Hopp til hovedinnhold

Ny norsk skjønnlitteratur for vaksne – automatisk innkjøpsordning

Innkjøp til folkebibliotek av norsk skjønnlitteratur for vaksne. Bøkene skal leverast frå søkar når boka blir utgjeven, søknaden om innkjøp blir vurdert i etterkant.

Søknadsfrist

Neste søknadsfrist ikke bestemt

Kulturrådet

Ordningen forvaltes av Kulturrådet.

priority_high

Språkendringer i ordningen

Kulturrådet har hatt en klarspråkgjennomgang av alle tilskuddsordningene. Rekkefølge og begreper kan derfor være litt annerledes enn tidligere. Les all informasjonen nedenfor nøye før du søker.

Kva skal ordninga bidra til (formål)?

Ordninga skal bidra til at ny norsk skjønnlitteratur for vaksne blir skapt, gitt ut, spreidd og lesen. Kulturrådet stiller minstekrav til kvaliteten på bøkene og profesjonaliteten i utgivinga. Til saman skal alle bøkene bidra til stor breidd i norsk litteratur.

Bøkene som blir melde på ordninga, blir distribuerte til folkebiblioteka i heile Noreg på utgivingsdatoen. Bøkene skal leverast både som trykte bøker og som e-bøker. Dersom de ikkje kan levere e-bok, må de søkje om unntak før de sender søknaden om innkjøp. Søknaden om unntak må grunngivast. Biletbøker skal ikkje leverast som e-bok.

Kva er konsekvensane av å melde bøker på ordninga?

Innkjøpsordninga er automatisk. Det vil seie at dersom de melder ei bok på ordninga, blir ho send til biblioteka på utgivingsdatoen, og Kulturrådet betalar ut forfattarhonoraret og forlagsdelen før søknaden er ferdigbehandla. De må vidarebetale honoraret til forfattaren innan 14 dagar etter at de får beløpet utbetalt. De finn meir om faktureringa nedanfor.

Dersom søknaden om innkjøp blir avslått, må de betale tilbake pengane. De må betale tilbake både forlagsdelen og forfattarhonoraret. Forfattaren skal behalde sitt honorar.

Bøkene som er sende til biblioteka, blir ikkje returnerte.

Grunnen til at pengane blir betalte ut på førehand og boka blir send til biblioteka før søknaden er ferdigbehandla, er at biblioteka skal få boka på utgivingsdatoen.

Kven kan melde på bøker?

Forlag og andre utgivarar med norsk organisasjonsnummer kan melde bøker på denne ordninga. Det er ikkje mogleg å melda på bøker på både den automatiske og den selektive innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur for same målgruppe innanfor same utgivingsår. Det er viktig at de som utgivar har inngått ein avtale med forfattaren og eventuelle andre opphavspersonar (som illustratørar eller gjendiktarar) før de søkjer.

Kulturrådet kan bestemme at ein utgivar ikkje får melde på bøker i ein periode, dersom dei ikkje har følgt vilkåra for ordninga tidlegare. Det kan til dømes vere at utgivaren ikkje har betalt tilbake pengar innan opplyste fristar.

Einbokregelen – berre éi bok i året per forfattar

Hugs at ein forfattar vanlegvis berre kan ha éi bok for vaksne og éi bok for barn og unge meldt på innkjøpsordningane for skjønnlitteratur kvart kalenderår. Dette blir kalla «einbokregelen».

Einbokregelen gjeld for denne ordninga og den selektive innkjøpsordninga for skjønnlitteratur for vaksne under eitt. Det vil seie at forfattaren ikkje kan ha meir enn éi bok som er påmeld til innkjøpsordningane for skjønnlitteratur for vaksne same år.

De kan søkje om dispensasjon frå einbokregelen på vegner av forfattaren. Det må de gjere før den første boka blir gitt ut. Søknaden må grunngivast.

