Hopp til hovedinnhold

Janicke Kernland er ny seksjonsleiar for kulturarv og museum

Kernland kjem til Kulturdirektoratet med brei erfaring og eit sterkt engasjement for museumssektoren.
Publisert 27. oktober 2026

– Eg er veldig motivert for å leie det kompetente fagmiljøet innan kulturarv og museum i Kulturdirektoratet. Eg ser på meg sjølv som eit museumsmenneske fullt og heilt, så denne moglegheita måtte eg gripe, seier Janicke Kernland.

Kernland har tidlegare vore direktør ved Helgeland Museum og leidd Stadshal i Maastricht. Ho har òg hatt fleire internasjonale museumsstillingar. Kernland har mastergrad i visuell kommunikasjon frå Pratt Institute i New York og kunst- og handverksutdanning frå designhøgskulen i Luzern.

Tar over leiaransvaret i Bodø

Seksjon kulturarv og museum held til i Bodø og består av elleve tilsette. Seksjonen forvaltar tilskot til musea i det nasjonale museumsnettverket, og bidrar til utvikling av museumssektoren og med å ta vare på kulturarven i Noreg.

– Eg er veldig glad for at Janicke har takka ja til leiarjobben i Bodø. Ho har brei erfaring, og blir ein viktig ressurs i å styrkje samarbeidet med museums- og kulturarvssektoren, seier Torbjørn Urfjell, avdelingsdirektør for samfunn og arena i Kulturdirektoratet. 

Kernland tiltrer stillinga 16. november. 

Janicke Kernland

Janicke Kernland kjem frå rolla som direktør ved Helgeland Museum og jobbar no som sjølvstendig museumsrådgivar. Gjennom eige konsulentselskap har ho gitt råd til museum i fleire europeiske land. Ho har tidlegare leidd Stadshal i Maastricht, hatt stillingar ved museum i Dresden, og realisert utstillingar i New York. Kernland har mastergrad i visuell kommunikasjon frå Pratt Institute i New York og kunst- og handverksutdanning frå Höhere Schule für Gestaltung Luzern. Ho har også studert sørsamisk ved Nord universitet.