Amatørteateraktivitet i grupper
Tilskudd til for eksempel kurs, scenografi, leie av teknikk eller husleie
Ordningen forvaltes av Kulturdirektoratet.
Språkendringar i ordninga
Kulturdirektoratet har hatt ein klarspråksgjennomgang av alle tilskotsordningane. Rekkjefølgje og omgrep kan derfor vere litt annleis enn før. Les all informasjonen nedanfor nøye før du søkjer.
Kva skal ordninga bidra til (formål)?
Formålet med ordninga er å stimulere til at vaksne amatørar i heile Noreg deltek i frivillig aktivitet innanfor teater og scenisk dans.
Kva kan få tilskot?
Kvar gruppe kan søkje om inntil 30 000 kroner til amatørteateraktivitet. Fleirtalet av aktørane i gruppa må vere amatørar over 18 år. Det er berre mogleg å søkje éin gong per søkjerunde.
Med amatørteater meiner vi i denne ordninga ulike performative uttrykksformer som revy, scenisk dans (til dømes hiphop, ballett eller magedans), musikkteater, impro, nysirkus og liknande.
Det er òg mogleg å søkje om støtte til rollespel/laiv.
Aktørar kan ikkje få støtte til kor, konsertar og sosial dans (til dømes pardans eller leikarring) gjennom denne ordninga.
Døme på kva tilskotet kan dekkje:
- husleige
- scenografi
- honorar til eksterne fagpersonar
- leige av teknikk og teknikar
- deltaking på eksternt kurs for medlemmer i gruppa
Kva kan ikkje få tilskot?
På denne ordninga gir vi ikkje tilskot til
- honorar eller lønn til medlemmene i gruppa, personar som er fast tilknytte til organisasjonen, og/eller nære familiemedlemmer av deltakarar i gruppa/organisasjonen
- personlege godtgjeringar i form av til dømes diettpengar eller gåver
- utgifter som ikkje er direkte knytte til aktiviteten – til dømes utgifter til festar eller sosiale utflukter
- kjøp av teknisk utstyr
- dekking av underskot
- aktivitetar utanfor Noreg
- aktivitetar i regi av ei statleg eller (fylkes)kommunal verksemd
- aktivitetar som inngår i studie- og undervisningstiltak ved utdanningsinstitusjonar
Vi gir normalt ikkje tilskot til aktivitetar som er gjennomførte før søknadsfristen.
Pengane skal som hovudregel vere nytta innan eitt år etter at vi har sendt ut kontrakten for tilskotet.
Prosjekt som fell utanfor formålet med ordninga, kan ikkje få tilskot. Om søknaden fell utanfor denne ordninga, kan han bli avslått.
Kven kan søkje?
Ordninga rettar seg mot vaksne amatørar som driv med frivillig aktivitet i grupper.
Både privatpersonar og organisasjonar som verkar innanfor det frivillige amatørteaterfeltet, kan søkje. Du som søkjer på vegner av gruppa, må sjølv vere del av gruppa.
Frivillig aktivitet vil her seie at dei som deltek, ikkje får betalt. Gruppa kan likevel ha profesjonelle scenekunstnarar, så lenge fleirtalet (meir enn 50 prosent) av deltakarane er amatørar over 18 år. Gruppa må bestå av minst tre personar.
Du kan ikkje søkje dersom gruppa er sentralleddet i ein organisasjon med lokallag eller medlemslag. Eit døme på eit slikt sentralledd er eit større teatersenter . Men eit lokallag eller medlemslag kan eventuelt søkje. Gruppa må ha uavhengig økonomi. Eit eventuelt overskot frå aktiviteten kan ikkje gå tilbake til sentralleddet.
Statlege, fylkeskommunale og kommunale einingar kan ikkje søkje.
Søknad
Korleis blir søknaden vurdert (vurderingskriterium)?
Søknaden blir behandla av Kulturdirektoratet.
På denne ordninga gir vi i utgangspunktet tilskot til alle som oppfyller krava.
Har søknaden manglar, kan han bli avslått. Dårleg gjennomføringsevne eller manglande rapportering for tidlegare tilskot kan òg føre til at søknaden blir avslått.
Om storleiken på tilskotet
På denne ordninga gir vi inntil 30 000 kroner i tilskot.
Dette er ei rammestyrt ordning. Det betyr at kor mykje tilskot vi deler ut, avheng av kor mykje pengar som er øyremerkte til amatørteatertiltak i kvar søknadsrunde.
I tilfelle der den samla søknadssummen er større enn tilskotsramma, kan grupper som fekk tilskot i førre runde, få avslag. Vi kan òg velje å justere ned alle tilskota med lik prosentsats.
