Hopp til hovedinnhold

Ny norsk skjønnlitteratur for barn og unge – selektiv innkjøpsordning

Innkjøp til folkebibliotek av norsk skjønnlitteratur for barn og unge. Søknaden om innkjøp blir vurdert før bøkene eventuelt blir innkjøpte.

Søknadsfrist

Søknadsskjema åpner 15. juli kl. 08:00
Kulturrådet

Ordningen forvaltes av Kulturrådet.

priority_high

Språkendringer i ordningen

Kulturrådet har hatt en klarspråkgjennomgang av alle tilskuddsordningene. Rekkefølge og begreper kan derfor være litt annerledes enn tidligere. Les all informasjonen nedenfor nøye før du søker.

Kva skal ordninga bidra til (formål)?

Formålet med ordninga er å sørgje for at ny norsk skjønnlitteratur for barn og unge blir skapt, gitt ut, spreidd og lesen. Innkjøpsordninga skal leggje til rette for at mindre utgivarar som gir ut færre titlar kvart år, kan få titlane sine vurderte og kjøpte inn til biblioteka. Slik kan dei bidra til det litterære mangfaldet.

Kva for bøker kan kjøpast inn?

Boka må vere ny norsk skjønnlitteratur med barn og unge som primær målgruppe.

Med skjønnlitteratur meiner vi romanar, noveller, kortprosa, lyrikk, dramatikk og biletbøker. Vi reknar også faktabaserte og faglege bøker som skjønnlitteratur dersom dei har eit tilstrekkeleg diktarleg preg.

Boka må anten vere

  • skriven på norsk (bokmål, nynorsk eller dialekt) eller
  • omsett til norsk frå samisk eller eit nasjonalt minoritetsspråk eller
  • omsett til norsk frå eit anna språk dersom det er eit originalverk som ikkje har vore gitt ut tidlegare, eller
  • ei gjendikting av lyrikk til norsk

Med ny meiner vi at boka kjem ut som originalverk same år som de søkjer. For dikt- og novellesamlingar kan opptil halvparten av innhaldet vere publisert før, men boka må stå fram som eit nytt, heilskapleg verk. Er boka omsett frå samisk eller eit nasjonalt minoritetsspråk, kan ikkje originalverket vere eldre enn fem år når de søkjer. Dersom forfattaren av boka er død, kan de søkje i inntil fem år etter at forfattaren gjekk bort.

Frist for å melde på bøker

Fristen for å melde ei bok på ordninga er avhengig av utgivingsdatoen:

Utgivingsdatoen for boka First for å melde boka på ordninga
1. januar - 30. juni 15. februar
1. juli - 31. desember 15. august

Kven kan søkje?

Ordninga rettar seg mot mindre utgivarar av ny norsk skjønnlitteratur. Utgivaren må ha norsk organisasjonsnummer.

De kan melda på inntil tre titlar per søknadsfrist. Det er ikkje mogleg å melda på bøker på både den automatiske og den selektive innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur for same målgruppe innanfor same utgivingsår.

For bøker omsett frå samisk og nasjonale minoritetsspråk (kvensk, romani og romanes) til norsk, gjeld ikkje påmeldingskvoten på inntil tre titlar per søknadsfrist.

Det er viktig at de som utgivar har inngått ein avtale med forfattaren og eventuelle andre opphavspersonar (som illustratørar og gjendiktarar) før de søkjer.

Vi føreset at de gir ut boka uavhengig av om Kulturrådet vedtek å kjøpe henne inn eller ikkje.

Einbokregelen – berre éi bok i året per forfattar

Hugs at ein forfattar vanlegvis berre kan ha éi bok for vaksne og éi bok for barn og unge meldt på innkjøpsordningane for skjønnlitteratur kvart kalenderår. Dette blir kalla «einbokregelen».

Einbokregelen gjeld for denne ordninga og den automatiske innkjøpsordninga for skjønnlitteratur for barn og unge under eitt. Det vil seie at forfattaren ikkje kan ha meir enn éi bok som er påmeld til innkjøpsordningane for skjønnlitteratur for barn og unge same år.

