Hopp til hovedinnhold

Kulturrådet med retningslinjer for bruk av KI i litteratur

Flere hvite bokhyller står på rekke og rad, fylt med bøker i ulike farger og størrelser. Bøkene er plassert vertikalt med ryggene vendt utover, og fotografiet er tatt i vinkel som fremhever dybden og den ryddige organiseringen. Bildet viser et lyst og strukturert bibliotek- eller bokhandelmiljø, og formidler ro, orden og mangfold i litteratur.
Bøker som heilt eller delvis er framstilte av kunstig intelligens kan ikkje kjøpast inn eller få tilskot frå ordningar for litteratur.
Publisert 30. oktober 2026
Kristian Seltun, leiar i Kulturrådet. Foto: Ida Bjørvik

– Vi ønskjer å vere tydelege på kva midlar frå Kulturrådet skal gå til. Kunstig intelligens er eit tema som rører kulturfeltet breitt, og som det stadig er viktige og kompliserte diskusjonar rundt. No er det eit særleg behov for klare retningslinjer på litteraturområdet, seier Kristian Seltun, leiar i Kulturrådet.

Dei nye reglane gjeld frå 2027 for alle innkjøpsordningane og ordningane for litteraturproduksjon og litteraturprosjekt.

– Dette har vore ein prioritet hos oss i fagutvalet ei god stund, og vi veit at feltet etterspør tydelegare reglar. Det er viktig for oss å verne om den menneskeskapte kunsten, seier Sigbjørn Skåden, medlem i Kulturrådet og leiar i fagleg utval for litteratur.

I dialog med litteraturfeltet

https://cdn.craft.cloud/3c8586ef-a64a-483f-a69e-e525b8ef3a35/assets/images/03-Pressebilder/02-RSU/Sigbjorn-Skaden-foto-mats-bakken.jpg
Sigbjørn Skåden, medlem i Kulturrådet og leiar i fagleg utval for litteratur. Foto: Mats Bakken

I arbeidet med retningslinjer for KI har Kulturrådet fått verdifulle innspel frå bransjeorganisasjonane og utvala som vurderer søknader og påmelde bøker.

– Dette er eit område i svært rask utvikling, som vi må følgje nøye med på. Vi kjem til å gjere justeringar når det trengst, og dialog med feltet er framleis viktig framover, seier Skåden.  

Dette betyr endringane

Bøker som heilt eller delvis er framstilte av kunstig intelligens (KI) kan ikkje kjøpast inn på innkjøpsordningane eller få prosjekt- eller produksjonstilskot. Dette gjeld både nyskriven litteratur, omsetjingar og illustrasjonar. Unntak kan vurderast for nyskriven litteratur i særskilde tilfelle der bruken er godt grunngjeven kunstnarleg eller fagleg.

Ei bok blir rekna som heilt eller delvis framstilt av kunstig intelligens når generativ KI har skrive eller omsett tekst, eller laga illustrasjonar som inngår i den ferdige utgivinga. Dersom KI fyller ut, omskriv eller omset delar av teksten, for eksempel ved å skrive ein overgang, utvide eit avsnitt eller føreslå ei avslutning, og dette blir ståande i den ferdige boka, er boka delvis framstilt av KI. Det same gjeld dersom KI har bearbeidd element i illustrasjonar.

Omsetjing framstilt ved bruk av maskinomsetjingsprogram, der heile eller delar av teksten er lasta inn i og omsett av programmet, for deretter å bli bearbeidd av ein omsetjar, språkvaskar eller redaktør i etterkant, blir rekna som framstilt av kunstig intelligens.

Bruk av KI som støttefunksjon i arbeidet blir ikkje rekna som framstilling. Dette kan for eksempel gjelde korrektur, synonymsøk, grammatikk- og syntakshjelp, omsetjing av enkeltord og uttrykk, eller bruk til research, idéutvikling eller som samtalepartnar.