Rekordmange museumsbesøk i 2025

– Det er gledeleg å sjå at så mange besøkjer musea. Musea forvaltar og formidlar kunst, kulturarv og kunnskap og jobbar aktivt for å vere opne, inkluderande og relevante for alle, seier Torbjørn Urfjell, avdelingsdirektør for samfunn og arena i Kulturdirektoratet.
Musea som får tilskot over statsbudsjettet hadde rekordmange besøk i 2025, med rundt 7,5 millionar besøkjande, viser rapporten «Det nasjonale museumsnettverket i 2025». Det er 7 prosent fleire enn året før og det høgaste besøkstalet registrert dei ti siste åra.
Færre barn og unge på museum
Samtidig som besøkstala gjekk opp, gjekk andelen barn og unge som besøkte musea ned. Barn og unge stod for 21,8 prosent av besøkjande i 2025, mot 26,8 prosent i 2024. Det er den lågaste andelen på ti år.
Auka aktivitet innan forsking og formidling
I 2025 har musea rapportert om fleire typar kunnskapsarbeid enn før. Tala viser at musea deltek i fleire forskings- og utviklingsprosjekt, og at dei gir ut fleire publikasjonar som årbøker, antologiar og utstillingskatalogar.
Det utvida datagrunnlaget viser også tydelegare korleis musea bidreg i offentlegheita. Mange delar kunnskap gjennom intervju, podkastar, kronikkar og lesarinnlegg.
Det nasjonale museumsnettverket i 2025
Denne rapporten er utarbeidet på grunnlag av museenes statistikk- og årsrapportering for 2025, i tillegg til statistiske sammenstillinger og tidsserier som viser utviklingstrekk og prioriteringer over tid. Rapporten omfatter museene som mottar fast driftstilskudd fra Kultur- og likestillingsdepartementets budsjett.
Om rapporten
Rapporten «Det nasjonale museumsnettverket i 2025» omfattar 61 museum som får fast driftstilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementets. Til saman drifta desse musea 525 besøksarenaer i 2025.
Rapporten byggjer på statistikk- og årsrapporteringa til musea for 2025. Den viser utviklinga i sektoren over tid og gir innsikt i arbeida og prioriteringane til musea.
Kulturdirektoratet kvalitetssikrar kvart år rapportar frå musea på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Kunnskapen blir brukt som grunnlag for råd og vurderingar til departementet.