stad ved systematisk overføring av teknologi og kompetanse frå andre land og syner kor globalisert tekstilindustrien var allereie på 1800-talet. Samlinga med prøvebøker fortel kva tekstilar som vart vevd og trykt og i bruk som kvardagsklede for folk flest.
Arkivet fortel også om at eit stort tal kvinner fekk løna arbeid i tekstilfabrikkane, som ved dette la eit grunnlag for eit sjølvstendig liv og ein ny arbeidslivskultur.
Meir informasjon om arkivet hjå Teknisk Museum.
Nominasjon av Arkivet etter Hjula Væveri 1855-1957 (pdf)