Hopp til hovedinnhold

Kulturvern

Kulturvernet skal gi auka kunnskap om historie, kunst, kulturar og samfunnsliv i Noreg.

Midlar frå Norsk kulturfond, forvalta av Kulturrådet

Formålet med Norsk kulturfonds avsetning til kulturvern er å stimulere til prosjektbasert arbeid med innsamling, dokumentasjon, bevaring og formidling av materiale som utgjer grunnlaget for auka kunnskap om historie, kunst, kulturar og samfunnsliv i Noreg.

Målgruppar

Målgruppa for dei frie prosjektmidlane speglar ei stor aktørbreidd der både frivillige lag og organisasjonar, museum, arkiv, kommunar, fylkeskommunar, dokumentarfilmskaparar og forlag er representerte.

Prosjekta viser ein stor variasjon i spennet mellom bevaring og fysisk sikring av kulturarv, via dokumentasjon og innsamling, til formidling i form av t.d. utstillingar, faglitteratur og dokumentarfilm.

Prosjektmidlane rettar seg i hovudsak mot det frivillige kulturvernet. Ein stor del av støtta går til dokumentasjon og formidling. Det blir også gitt støtte til bevaring og fysisk sikring av spesielt utsett materiale, slik som fotografi og lydopptak. Ei viktig oppgåve for å styrkje kulturvernet samla sett, er også å stimulere til samhandling mellom institusjonane og eit samansett landskap av andre aktørar.

Kulturrådet er oppteken av at kulturvernet representerer breidda av kulturuttrykk i samfunnet, og at det har ein låg terskel for deltaking. Nye aktørar og stemmer bidreg til å styrkje feltet samla sett, og gjer det meir relevant i ein fleirkulturell samfunnskontekst. Alle må få høve til å definere kulturuttrykket til fortida og samtida, og mangfaldet av erfaringar må no ut til så mange som mogleg.

Tilskotsordningar

Meir om Kulturrådet og kulturvern