Hopp til hovedinnhold

Musikk- og scenekunststatistikk 2024

Flere personer står eller sitter på en utsiktsplattform med panoramautsikt over byen Bergen. Én person poserer på en liten forhøyning, mens andre tar bilder eller nyter utsikten. I bakgrunnen sees tettbygde hus, havneområdet og fjorder omgitt av fjell. En båt lager tydelige bølger i vannet, og landskapet viser en blanding av urban struktur og storslått natur. Bildet formidler turisme, utforskning og naturopplevelse i en norsk kystby.
Bilete frå Operaopptur! under Festspillene i Bergen, der morgondagens operastjerner poppa opp på Fløyen. Tiltaket er eit samarbeid med Bergen Nasjonale Opera. Begge får statstilskot og er med i Kulturdirektoratets musikk- og scenekunststatistikk 2024. Foto: Thor Brødreskift / FiB
I 2024 besøkte over 3,5 millionar publikum konsertar og framsyningar hos institusjonar med offentleg støtte. Det er ein auke på 3 prosent samanlikna med 2023.
Publisert 25. juni 2025

Fleire gjekk på konsert og framsyning i 2024

– Det er gledeleg at fleire finn vegen til konsertar og framsyningar over heile landet. Auka publikumsinntekter viser at folk set pris på kulturtilbodet, seier Torbjørn Urfjell, avdelingsdirektør for samfunn og arena i Kulturdirektoratet.

Torbjørn Urfjell, avdelingsdirektør for samfunn og arena. Foto: Trym Schade Warloe

Kulturdirektoratet publiserer kvart år statistikk over besøkstal, aktivitet og økonomi for musikk- og scenekunstinstitusjonar med offentleg støtte, inkludert musikkfestivalar som får over ein million kroner i tilskot frå Kulturrådet.

Fleire med billett

Auken i publikum kjem først og fremst av at fleire kjøper billett. Rundt 2,1 millionar publikummarar var betalande, det vil seie 58 prosent av alle besøkjande. Resten var med på gratisarrangement eller hadde fribillettar. På festivalar var andelen gratispublikum høgare (62 prosent) enn hos andre institusjonar (35 prosent).

Totalt besøkte omtrent 102 200 fleire ein konsert eller framsyning i 2024 enn i 2023. Publikumstala har auka jamt sidan pandemien i 2020.

Stabilt aktivitetsnivå, men færre tilbod til barn og unge

Det vart arrangert 19 300 konsertar og framsyningar i 2024, omtrent like mange som året før. Festivalane auka med 10 prosent til om lag 2 900 arrangement, medan teater, opera, orkester og dans hadde ein liten nedgang.

Framsyningar for barn og unge gjekk ned med 3 prosent frå 2023 til 2024. Tilbodet til barn og unge utgjer ein tredel av alle arrangement.

Tydeleg oppgang i turnéverksemd

I 2024 vart det framført rundt 3 800 konsertar og framsyningar på turné i Noreg, ein auke på 29 prosent frå 2023. Det markerer ein tydeleg oppgang etter fleire år med lågt turnénivå.

Pensjonskostnader gir store utslag i økonomien

Årsresultata for 2024 er vesentleg betra sidan 2023, både for teater, orkester, operaselskap og festivalar. Teatera, orkestera og operaselskapa hadde eit samla positivt årsresultat på 169 millionar kroner, ei markant endring frå eit negativt årsresultat på 11 millionar kroner i 2023. Endringa kjem først og fremst av nye berekningar av framtidige pensjonskostnader, og seier lite om kor godt verksemdene blir styrte økonomisk.

Vekst i inntekter

I 2024 var dei samla eigeninntektene på omtrent 1,2 milliardar kroner, ein auke på rundt 8 prosent frå 2023. Over halvparten av inntektene kom frå billettsal, som har auka med rundt 7 prosent. Dette kjem både av at det vart selt fleire billettar, og av at gjennomsnittsprisen auka frå 293 til 304 kroner.

Inntekter frå offentlege tilskot har auka med rundt 198 millionar kroner (5 prosent), noko som er høgare enn prisveksten i same periode.

Hos festivalane kjem omtrent 48 prosent av dei samla inntektene frå eigeninntekter, medan eigeninntektene for teater, orkester og operaselskap er rundt 20 prosent.

Vil du sjå nærare på tala?

På lenkja under finn du heile musikk- og scenekunststatistikken. Du kan velje kva grupper eller enkeltaktørar du vil sjå tal for.

Sjå heile statistikken i Tableau

Tal for verksemder som får tilskot over kapittel 320 og 323 på statsbudsjettet

Kulturdirektoratet har forvaltningsansvar for mange institusjonar og verksemder som får statstilskot over kapittel 320 og 323 på statsbudsjettet. Dette gjeld ikkje Riksteatret og dei fleste festivalane, men omfattar resten av aktørane i musikk- og scenekunststatistikken, og dessutan fleire kultur- og medlemsorganisasjonar.

På lenkjene under kan du sjå nærare på tala for desse verksemdene: