Hopp til hovedinnhold

Gi innspel om levande tradisjonar i Noreg

Den nordiske klinkbåttradisjonen er ein del av den immaterielle kulturarven i Noreg. No ber vi om innspel til korleis det går med alle dei levande tradisjonane, slik at vi kan rapportere til UNESCO. Foto: Adnan Icagic / Forbundet Kysten
Kulturdirektoratet skal rapportere til UNESCO om korleis Noreg tek vare på og vidarefører immateriell kulturarv. Vi inviterer organisasjonar, fagmiljø og andre interesserte til å komme med innspel til rapporten.
Publisert 04. november 2026

Immateriell kulturarv er levande tradisjonar, uttrykk, kunnskap og ferdigheiter som blir førte vidare mellom generasjonar. Det kan vere alt frå songar, forteljingar, handverk, mattradisjonar og høgtider.

 – Immateriell kulturarv lever gjennom menneska som utøver, fører vidare og utviklar han. Derfor treng vi kunnskap frå tradisjonsberarane,  dei som kjenner tradisjonane og praksisane frå innsida, og frå aktørar som legg til rette for at kulturarven kan leve vidare, seier Torbjørn Urfjell, avdelingsdirektør for samfunn og arena i Kulturdirektoratet.

Bidra med erfaringane dine

Kulturdirektoratet startar no arbeidet med den neste rapporteringa til UNESCO om immateriell kulturarv i Noreg. Rapporten gir kunnskap som kan styrkje arbeidet med levande tradisjonar og bidra til deling av erfaring internasjonalt.

Til dette treng vi ulike erfaringar og perspektiv. Vi ønskjer innspel frå utøvarar, tradisjonsberarar, organisasjonar, fagmiljø, institusjonar og offentlege aktørar. Del gjerne erfaringar frå eigen praksis, miljø eller organisasjon. Du treng ikkje å ha oversikt over heile feltet for å bidra.

Innspela blir samla inn gjennom eit spørjeskjema med seks temadelar. Du vel sjølv kva du vil svare på, og kan lagre og redigere svara dine fram til fristen 1. februar 2027.  

Vil du førebu svara dine før du fyller ut spørjeskjemaet, kan du laste ned skjemaet som PDF:

Send inn dine innspel arrow_forward

Dette skjer vidare

Etter fristen brukar Kulturdirektoratet innspela til å skrive Noregs rapport til UNESCO. Kulturdirektoratet skal sende eit utkast av rapporten på ein siste innspelsrunde i midten av april 2027. Rapporten vil gje ei overordna framstilling. Han kan derfor ikkje gje att alle innspel i detalj, men alle svar blir tekne med i vurderinga. 

Digitale informasjonsmøte

Kulturdirektoratet inviterer til digitale informasjonsmøte om arbeidet med den periodiske rapporten til UNESCO.

Noter tidspunkta og meld deg på møta her:

Immateriell kulturarv og UNESCO

Noreg har slutta seg til UNESCOs konvensjon om vern av den immaterielle kulturarven. Derfor er vi forplikta til å rapportere kvart fjerde år om korleis konvensjonen blir følgt opp, og kva tiltak som er gjennomførte for å verne og vidareføre den immaterielle kulturarven.

Den endelege rapporten blir sendt til UNESCO 30. juni 2027. 

Les meir om immateriell kulturarv