Hopp til hovedinnhold

Ny lydzine byggjer vidare på Kulturrådets forsking om korleis musikk tek form

Bilete av Sigrun Sæbø Åland, som har skrive eitt av essaya i essaysamlinga til forskingsprogrammet. Foto: Privat
Korleis blir musikk til, og kva formar måten kunstnarar arbeider på? Ein ny lydzine frå Ultima Oslo Contemporary Music Festival fører vidare forskinga frå Kulturrådets program Skapende praksiser i musikk.
Publisert 06. oktober 2026

På Listen-Up møttest komponistar, låtskrivarar, improvisatørar, produsentar og utøvarar frå ulike sjangrar og generasjonar. Dei delte erfaringar frå det kunstnarlege arbeid sitt og utforska spørsmål som kvar og korleis tek musikken deira form, kven og kva påverkar den skapande praksisar – og korleis møter kunstnarane publikum og verda rundt seg?

I staden for ei tradisjonell boklansering med innlegg og panelsamtalar møttest deltakarane i sjølvstyrte samtalar i fire ulike rom. Alle samtalane vart tatt opp og sett saman til ein lydzine. Lydzinen – eit lydmagasin i podkastformat – gjer no desse samtalane tilgjengelege for fleire.

Lydzinen gjev eit innblikk i skapande prosessar som publikum sjeldan får tilgang til i eit nytt og annleis format. Samstundes fører han vidare samtalen om korleis musikk blir til, og om vilkåra for å skape musikk i dag.

Lydzinen byggjer på arrangementet Listen-Up! frå 2025, som Ultima Oslo Contemporary Music Festival og Kulturrådet arrangerte under Ultima-festivalen. Arrangementet tok utgangspunkt i boka Når musikken tek form. 

Boka spring ut av Kulturrådets forskingsprogram Skapende praksiser i musikk (2021–2024). I tolv artiklar undersøker forskarar og kunstnarar korleis musikk blir komponert, skapt og produsert i Noreg i dag. Dei ser mellom anna på utvikling av arbeidsmetodar, samskaping og kollektive prosessar og kva rolle teknologi spelar i musikkskapinga.

2024

Når musikken tek form

Musikk blir skapt til ulike formål, i ulike rom, av ulike aktørar og i prosessar der eit mangfald av metodar, materiale, teknologiar og formidlingsformer blir tekne i bruk. Skapande praksisar kan handle om musikk som partitur eller skrift, musikk som innspelt eller levande lyd eller musikk som utøvande, improvisert eller kroppsleg handling. Men kva kjenneteiknar eigentleg dei måtane musikk blir skapt på i Noreg i vår tid?

Medverkande er Anja Lauvdal, Berit Opheim, Inger Hannisdal, Ivar Grydeland, Jenny Hval, Jøran Rudi, Mohamed Chakiri, NING, ONLY SLIME, Sanskriti Shrestha, Sara Övinge, Solmund Nystabakk, Susanna Wallumrød, Ulf S. Holbrook og Viktor Bomstad. Samtalane er på engelsk.