Nye tilskotsordningar og fagutval i Fond for lyd og bilete
Frå 2026 har Fond for lyd og bilete fire tilskotsordningar og fire fagutval. Den første søknadsfristen i år er 5. februar.
Fond for lyd og bilde
Publisert 06. januar 2026
1. januar 2026 vart talet på tilskotsordningar i Fond for lyd og bilete reduserte frå ti til fire. Dei nye ordningane er: musikk, scene, film og marknadsføring. Endringa skal gjere søknadsprosessen enklare, meir oversiktleg og betre tilpassa større prosjekt. Søknadsskjema opna 6. januar kl. 10. Søknadsfrist er 5. februar kl. 13.
Sjå ordningane og søk tilskot arrow_forward
Nye fagutval
Styret i Fond for lyd og bilete har utnemnt nye fagutval for perioden 2026–2028. Utvala består av medlemmer med brei kunstfagleg kompetanse. Fondet har òg innført ei konsultasjonsordning som gjer det mogleg å hente inn spisskompetanse ved behov. Dette skal sikre grundige og relevante vurderingar av alle søknader og kunstnariske uttrykk.