Slik jobbar vi med tidsskrift og kritikk
Her finn du meir informasjon om korleis vi jobbar med tidsskrift og kritikk – og kva du kan søkje tilskot til.
Vi jobbar for å styrke den uavhengige kritikken og ein open og kunnskapsbasert samtale om kunsten, kulturen og oss sjølv som samfunn.
Det skal finnast mange typar allmennkulturelle tidsskrift i Noreg, på mange fagfelt og tema, og i mange former. Det skal òg vere mogleg for profesjonelle, frie kritikarar å jobbe grundig, kvalitetsbasert og aktivt, over tid.
Tilskotsordningar frå Kulturrådet
Kulturrådet sine tilskotsordningar for tidsskrift og kritikk skal styrke og utvide den offentlege ytrings- og refleksjonskulturen gjennom dei uavhengige tidsskrifta og kritikken.
Du kan søke drifts- eller prosjekttilskot. I søknadsskjema heiter dei produksjonstilskot, prosjekttilskot, eller arrangementstilskot.
Prosjekttilskot
Du kan søke tilskot til utveklings-, formidlings- og kompetansehevande tiltak.
Arrangementstilskot
Du kan søke tilskot til arrangement som styrkar kunst- og kulturkritikken, og debatten og den kritiske refleksjonen om kunst og kultur i norsk offentlegheit. Du kan òg søke tilskot til andre typar arrangement som bidreg til formålet til ordninga.
Produksjonstilskot
Produksjonstilskot er driftstilskot. Dette søker du om til fristen i september.
Du kan søke eitt- eller fleirårig produksjonstilskot for verksemda di innanfor tidsskrift og kritikk. Tilskotet blir gitt til dei som dokumenterer høg fagleg kvalitet, aktivitet, og kompetanse.
Tilskotet blir som hovudregel gitt til ein utgjevar. Men det kan bli gitt til andre, med avtale med ein redaktørstyrd publiseringsplattform.
Papirtidsskrift kan søke om innkjøp til bibliotek.
Innkjøp til bibliotek
Fagleg utval setter kvart år av ein sum til å kjøpe tidsskrift inn til bibliotek. Ordninga legg utvalets faglege vurderingar, og biblioteka sine eigne ønske og insentiv, til grunn for innkjøpet.
- arrow_forward Kulturrådets områdeplan for tidsskrift og kritikk 2025–2028
- arrow_forward Fagleg utval for tidsskrift og kritikk
Kunstnarstipend til kritikarar
Statens kunstnarstipend gir kvart år stipend for å utvekle seg som kunstnar over tid. Komiteen for kritikarar forvaltar heimlar for arbeidsstipend til kritikarar, samt ein pott til diversestipend.
Kunnskap om tidsskrift og kritikk
Etter kvar vedtaksrunde frå Kulturrådet, blir det skrive oppsummeringar med tal og tendensar. Dette er basert på statistikk, og referata frå utvalsmøta i fagleg utval for tidsskrift og kritikk. Sekretariatet for Kulturrådet skriv kvart år om tidsskrift og kritikk til Kulturrådets årsoppsummeringar. Fagleg utval for tidsskrift og kritikk har bestilt fleire forskingsrapportar på feltet.