Hopp til hovedinnhold

Gulatingslova - Codex Rantzovianus - ca 1250

Gulen kommune, Vestland fylkeskommune og det Kongelige Bibliotek: Codex Rantzovianus inneheld den komplette Gulatingslova og er skrive på norrønt, ikkje på latin. Lova er inndelt i bolkar med tema som dekkjer alle vitale samfunnsområde, slik som arv, odel, forsvar, giftarmål, kjøp/sal, kristenrett, landleige, straff ved drap, skade eller tjuveri m.m
Publisert 04. desember 2020 | Oppdatert 28. april 2026

Mange særnorske rettar som framleis vert halde i hevd, vart først nedskrive i Gulatingslova. Gulatingslova er også den eldste kjente og bevarte lovsamlinga i dei nordiske landa. Lovsamlinga er unik i europeisk rettstradisjon. Den er og eit vitne på den sterke egalitære tradisjonen vi har i norsk styresett, som går langt bakover i tid. Gulatingslova er eit unikt, vakkert illustrert manuskript, med stor nasjonal, nordisk, og internasjonal verdi.

Biblioteket i København har digitalisert manuskriptet, og Tusenårsstaden Gulatinget, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har publisert den digitale utgåva slik at den er tilgjengeleg på nett: Rantzau-boka.

Dette manuskriptet er i gotisk handskrift. Dei som ønskjer å lese Gulatingslova på meir forståeleg nynorsk kan finne ei digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket: Gulatingslovi av Knut Robberstad.

Les meir om Gulatingslova her

Se presentasjonen av nominasjonen ved lanseringen i desember 2020: