Fersk essaysamling går tett på musikkskaping
Lyd laga spring ut av forskingsprogrammet «Skapende praksiser i musikk» (2021–2025), som har undersøkt korleis musikk blir komponert, skapt og produsert i samtidas Noreg. Forskingsantologien Når musikken tek form kombinerer musikkvitskapleg forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid for å kome tett på skapande praksisar.
Lyd laga held fram i dette praksisnære sporet, men i ei friare og meir tilgjengeleg essayform. Her er det aktørar frå musikkfeltet sjølve som fortel og reflekterer rundt eigne erfaringar, arbeidsmåtar og estetiske val.
– I forskingsprogrammet har vi heile vegen vore opptekne av å kome tett på praksisane. Samstundes såg vi at forsking åleine ikkje kunne fange heile breidda av uttrykk og skapande erfaringar som finst i musikkfeltet. Med Lyd laga løftar vi fram nye og andre stemmer enn dei som kom til orde gjennom forskingsutlysinga. Skaparane sine eigne erfaringar er ei viktig kjelde til kunnskap om korleis musikk blir til, seier redaktørane Anja Nylund Hagen og Ragnhild Torvanger Solberg.
Dei 15 bidragsytarane skriv fritt om eigne arbeidsmåtar, samarbeid og estetiske val. Dei er mellom anna artistar, komponistar, utøvarar, skribentar og produsentar. Essaya deira spenner frå kvenskprega pop, hiphop og hardcore punk til jazz, heavy metal, trekkspel, orgelimprovisasjon, notasjon, DJ-praksis og dirigering.
Samlinga er relevant og tilgjengeleg for alle som er opptekne av korleis musikk blir til – anten dei sjølve skaper, forskar på, formidlar eller lyttar til musikk.
Musikkskaparen som kunnskapsberar
Eit hovudpoeng i samlinga er at musikkskaparar ikkje berre er utøvarar eller intervjuobjekt, men kunnskapsberarar. Dei veit noko om korleis musikken blir til: om val, tvil, samarbeid, tradisjonar, verktøy, risiko og situasjonar der noko uventa oppstår.
Fleire av bidraga viser kor tett musikkskaping heng saman med kropp, språk, stad, identitet og kulturarv. Thea Thomassen, kjend som NANO BEY, fortel om korleis musikken hennar spring ut av arktisk landskap, kvensk arv og urban poppraksis, medan Oscar Blesson skriv, saman med Hall St. Indigo, om hiphop, språk, sorg og skriving som ein måte å skape orden i kaos på.
Andre bidrag går tettare på det musikalske handverket. B. Morten Christophersen viser korleis partituret kan vere ein stad for utforsking og idéutvikling. Ruth Bakke skriv om korleis orgelet sjølv formar kompositoriske val, medan Liliana Palanca Pereira, DJ Love Pump, skildrar DJ-praksis som lytting, vurdering og stemningsskaping i sanntid.

Musikk som prosess, ikkje berre produkt
Eit gjennomgåande tema i samlinga er at musikk ikkje berre er eit ferdig produkt. Musikk tek form gjennom relasjonar: mellom menneske, mellom kunstnar og kultur, mellom lyttar og verk, og mellom skapar og verktøy.
Essaya er på same tid konkrete. Bidragsytarane skriv om lyd, klang, rytme, stemme, improvisasjon, notasjon, instrumentbruk, teknologi og produksjonsteknikkar. Slik viser samlinga både dei personlege, sosiale, kontekstuelle og handverksmessige sidene ved musikkskaping.

Samla for første gong
Essaya har tidlegare vore publiserte enkeltvis på Kulturrådets nettsider. No er dei samla for første gong i Lyd laga. Tolv essay om musikkskaping. Samlinga er gjeven ut av Kulturrådet og er tilgjengeleg digitalt.
Lyd laga Tolv essay om musikkskaping
I denne essaysamlinga fortel femten musikkskaparar frå innsida av eigen praksis. Gjennom refleksjon kring prosessar, kontekstar, samarbeid, teknologiar og estetiske val gjev dei innblikk i korleis musikken deira tek form.
Bidragsytarar
Bidragsytarane i dei tolv essaya kjem frå ulike delar av musikkfeltet: Thea Thomassen (NANO BEY), Oscar Blesson, Hall St. Indigo, Eirik Hegdal, Torkjell Hovland, Lars Norberg, Håkon Ohlgren, Geir Sundstøl, B. Morten Christophersen, Liliana Palanca Pereira (DJ Love Pump), Sigrun Sæbø Åland, Almir Meskovic, Kari Iveland, Ruth Bakke og Halldis Rønning.
Redaktørar for samlinga er Ragnhild Torvanger Solberg og Anja Nylund Hagen.
Bakgrunn for samlinga
Lyd laga. Tolv essay om musikkskaping er ein del av Kulturrådets forskingsprogram «Skapende praksiser i musikk» (2021–2025). Programmet har òg resultert i forskingsantologien Når musikken tek form. Essaysamlinga supplerer forskinga ved å gje plass til skapande erfaringar, sjangrar, skrivemåtar og praksisar som det ikkje alltid blir forska på, eller som fell utanfor det typiske forskingsformatet.