De kan søkje om dispensasjon frå einbokregelen på vegner av forfattaren. Det må de gjere før den første boka kjem ut. Søknaden må grunngivast.

Korleis blir søknaden vurdert (vurderingskriterium)?

Søknaden om innkjøp blir behandla av vurderingsutvalet for skjønnlitteratur for barn og unge.

I vurderinga ser utvalet etter om boka

  • står fram som eit heilskapleg litterært verk
  • har god nok kunstnarleg, språkleg og handverksmessig kvalitet
  • har gått gjennom nødvendig redaksjonelt arbeid
  • er tilpassa barn og unge som målgruppe

Utvalet les og diskuterer dei ferdige bøkene når dei er gitt ut. Dei brukar den samla kunst- og kulturfaglege kompetansen sin til å avgjere kva for bøker som skal kjøpast inn.

Vurdering av innkjøp under ordninga skjer to gonger i året. I tillegg til å vurdere kvaliteten på bøkene skal utvalet prioritere bøkene innanfor ei budsjettramme. Det vil seie at kor mange titlar som kan kjøpast inn, kjem an på det årlege budsjettet og korleis utvalet vurderer kvar enkelt tittel.

Dersom valet står mellom to utgivingar av like høg kvalitet som begge blir vurderte som gode nok til innkjøp, prioriterer utvalet bøker som er omsette frå samisk og nasjonale minoritetsspråk.

Vurderingsutvalet kan hente inn fråsegner frå fagkonsulentar der det er nødvendig, til dømes når dei skal vurdere utgivingar som er omsette frå samisk og nasjonale minoritetsspråk. For gjendiktingar vil Kulturrådets sekretariat hente inn konsulentfråsegner om den språklege attgivinga av dikta på norsk. Fråsegnene skal leggjast fram for vurderingsutvalet.

Vurderingsutvalet har fått delegert vedtaksmynde frå Kulturrådet. Når utvalet har vurdert bøkene, legg dei fram vedtakslistene for Kulturrådet til orientering.

Meir om utvalet som vurderer søknaden

Det er Kulturrådet som avgjer kven som sit i vurderingsutvalet, og det blir oppnemnt for to år om gongen. Utvalet skal representere ei breidd i litteratursyn og ha kunnskap om ulike sjangrar. Dei skal samla ha ein kombinasjon av forfattar-, forlags- og bibliotekerfaring og/eller erfaring frå akademia.

Vurderingsutvalet skal ha minst to medlemmer med kompetanse på visuell litteratur. Éin av desse to medlemmene bør også sjølv vere illustratør og ha god kjennskap til biletbøker.

Utvalet skal i tillegg ha ein samla god kjennskap til målgruppa barn og unge og vere ekstra merksame på nyskaping og endringar på det barnelitterære feltet.

Når eit nytt vurderingsutval skal oppnemnast, vil relevante organisasjonar og foreiningar på litteraturområdet bli bedne om å komme med innspel og forslag til utvalsmedlemmer.

Dette må søknaden innehalde

Ein søknad omfattar søknadsskjemaet og ei trykt bok. Søknadsskjemaet er hovuddokumentet.

Når boka er trykt, skal de sende henne til medlemmene av vurderingsutvalet med ein gong. For søknader som gjeld gjendiktingar, må de i tillegg leggje ved originalverket. Leseeksemplara blir ikkje returnerte.

Er forfattaren og utgivaren av boka same person? Då må de leggje ved ei fråsegn frå ein uavhengig konsulent eller redaktør som har gått gjennom manuskriptet.

Er de usikre på kva sjanger boka høyrer til? Då vel de den sjangeren de meiner passar best, og forklarer kvifor i søknadsskjemaet.

Alle bøker, med unntak av biletbøker, blir kjøpte inn både som trykte bøker og som e-bøker. Dersom de ikkje kan levere boka som e-bok, må de søkje om dispensasjon frå kravet før de søkjer på denne ordninga. Søknaden må grunngivast.

Når de sender inn ein søknad, aksepterer de samtidig vilkåra i søknadsskjemaet og desse retningslinjene.

Ofte stilte spørsmål

Dersom boka blir kjøpt inn

Beskjed og informasjon

Når søknaden er behandla av vurderingsutvalet, vil de få beskjed om boka blir kjøpt inn eller ikkje.

