Hopp til hovedinnhold

Skapande praksisar i musikk

Skapande praksisar i musikk er eit forskingsprogram frå Kulturrådet. Programmet undersøker korleis og innanfor kva konteksar musikk blir komponert, skapt og produsert i Noreg i dag.

Om programmet

Korleis musikk blir laga er i stadig utvikling. Det ser vi både i musikklivet, der nye uttrykk og arbeidsmåtar heile tida veks fram, og i søknadene som kjem inn til Kulturrådet. Forskningsprogrammet Skapande praksisar i musikk (2021–2025) vart til etter at Kulturrådet sitt musikkutval såg ei tydeleg utvikling i korleis musikk blei skapt og omtalt i søknader til fondet. Nye arbeidsmåtar, omgrep og kompetansar peika på eit behov for meir kunnskap om samtidige skapingsprosessar i musikken.

Programmet har hatt som mål å utvikle ny kunnskap om korleis musikk blir til i Noreg i dag, og å synleggjere mangfaldet av skapande praksisar – frå komponistar, låtskrivarar og utøvarar til produsentar og kuratorar.

Publikasjonar frå programmet

I programmet er det gjennomført 12 forskingsprosjekt. Desse har utforska omgrep, metodar, kompetansar, arbeidsformer og utviklingstrekk innanfor ei rekke sjangrar og på tvers av musikktradisjonar. Forskingsantologien «Når musikken tek form. Om skapande praksisar i musikk» har samla resultata frå alle prosjekta, og er utgitt på Fagbokforlaget. 

2024

Når musikken tek form

Musikk blir skapt til ulike formål, i ulike rom, av ulike aktørar og i prosessar der eit mangfald av metodar, materiale, teknologiar og formidlingsformer blir tekne i bruk. Skapande praksisar kan handle om musikk som partitur eller skrift, musikk som innspelt eller levande lyd eller musikk som utøvande, improvisert eller kroppsleg handling. Men kva kjenneteiknar eigentleg dei måtane musikk blir skapt på i Noreg i vår tid?

Essaysamling

Som ein del av satsinga har det blitt publisert 12 essay om det å lage musikk. Her har andre stemmer, både nye og etablerte, skildra sine skapande praksisar i ei friare tekstleg form. Essaya har blitt publisert enkeltvis på Kulturrådet sine nettsider frå hausten 2023 til hausten 2025.

Kontaktperson

Ragnhild Torvanger Solberg

Forskning og analyse