Kva for bøker kan kjøpast inn?

Boka må vere ny norsk skjønnlitteratur for vaksne.

Med skjønnlitteratur meiner vi romanar, noveller, kortprosa, lyrikk, dramatikk og biletbøker. I ordninga reknar vi dramatikk i bunden form som lyrikk. Vi reknar også bøker med hovudsakleg faktabasert og fagleg innhald som skjønnlitteratur dersom bøkene har eit tilstrekkeleg diktarleg preg.

Boka må anten vere

  • skriven på norsk (bokmål, nynorsk eller dialekt) eller
  • omsett til norsk frå samisk eller eit nasjonalt minoritetsspråk eller
  • omsett til norsk frå eit anna språk dersom det er eit originalverk som ikkje har vore gitt ut tidlegare, eller
  • ei gjendikting av lyrikk til norsk

Med ny meiner vi at boka blir gitt ut som originalverk same år som de søkjer. Gjendiktingar av lyrikk til norsk blir rekna som nye litterære verk. Dikt- og novellesamlingar blir rekna som nye dersom under halvparten av innhaldet er trykt tidlegare. Samlinga må uansett vurderast som eit heilskapleg litterært verk. Dersom forfattaren av boka er død, kan de søkje i inntil fem år etter at forfattaren gjekk bort. Er boka omsett frå samisk eller eit nasjonalt minoritetsspråk, kan ikkje originalverket vere eldre enn fem år når de søkjer.

Frist for å melde på bøker

Fristen for å melde ei bok på ordninga er avhengig av utgivingsdatoen:

Utgivingsdatoen for boka Frist for å melde boka på ordninga
1. januar - 28. februar 15. desember
1. mars - 30. april 15. februar
1. mai - 30. juni 15. april
1. juli - 31. august 15. juni
1. september - 31. oktober 15. august
1. november - 31. desember 15. oktober

Dersom utgivinga blir forseinka, må de utsetje påmeldinga og flytte boka til ein seinare påmeldingsrunde.

Korleis blir søknaden vurdert (vurderingskriterium)?

Boka blir vurdert av eit utval innanfor prosa, lyrikk eller dramatikk.

Det er Kulturrådet som avgjer kven som sit i utvalet, og det blir oppnemnt for to år om gongen.

Utvalet skal representere ei breidd i litteratursyn og ha kunnskap om ulike sjangrar. Dei skal samla ha ein kombinasjon av forfattar-, forlags- og bibliotekerfaring og/eller bakgrunn frå akademia som er relevant for det aktuelle vurderingsutvalet.

Vurderingsutvalet for lyrikk skal alltid ha ein medlem med erfaring frå gjendikting.

Vurderingsutvalet for prosa skal alltid ha ein medlem med kompetanse innanfor kriminallitteratur.

I vurderinga ser utvalet etter om

  • boka står fram som eit heilskapleg litterært verk
  • boka har god nok kunstnarleg, språkleg og handverksmessig kvalitet
  • boka har gått gjennom nødvendig redaksjonelt arbeid

Vurderingsutvalet les og diskuterer dei ferdige bøkene frå utgivingstidspunktet. I diskusjonen om minstekrava til kvalitet skal kvar bok vurderast innanfor sin sjanger.

Vurderingsutvalet kan hente inn fråsegner frå fagkonsulentar der det er nødvendig, til dømes når dei skal vurdere biletbøker eller utgivingar som er omsette frå samisk. Dersom det er ei gjendikting som skal vurderast, hentar sekretariatet inn ei fråsegn frå ein fagkonsulent om den språklege attgivinga på norsk. Konsulentfråsegna skal leggjast fram for vurderingsutvalet for lyrikk.

Er eit utval i tvil om ei bok bør kjøpast inn, blir det henta inn to faste ekstralesarar.