Dersom boka blir kjøpt inn, får de praktisk informasjon om innsending av bøker, fakturaen og fristar i vedtaksbrevet.

Slik skal beløpet fordelast

Kulturrådet betalar eitt samla beløp til dykk som utgivar for heile innkjøpet. Dette beløpet skal dekkje både dykkar del og forfattardelen. De skal betale ut pengane (royaltyen) til forfattaren seinast 14 dagar etter at de har fått beløpet.

Korleis beløpet skal fordelast mellom utgivar og forfattar, er avhengig av sjangeren. De finn betalingstabellar på nettsida til Kulturdirektoratet.

Det er viktig å vere klar over at beløpa i betalingstabellane kan endre seg frå år til år. Beløpa er mellom anna avhengige av kor mykje pengar Kulturrådet vedtek å fordele til ordninga innanfor dei økonomiske rammene Stortinget har fastsett.

Slik leverer de bøker

Dersom boka blir kjøpt inn, skal de sende trykte bøker og e-bøker innan 14 dagar til Kulturrådets distributør.  Kulturrådets distributør sørgjer for at bøkene som blir kjøpte inn, blir tilgjengelege for utlån i biblioteka. Digital tryggleik er eit sentralt element. Bøkene skal leverast til biblioteka både som trykte bøker og som e-bøker. Biletbøker blir berre leverte som trykte bøker. 

Biblioteka skal ta hand om og gi tilgang til dei innkjøpte bøkene i minst fem år. Utgivingsåret blir rekna som første år. 

Levering av bøker og tilgjengeleggjering i bibliotek

Bøker med barn og unge opp til fjerde trinn som målgruppe skal leverast i 1940 eksemplar (for dramatikk gjeld 1163 eksemplar), og bøker for barn og unge med målgruppe frå og med femte trinn skal leverast i 2020 eksemplar (for dramatikk gjeld 1243 eksemplar). I tillegg skal det leverast 70 e-bøker.

Sjå nettsidene til Biblioteksentralen for å finne ei beskriving av levering av e-bøker.

Leveringsadresse for papirbøker:

Biblioteksentralen
OrbitArena
Industriveien 18
2069 Jessheim

Det skal i tillegg sendast eit rapporteringseksemplar av den ferdigtrykte boka til Kulturrådets sekretariat. 

Postadresse: 

Kulturrådet

Postboks 4808 Nydalen

0422 Oslo 

Kostnaden ved utsendinga dekkjer de sjølve. 

Betaling

For 2025-titlar skal desse betalingstabellane brukast.

Betalingstabellar for 2026

Dramatikk for barn og unge: 1163 trykte bøker og 70 e-bøker*
Format og målform Forfattar Forlag Faktura til Norsk kulturfond
Både trykte bøker og e-bok, begge målformer 119 000** 180 000 299 000

* Gjeld titlar som er meinte for barn og unge til og med fjerde trinn.
** Baka inn i forfattarhonoraret ligg også eventuelle honorar til illustratør, gjendiktar o.l. Same fordelingsnøkkel skal nyttast som i kontrakten som er inngått mellom forlag og opphavarar. Dersom forfattaren har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal forfattardelen av betalinga for eit innkjøp aukast med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.

Dramatikk for barn og unge: 1243 trykte bøker og 70 e-bøker*
Format og målform Forfattar Forlag Faktura til Norsk kulturfond
Både trykte bøker og e-bok, begge målformer 126 500** 190 500 317 000

* Gjeld titlar som er meinte for barn og unge frå og med femte trinn, inkludert 540 eks. til skulebibliotek.
** Baka inn i forfattarhonoraret ligg også eventuelle honorar til illustratør, gjendiktar o.l. Same fordelingsnøkkel skal nyttast som i kontrakten som er inngått mellom forlag og opphavarar. Dersom forfattaren har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal forfattardelen av betalinga for eit innkjøp aukast med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.

