Hopp til hovedinnhold

Slik jobbar me med litteratur

Me jobbar med å sikra eit breitt tilbod av nye bøker innanfor ei rekkje sjangrar og stimulera til god formidling av norsk litteratur.

Innkjøp av bøker til norske bibliotek

Kulturrådets innkjøpsordningar bidreg til at det heile tida finst nye utgivingar av ulike sjangrar på norske bibliotek. Kulturdirektoratet er sekretariat for Kulturrådet og administrerer innkjøpsordningane.

Innkjøp av bøker til skolebibliotek

Kulturrådets skolebibliotekordning sørgjer for at det blir kjøpt inn og distribuert kulturfondbøker som har barn og unge som målgruppe, til skulebibliotek i grunnskulen. 

Barn og unge

Kulturrådet har tre særeigne innkjøpsordningar for barn og unge. Desse innkjøpsordningane kjem i tillegg til skulebiblioteksordninga. 

Litteraturformidling

Kulturrådets litteraturformidlingsordning skal bidra til at ei stor breidd av litteratur primært på norsk, samisk og dei nasjonale minoritetsspråka − blir profesjonelt formidla til eit breitt samansette og allment publikum. 

Litteraturprosjekt

Kulturrådets litteraturprosjektordning skal bidra til prosjekt som aukar breidda og kvaliteten i norsk litteratur. Ordninga skal leggja til rette for eit mangfald av stemmer i den litterære offentlegheita.

Litteraturproduksjon

Kulturrådets litteraturproduksjonsordning skal bidra til at litteratur på norsk i utvalde kategoriar blir gitt ut, har høg kvalitet og gir ei større breidd i norsk litteratur og offentlegheit.

Du kan også søkja om prosjektstøtte for tekstproduksjonar frå Fond for lyd og bilete.

Kunstnarstipend

Statens kunstnarstipend deler kvart år ut kortare og lengre stipend til kunstnarar, inkludert forfattarar.

Offentleg samtale

Gjennom innkjøpsordningane for sakprosa ønskjer Kulturrådet å bidra til ein open og opplyst offentleg samtale.

Kunnskap om litteraturfeltet

Utvalsleiarane i utvala for litteratur skriv årlege oppsummeringar som blir presenterte i dialogmøte. Kvart år lagar og sekretariatet for Kulturrådet ei årsoppsummering av litteraturordningane.

Me bidreg og til den årlege bransjestatistikken Kunst i tal. Innimellom leier me eigne –  og bidreg inn i andres – forskingsprosjekt på litteraturfeltet.

Aktuelle publikasjonar

2024

Årsoppsummering litteratur 2023

Årsoppsummeringa for litteratur 2023 presenterer tal, tendensar og utviklingstrekk frå Kulturrådets litteraturordningar. Formålet er å styrkje kunnskapen om rådet og leggje betre til rette for dialog med søkjarane og aktørane på feltet.