Meir om dei ulike utvala

Kva for eit vurderingsutval boka skal sendast til, er avhengig av sjangeren på boka:

Vurderingsutvala kan flytte boka til eit anna utval enn det de har sendt henne til. Det er då det siste utvalet som har endeleg vedtaksmynde. I slike tilfelle vil de bli kontakta før boka blir flytta.

Dette må søknaden innehalde

Søknaden om innkjøp omfattar sjølve søknadsskjemaet og ei trykt bok som de skal ettersende til utvalet. Søknadsskjemaet må sendast inn før boka kjem ut. Er boka ei gjendikting, skal de også leggje originalverket ved søknaden.

Er forfattaren og utgivaren av boka same person? Då må de leggje ved ei fråsegn frå ein uavhengig konsulent eller redaktør som har gått gjennom manuskriptet. 

Er de usikre på kva sjanger boka høyrer til? Då vel de den sjangeren de meiner passar best, og forklarer kvifor i søknadsskjemaet.

Oversikt over kor mange papirbøker og e-bøker som skal leverast, finn de på nettsidene til Kulturdirektoratet.

Slik skal de levere bøker og faktura

Forlaget skal levere trykte bøker og e-bøker til distributøren vår same dag som boka kjem ut. Distributøren sender bøkene ut til biblioteka. De finn ei nærmare beskriving av korleis de gjer dette, på nettsidene til Kulturdirektoratet.

De skal sende faktura til Kulturrådet samtidig som bøkene blir leverte til distributøren, med forfall 30 dagar etter at bøkene er leverte. Merk tydeleg kva ordning og påmeldingsrunde boka er meld på i.

Det er viktig å vere klar over at beløpa i betalingstabellane kan endre seg frå år til år. Beløpa er mellom anna avhengige av kor mykje pengar Kulturrådet vedtek å fordele til ordninga innanfor dei økonomiske rammene Stortinget har fastsett.

Dersom de ikkje har levert bøker og faktura seinast 14 dagar etter at boka har komme ut, blir påmeldinga rekna som annullert.

Beløpet kan blir avkorta dersom det er mange påmeldingar

Dersom det er fleire påmeldingar i ordninga enn det er budsjettert for, kan forlagsbetalinga bli avkorta. Då vil de altså få redusert betaling. Nedanfor kan de lese om korleis avkortinga skjer i praksis:

  • Kvart år blir det sett ei øvre grense for kor mykje utbetalingane kan reduserast. Honoraret til forfattarane blir verande det same gjennom heile året, men delen til forlaga kan bli redusert. Reduksjonen kan variere mellom dei ulike rundane i løpet av året, avhengig av kor mange bøker som blir melde på.
  • Kulturrådets sekretariat gjer eit overslag over kor mange bøker som vil bli melde på og kjøpte inn i løpet av året, basert på erfaringar frå tidlegare år. Dei fordeler deretter årets budsjett på dei ulike innkjøpsrundane gjennom året.
  • Etter kvar påmeldingsfrist sjekkar Kulturrådets sekretariat om det er meldt på fleire bøker enn det er budsjett til. Dersom det er tilfellet, blir beløpet som blir betalt til forlaga for kvar bok, redusert. Dette blir gjort likt for alle bøker i den aktuelle runden. Forlaga får beskjed om eventuell avkorting innan fem arbeidsdagar etter påmeldingsfristen. Forlaga kan då velje å trekkje bøkene sine frå ordninga dersom dei ønskjer.
  • Dersom eit forlag trekkjer bøker etter at Kulturrådets sekretariat har rekna ut utbetalingane, eller dersom det blir kjøpt inn færre bøker enn forventa, gjer Kulturrådets sekretariat likevel ikkje nye utrekningar for den aktuelle runden. Pengar som eventuelt blir til overs på grunn av dette, blir overførte til seinare innkjøpsrundar same år.

Biblioteka har ansvar for oppbevaring og tilgang

Blir boka kjøpt inn, skal biblioteka ta hand om dei innkjøpte bøkene og e-bøkene og gi tilgang til dei i minst fem år. Utgivingsåret blir rekna som første år.