Prosa/lyrikk for barn og unge: 1940 trykte bøker og 70 e-bøker*
Format og målform Forfattar Forlag Faktura til Norsk kulturfond
Både trykte bøker og e-bok, bokmål 163 500** 234 500 398 000
Både trykte bøker og e-bok, nynorsk 172 000** 248 500 420 500

* Gjeld titlar som er meinte for barn og unge til og med fjerde trinn, inkludert 460 eks. til skulebibliotek.
** Baka inn i forfattarhonoraret ligg også eventuelle honorar til illustratør, gjendiktar o.l. Same fordelingsnøkkel skal nyttast som i kontrakten som er inngått mellom forlag og opphavarar. Dersom forfattaren har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal forfattardelen av betalinga for eit innkjøp aukast med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.

Prosa/lyrikk for barn og unge: 2020 trykte bøker og 70 e-bøker*
Format og målform Forfattar Forlag Faktura til Norsk kulturfond
Både trykte bøker og e-bok, bokmål 169 000** 245 000 414 000
Både trykte bøker og e-bok, nynorsk 178 500** 259 000 437 500

* Gjeld titlar som er meinte for barn og unge frå og med femte trinn, inkludert 540 eks. til skulebibliotek.
** Baka inn i forfattarhonoraret ligg også eventuelle honorar til illustratør, gjendiktar o.l. Same fordelingsnøkkel skal nyttast som i kontrakten som er inngått mellom forlag og opphavarar. Dersom forfattaren har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal forfattardelen av betalinga for eit innkjøp aukast med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.

Biletbøker for barn og unge (firefarga og svart-kvitt): 1940 trykte bøker*
Format og målform Forfattar Forlag Faktura til Norsk kulturfond
Trykte bøker, bokmål 163 500** 213 000 376 500
Trykte bøker, nynorsk 172 000** 228 500 400 500

* Gjeld titlar som er meinte for barn og unge til og med fjerde trinn, inkludert 460 eks. til skulebibliotek.
** Baka inn i forfattarhonoraret ligg også eventuelle honorar til illustratør, gjendiktar o.l. Same fordelingsnøkkel skal nyttast som i kontrakten som er inngått mellom forlag og opphavarar. Dersom forfattaren har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal forfattardelen av betalinga for eit innkjøp aukast med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.

Biletbøker for barn og unge (firefarga og svart-kvitt): 2020 trykte bøker*
Format og målform Forfattar Forlag Faktura til Norsk kulturfond
Trykte bøker, bokmål 169 000** 200 000 391 000
Trykte bøker, nynorsk 178 500** 236 500 415 000

* Gjeld titlar som er meinte for barn og unge frå og med femte trinn, inkludert 540 eks. til skulebibliotek.
** Baka inn i forfattarhonoraret ligg også eventuelle honorar til illustratør, gjendiktar o.l. Same fordelingsnøkkel skal nyttast som i kontrakten som er inngått mellom forlag og opphavarar. Dersom forfattaren har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal forfattardelen av betalinga for eit innkjøp aukast med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.

Faktura

I samsvar med økonomireglementet i staten betalar ikkje Kulturrådet ut fakturaer til verksemder som har forfalne tilbakebetalingskrav. Faktura må sendast elektronisk i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse er organisasjonsnummeret til Norsk kulturfond, 891 991 762. Elektronisk faktura er ikkje PDF-fil i e-post eller lenkje til fakturahotell. Meir informasjon om EHF-faktura er å finne på https://dfo.no/kundesider/fakturahandtering.

Fakturaen må innehalde følgjande informasjon:

  • referansenummer
  • kva for ei innkjøpsordning boka er meld på
  • kva for ein påmeldingsrunde boka er meld på
  • namn på forlag, forfattar og tittel
  • målform (bokmål eller nynorsk)
  • sjanger (prosa, lyrikk, dramatikk eller biletbok)
  • ISBN-nummer for trykt bok
  • ISBN-nummer for e-bok
  • beløp

Kontakt

Ordningsansvarlig kan svare på spørsmål om ordningen. Brukerstøtte kan svare på spørsmål om søknadsskjema og tekniske problemer med søknadsportalen.

Brukerstøtte for søknadsportalen

Spørsmål om søknadsskjema / tekniske problemer

Publisert 7. mai 2025 kl. 18:05 · Sist endret 7. februar 2026 kl. 07:01