Hopp til hovedinnhold

Når musikken tek form

Musikk blir skapt til ulike formål, i ulike rom, av ulike aktørar og i prosessar der eit mangfald av metodar, materiale, teknologiar og formidlingsformer blir tekne i bruk. Skapande praksisar kan handle om musikk som partitur eller skrift, musikk som innspelt eller levande lyd eller musikk som utøvande, improvisert eller kroppsleg handling. Men kva kjenneteiknar eigentleg dei måtane musikk blir skapt på i Noreg i vår tid?
  • Forfattere Anja Nylund Hagen, Ragnhild Torvanger Solberg, Torgeir Uberg Nærland og Michael Francis Duch (red.)
  • Utgiver Fagbokforlaget
  • ISBN 978-82-450-4723-3
  • Utgivelsesår 2024

I tolv artiklar undersøker "Når musikken tek form" om skapande praksisar i musikk korleis og innanfor kva kontekstar musikk blir komponert, skapt og produsert i dag. Særleg tre tematikkar gjer seg gjeldande i dei skapande musikkpraksisane som artiklane tek føre seg: i) utvikling, utviding og utforsking av forståingar og arbeidsmetodar, ii) samskaping og kollektive skapingsprosessar og iii) musikkteknologiske praksisar.

Artiklane studerer musikk både innanfor og på tvers av ulike musikkfelt, fagtradisjonar og musikksjangrar, inkludert folkemusikk, improvisasjon, popmusikk, musikkteknologi, samtidsmusikk, tidlegmusikk, partiturmusikk, elektroakustisk musikk og postakusmatisk musikk. Detaljerte skildringar av arbeidsmetodar og kompositoriske strategiar blir kombinerte med studiar og diskusjonar som undersøker overordna perspektiv på omgrepsforståingar, utviklingstrekk, tradisjonar og kulturelle og samfunnsmessige forhold.

Boka spring ut av forskingsprogrammet Skapende praksiser i musikk (2021–2024), som er igangsett av Kulturrådet.

Les mer om forskningsprogrammet Skapende praksiser i musikk

Publikasjoner

2025

Introduction: The changing landscape of music creation

This chapter explores how music is created today – through fluid roles, new technologies and collaborative processes – and brings together two research traditions, musicology and artistic research, to understand creative music practices from both the inside and the outside.

2026

Lyd laga Tolv essay om musikkskaping

I denne essaysamlinga fortel femten musikkskaparar frå innsida av eigen praksis. Gjennom refleksjon kring prosessar, kontekstar, samarbeid, teknologiar og estetiske val gjev dei innblikk i korleis musikken deira tek form.

2025

Musikk i tall 2023

Musikk i tall er en årlig publikasjon som gir verdifull innsikt i den økonomiske utviklinga på musikkmarkedet. Fra 2012 til 2022 var rapporten en del av Kunst i tall.

2024

Fellesskap, konflikt og politikk

Kulturpolitikken tar for gitt at kunst og kultur bidrar til fellesskap. Men hvilke fellesskap dreier det seg om? Og hva er egentlig forholdet mellom fellesskap og konflikt i kulturlivet?

2023

Festivalpolitikk i endring

Evaluering av Kulturrådets tilskuddsordninger for festivaler.