Vedtaksmynde og eventuelle endringar i ordninga

Kulturrådet har det endelege vedtaksmyndet til å utforme innkjøpsordningane. Vurderer Kulturrådet å endre retningslinjene i vesentleg grad, skal forfattar- og utgivarorganisasjonane få høve til å uttale seg før endringane blir vedtekne. Det same gjeld endringar i betalingsmodellane.

Legg merke til at ein skil mellom lettlesen og tilrettelagd litteratur:

  • Lettlesen litteratur blir behandla som andre bøker under ordninga.
  • Tilrettelagd litteratur for lesesvake (med enkelt innhald) vil ikkje bli behandla under ordninga. Forlaget skal nytte fristar og skjema for tilskotsordninga for litteraturprosjekt. Dersom ei bok får tilskot, vil forlaget og forfattaren få tilskot etter betalingsmodellane, og forlaget skal sende bøker til Biblioteksentralen som distribuerer vidare til norske folkebibliotek. Søknader om støtte til slike verk blir behandla av fagleg utval for litteratur.

Slik blir søknaden behandla

Sjå korleis søknadene blir behandla, frå boka blir meld på, til ho blir kjøpt inn og send til biblioteka.

Leveringsadresse:

Innkjøpsordningane for skjønnlitteratur
Kulturdirektoratet
Postboks 4808 Nydalen
0422 Oslo

Mobilnummeret som skal brukast til sending av pakkar, er 457 37 163.

Leseeksemplara blir ikkje returnerte.

Levering av bøker og tilgjengeleggjering i bibliotek

Det skal leverast 623 papirbøker og 150 e-bøker.

Sjå nettsidene til Biblioteksentralen for å finne ei beskriving av levering av e-bøker.

Leveringsadresse for papirbøker:

Biblioteksentralen
OrbitArena
Industriveien 18
2069 Jessheim

Betaling

For 2025-titlar skal desse betalingstabellane brukast.

Etter ein gjennomgang av påmeldingane til runde 1/2026 (utgivingstidspunkt januar og februar) er det ei avkorting i forlagsutbetalingane på 5,5 %, samt runde 2/2026 (utgivingstidspunkt mars og april) og 3/2026 (utgivingstidspunkt mai og juni) er det ei avkorting i forlagsutbetalingane på 15 % på den automatiske innkjøpsordninga for skjønnlitteratur for vaksne.

For titlar til runde 1/2026 skal desse betalingstabellane brukast. 

For titlar til runde 2-3/2026 skal desse betalingstabellane brukast. 

Betalingstabellar for 2026

Prosa for vaksne 623 trykte bøker og 150 e-bøker
Format og målform Forfattar Forlag Faktura til Norsk kulturfond
Både trykte bøker og e-bok, begge målformer 102 000* 175 000** 277 000**

* Baka inn i forfattarhonoraret ligg også eventuelle honorar til illustratør, gjendiktar o.l. Same fordelingsnøkkel skal nyttast som i kontrakten som er inngått mellom forlag og opphavarar. Dersom forfattaren har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal forfattardelen av betalinga for eit innkjøp aukast med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.

** For den automatiske ordninga vil det avhengig av påmeldingstala for kvar enkelt runde kunne komme avkortingar i forlagsutbetalingane. Honorara til forlag for kvar enkelt runde blir rekna ut i etterkant av påmeldingsfristen. For 2026 vil det vere eit tak på forlagsavkortingane på 15 %.

Lyrikk for vaksne 623 trykte bøker og 150 e-bøker
Format og målform Forfattar Forlag Faktura til Norsk kulturfond
Både trykte bøker og e-bok, begge målformer 92 000* 125 500** 217 500**

* Baka inn i forfattarhonoraret ligg også eventuelle honorar til illustratør, gjendiktar o.l. Same fordelingsnøkkel skal nyttast som i kontrakten som er inngått mellom forlag og opphavarar. Dersom forfattaren har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal forfattardelen av betalinga for eit innkjøp aukast med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.

