Dette kan du søkje på
Her får du oversikt over tilskotsordningar og internasjonale moglegheiter for deg som jobbar med film.
Tilskotsordningar
Fond for lyd og bilete har fleire ordningar der du kan søkje tilskot til ei breidd av audiovisuelle produksjonar. Desse ordningane er i hovudsak retta mot kortfilm og dokumentarfilm. Du kan først og fremst søkje midlar til produksjon og marknadsføring, men også noko utvikling.
Fond for lyd og bilete har ei eigen ordning for Film, der du kan søkje om tilskot til produksjon og formidling av kortfilm, dokumentarfilm, musikkvideo, kunstfilm og videokunst. Du kan også søkje om tilskot til tekstproduksjon for filmprosjekt innan alle format i denne ordninga.
I ordninga Fond for lyd og bilete Marknadsføring kan du søkje om tilskot til marknadsføringstiltak for ferdigstilte produksjonar innan kortfilm og dokumentarfilm.
I ordninga Fond for lyd og bilete Musikk, som gjeld prosjekt innen musikk- og lydkunstfeltet, kan du søkje om tilskot til komponering av musikk til film innan alle format.
Frå Kulturrådet kan du søkje tilskot til produksjon av dokumentarfilm som bidreg til å dokumentere og formidle kunnskap om kulturarv og historie i ordninga Kulturvern – prosjekter.
Les meir og søk tilskot
Her finn du retningslinjer og søknadsfristar for ordningane:
Kunstnarstipend
Statens kunstnarstipend deler kvart år ut stipend til kunstnarar for å gje dei høve til å vidareutvikle sitt kunstnariske virke og for at kunstnarisk virke skal kunne vera hovudsysselen deira. Kunstnarstipend blir tildelt frå eitt til ti år, og er retta mot kunstnarar i ulike fasar − frå yngre til etablerte.
Statens kunstnarstipend har også eit Diversestipend. Der kan du søkje om konkrete formål eller utgifter for den kunstnariske verksemda di, som til dømes kurs eller innkjøp av utstyr.
Kunstnere innen fiksjonsfilm, dokumentarfilm, hybridfilm, kortfilm, animasjon og kunstfilm kan søkje stipend innan kunstnergruppen filmkunstnarar.
I tillegg kan manusforfattere som skriv for film søkje stipend innan kunstnargruppa dramatikere. Fotografar og kamerabaserte kunstnarar innan filmområdet kan søkje stipend i kunstnargruppa fotografer. Kunstnarar innan filmfeltet kan også søkje stipend innan kunstnargruppane skodespelare og dukkespleare og for scenografar og kostymedesignarar.
Internasjonale moglegheiter
Det finst fleire program og ordningar som gir moglegheiter for internasjonalt samarbeid.
Kreativt Europa
Kreativt Europa er EUs program for dei kulturelle og kreative sektorane, og Norge er ein del av dette:
- Kreativt Europas medieprogram er spesifikt retta mot det audiovisuelle feltet og dekkjer heile bredden av audiovisuelle uttrykk det audiovisuelle feltet. Her kan du mellom anna søkje om produksjon, distribusjon og bransjeutvikling. Det er Norsk filminstitutt som rettleier søkjarar til Kreativt Europas medieprogram.
- Kreativt Europas kulturprogram gir norske kulturaktørar tilskot til samarbeid, nettverk, kompetanseheving og utveksling på tvers av landegrenser. Film kan vere ein mindre del av større kunst- og kulturprosjekt i desse ordningane. Det er Kulturdirektoratet som rettleier søkjarar til kulturprogrammet.
EØS-midlene
Kulturdirektoratet har også ansvar for EØS-midlene til kultur, som gjennom samarbeidsprosjekt og reisemidlar skal bidra til å og styrkjer kunst- og kultursamarbeid i Europa gjennom EØS-midlane til kultur. Film kan vere ein mindre del av større kunst- og kulturprosjekt også i desse ordningane.
Norsk-islandsk kultursamarbeid
Gjennom ordninga Norsk-islandsk kultursamarbeid, gir Kulturdirektoratet tilskot til samarbeidsprosjekt mellom norske og islandske kunstnarar, kulturarbeidarar, kulturinstitusjonar og organisasjonar. Her kan og filmfeltet søkje.