Musea i Noreg
Kvart år tek norske museum imot 11 millionar besøkjande. Kulturdirektoratet har eit særleg ansvar for oppfølging av dei musea som får statleg driftstilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet.
Museumslandskapet

Museumssektoren i Noreg er stor og mangearta. Nokre museum er store og har fleire hundre tilsette, medan andre er små og med eit fåtal tilsette.
Ved tusenårsskiftet var det om lag 500 museum som fekk tilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Sidan den gongen har det vorte gjennomført ei rekkje konsolideringsprosessar (kjende som Museumsreformen) som har resultert i at desse musea no er organiserte i 67 administrative einingar.
Over heile landet har desse prosessane påverka eigarstrukturar, eigedomsforhold, organisasjonsform og organisering.
Frå styresmaktenes side blir musea delte inn i to: dei 67 som får driftstilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet, og andre museum som får driftstilskot frå andre hald. Dette dreier seg om kommunale museum, universitetsmuseum, museum under andre departement eller private museum.
Kulturdirektoratet har hovudansvar for å følgje opp museum i førstnemnde kategori, men har overgripande syn på heile sektoren der det er formålstenleg.
Museumsstatistikk

Kulturdirektoratet samlar inn, behandlar og publiserer statistikk frå alle musea i Noreg med minst eitt fast årsverk.
Talmaterialet består av rundt 104 museum som til saman forvaltar 24 milliner gjenstandar, 47 millionar fotografi, 5 000 kulturhistoriske bygningar og som tek imot om lag 11 besøkjande årleg.
Les meir om museumsstatistikken
Kva er eit museum?
Den internasjonale museumsorganisasjonen ICOM definerer det slik:
Eit museum er ein ikkje-kommersiell, permanent institusjon i tenesta i samfunnet, som forskar på, samlar, konserverer, fortolkar og formidlar materiell og immateriell kulturarv. Musea er opne for publikum, tilgjengelege og inkluderande, og fremjar mangfald og berekraft. Dei opererer og kommuniserer etisk og profesjonelt, legg til rette for brei deltaking frå samfunnet og tilbyr varierte opplevingar for utdanning, underhaldning, refleksjon og kunnskapsdeling.
ICOMs museumsetiske regelverk
DigitaltMuseum
Kulturdirektoratet har støtta utviklinga av ein nasjonal infrastruktur som gir musea høve til å tilgjengeleggjere samlingane sine digitalt gjennom ein felles portal, DigitaltMuseum. Brukarane kan søkje i samlingane, få informasjon om og bilete av gjenstandane, i tillegg til å bidra med eigen informasjon. Statistikken for DigitaltMuseum viser at det samla årlege besøket har lege nokså stabilt på 5 millionar mellom 2020-2023.