Når musikken tek form
- Authors Anja Nylund Hagen, Ragnhild Torvanger Solberg, Torgeir Uberg Nærland og Michael Francis Duch (red.)
- Publisher Fagbokforlaget
- ISBN 978-82-450-4723-3
- Publication year 2024
I tolv artiklar undersøker Når musikken tek form. Om skapande praksisar i musikk korleis og innanfor kva kontekstar musikk blir komponert, skapt og produsert i dag. Særleg tre tematikkar gjer seg gjeldande i dei skapande musikkpraksisane som artiklane tek føre seg: i) utvikling, utviding og utforsking av forståingar og arbeidsmetodar, ii) samskaping og kollektive skapingsprosessar og iii) musikkteknologiske praksisar.
Artiklane studerer musikk både innanfor og på tvers av ulike musikkfelt, fagtradisjonar og musikksjangrar, inkludert folkemusikk, improvisasjon, popmusikk, musikkteknologi, samtidsmusikk, tidlegmusikk, partiturmusikk, elektroakustisk musikk og postakusmatisk musikk. Detaljerte skildringar av arbeidsmetodar og kompositoriske strategiar blir kombinerte med studiar og diskusjonar som undersøker overordna perspektiv på omgrepsforståingar, utviklingstrekk, tradisjonar og kulturelle og samfunnsmessige forhold.
Boka spring ut av forskingsprogrammet Skapende praksiser i musikk (2021–2024), som er igangsett av Kulturrådet.