** For den automatiske ordninga vil det avhengig av påmeldingstala for kvar enkelt runde kunne komme avkortingar i forlagsutbetalingane. Honorara til forlag for kvar enkelt runde blir rekna ut i etterkant av påmeldingsfristen. For 2026 vil det vere eit tak på forlagsavkortingane på 15 %.

Dramatikk for vaksne 623 trykte bøker og 150 e-bøker
Format og målform Forfattar Forlag Faktura til Norsk kulturfond
Både trykte bøker og e-bok, begge målformer 71 500* 113 000** 184 500**

* Baka inn i forfattarhonoraret ligg også eventuelle honorar til illustratør, gjendiktar o.l. Same fordelingsnøkkel skal nyttast som i kontrakten som er inngått mellom forlag og opphavarar. Dersom forfattaren har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal forfattardelen av betalinga for eit innkjøp aukast med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.

** For den automatiske ordninga vil det avhengig av påmeldingstala for kvar enkelt runde kunne komme avkortingar i forlagsutbetalingane. Honorara til forlag for kvar enkelt runde blir rekna ut i etterkant av påmeldingsfristen. For 2026 vil det vere eit tak på forlagsavkortingane på 15 %.

Biletbøker for vaksne (firefarga og svart-kvitt): 623 trykte bøker
Format og målform Forfattar Forlag Faktura til Norsk kulturfond
Trykte bøker , begge målformer 102 000* 129 500** 231 500**

* Baka inn i forfattarhonoraret ligg også eventuelle honorar til illustratør, gjendiktar o.l. Same fordelingsnøkkel skal nyttast som i kontrakten som er inngått mellom forlag og opphavarar. Dersom forfattaren har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal forfattardelen av betalinga for eit innkjøp aukast med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.

** For den automatiske ordninga vil det avhengig av påmeldingstala for kvar enkelt runde kunne komme avkortingar i forlagsutbetalingane. Honorara til forlag for kvar enkelt runde blir rekna ut i etterkant av påmeldingsfristen. For 2026 vil det vere eit tak på forlagsavkortingane på 15 %.

Faktura

I samsvar med økonomireglementet i staten betalar ikkje Kulturrådet ut fakturaer til verksemder som har forfalne tilbakebetalingskrav. Faktura må sendast elektronisk i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse er organisasjonsnummeret til Norsk kulturfond, 891 991 762. Elektronisk faktura er ikkje PDF-fil i e-post eller lenkje til fakturahotell. Meir informasjon om EHF-faktura er å finne på dfo.no/kundesider/fakturahandtering.

Fakturaen må innehalde følgjande informasjon:

  • referansenummer
  • kva for ei innkjøpsordning boka er meld på
  • kva for ein påmeldingsrunde boka er meld på
  • namn på forlag, forfattar og tittel
  • sjanger (prosa, lyrikk, dramatikk eller biletbok)
  • ISBN-nummer for trykt bok
  • ISBN-nummer for e-bok
  • beløp

Ofte stilte spørsmål

Har du spørsmål om innkjøpsordningane for ny norsk skjønnlitteratur? Les retningslinjene for ordninga og sida med ofte stilte spørsmål før du tek kontakt med oss.

Ofte stilte spørsmål til innkjøpsordningane for ny norsk skjønnlitteratur

Kontakt

Ordningsansvarlig kan svare på spørsmål om ordningen. Brukerstøtte kan svare på spørsmål om søknadsskjema og tekniske problemer med søknadsportalen.

Brukerstøtte for søknadsportalen

Spørsmål om søknadsskjema / tekniske problemer

Publisert 7. mai 2025 kl. 18:05 · Sist endret 24. april 2026 kl. 11:14