Du kan sjå kva beløp vi har delt ut tidlegare, i vedtakslister for ordninga.
Vi kan stille krav om at tilskotet berre kan brukast til visse delar av prosjektet.
Dette må søknaden innehalde
Søknaden må leverast gjennom søknadsportalen til Kulturdirektoratet.
I søknadsskjemaet skal dette vere med:
- namn på / skildring av gruppa og kva type aktivitet de vanlegvis har
- talet på medverkande (inkludert talet på personar over og under 18 år og talet på profesjonelle)
- ei skildring av aktiviteten du søkjer tilskot til
- eit enkelt budsjett som viser korleis du vil bruke tilskotet
- (dersom tilskotet går til å delta på eksternt kurs:) namn på kurs og kurshaldar
- (dersom tilskotet går til honorar til ein ekstern fagperson:) namn på aktøren og ei skildring av bakgrunnen og funksjonen hens
Etter vedtak
Kva skjer om du får tilskot?
Vedtak og aksept
Når saka er ferdig behandla, sender vi eit vedtaksbrev i søknadsportalen der det står om du har fått tilskot eller avslag.
Om du har fått tilskot, viser vedtaksbrevet beløpet du har fått, og vilkåra for tilskotet. Du må vurdere vilkåra og gi oss beskjed om du aksepterer tilskotet, innan fristen som står i brevet.
Utbetaling av tilskot
Heile tilskotet blir utbetalt når du har takka ja til tilskotet i akseptskjemaet, og aksepten har blitt godkjend av Kulturdirektoratet.
Kulturdirektoratet kan halde tilbake tilskot eller krevje tilbakebetaling
Dersom tilskotet ikkje blir brukt i tråd med vilkåra i vedtaksbrevet, kan Kulturdirektoratet halde tilbake tilskot eller krevje at det blir betalt tilbake. Det gjeld òg dersom det var feilopplysningar i søknaden, eller om du ikkje har levert rapport og rekneskap for tidlegare tilskot.
Om prosjektet endrar seg
Dersom prosjektet endrar seg mykje frå det du har skildra i søknaden, må du søkje om å få endringane godkjende, for å vere sikker på at du framleis har rett til å bruke tilskotet. Korleis du gjer dette, står i vedtaksbrevet.
Dersom vi ikkje godkjenner endringane, kan vi halde tilbake tilskot eller krevje tilbakebetaling.
Om rapport og rekneskap
Alle som får tilskot frå Kulturdirektoratet, må sende rapport og rekneskap så snart prosjektet er avslutta, slik at vi kan kontrollere at tilskotet er brukt i tråd med vilkåra. Du treng berre å leggje inn rekneskap for tilskotet du har fått frå denne ordninga, og du skal leggje ved bilag (faktura eller kvittering) på alle utgiftene tilskotet er brukt til. Det skal gå klart fram av bilaget kva kostnadene gjeld. Du får tilsendt eit rapportskjema gjennom den digitale søknadsportalen.
Prosjektet kan bli evaluert
Iblant vil Kulturdirektoratet evaluere tilskotsordningane og prosjekt som har fått tilskot. Dersom det gjeld ditt prosjekt, forventar vi at du bidreg med nødvendig informasjon og dokumentasjon.
Bruk logoen til Kulturdirektoratet
Du må vise at prosjektet har fått tilskot frå Kulturdirektoratet, i ekstern kommunikasjon og marknadsføring. Last ned logoen til Kulturdirektoratet her.
Gratisbillettar til følgjepersonar
Når det blir selt billettar som del av prosjektet, skal alle med følgjekort få gratis billett til følgjepersonen.
Rettslig grunnlag for ordninga
- arrow_forward Habilitet
- download Tilskotsbrevet frå Kultur- og likestillingsdepartementet (PDF)
Kulturdirektoratet forvaltar ordninga på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Retningslinjene for ordninga for amatørar og frivillige (aktivitet) er vedtekne av Kulturdirektoratet i august 2025 og godkjende av Kultur- og likestillingsdepartementet.
Tilskotsordninga er finansiert av spelemidlar. Spelemidlane blir fordelte ved kongeleg resolusjon kvart år.
Hjelp og veiledning
- arrow_forward Slik behandles søknaden
- arrow_forward Spørsmål og svar om å søke tilskudd
Kontakt
Ordningsansvarlig kan svare på spørsmål om ordningen. Brukerstøtte kan svare på spørsmål om søknadsskjema og tekniske problemer med søknadsportalen.
Brukerstøtte for søknadsportalen
Spørsmål om søknadsskjema / tekniske problemerPublisert 5. juni 2025 kl. 12:42 · Sist endret 7. februar 2026 kl. 07:00