Vil ha meir kunnskap om urfolk og nasjonale minoriteter
Dei tre kunnskapsoppsummeringane skal kartleggja, beskriva og samanfatta eksisterande forsking og andre relevante kunnskapskjelder, og dei skal peika på område me treng å vita meir om.
– Det er viktig at kunnskapsoppsummeringane er relevante og nyttige for samiske, kvenske/norskfinske og skogfinske aktørar. Me ønskjer derfor forskarar med god kjennskap til og forankring i dei aktuelle områda, seier Jan Fredrik Hovden, medlem i Kulturrådet og leiar av Kulturrådets forskingsutval.
Dei tre kunnskapsoppsummeringane som no blir lyste ut, er ein del av arbeidet med Kulturrådets strategi for 2025-2028. I strategien er auka likeverd for det samiske urfolket og nasjonale minoritetar eitt av fire særskilde satsingsområde.
– For å skapa betre vilkår for desse kunst- og kulturuttrykka, treng me meir kunnskap. Det er også eit behov som Sannings- og forsoningskommisjonen peikar på i rapporten sin, seier Hovden.
Større kunnskapssatsing i 2027
Kulturrådet har sett av fem millionar til ei større kunnskapssatsing på urfolk og nasjonale minoritetar og det vil komma ein eller fleire utlysingar i 2027.
– Kunnskapsoppsummeringane vil gi Kulturrådet eit betre grunnlag for å vurdera kva område det er viktig å utvikla meir kunnskap om framover, fortel Hovden.
Framover vil Kulturrådet også jobba med å få oversikt over kunnskapsstatusen for dei tre andre nasjonale minoritetane romanifolk/taterar, romar og jødar.
Slik leverer du tilbod
Kunnskapsoppsummeringane skal resultera i tre rapportar, som etter planen skal publiserast i løpet av 2027.
Utlysingane finn du på Doffin, som er ein database for offentlege anskaffingar. Tilbod må leverast gjennom anskaffingsverktøyet Mercell. Frist for å levera tilbod er 17. november 2026.
Les meir og lever tilbod på Doffin.no
- arrow_outward Kunnskapsoppsummering: Samisk kunst og kultur
- arrow_outward Kunnskapsoppsummering: Kvensk og norskfinsk kunst og kultur
- arrow_outward Kunnskapsoppsummering: Skogfinsk kunst og kultur