Hopp til hovedinnhold

Historiske spel

Tilskot til produksjonen av historiske spel, dvs. lokale oppsetningar som tek utgangspunkt i fjern eller nær fortid.

Søknadsfrist

Søknadsskjema åpner 15. september kl. 10:00
Kulturdirektoratet

Ordningen forvaltes av Kulturdirektoratet.

priority_high

Ny søknadsportal

Kulturdirektoratet innfører ny søknadsportal. Dette inneberer ny pålogging og registrering av brukar, som betyr at tidligare søkarar må registrere seg som søkar på nytt. Brukargrensesnittet er nytt, og søknadsskjemaet ser annleis ut, men vi spør i stor grad om det same som tidlegare. Det er inga endring i korleis søknader vert behandla av Kulturdirektoratet.

I den nye portalen kan du mellom anna gjere endringar i søknaden etter at den er sendt inn, heilt fram til søknadsfristen går ut.

Har du spørsmål, ta kontakt med brukarstøtte. 

priority_high

Språkendringar i ordninga

Kulturdirektoratet har hatt ein klarspråksgjennomgang av alle tilskotsordningane. Rekkjefølgje og omgrep kan derfor vere litt annleis enn før. Les all informasjonen nedanfor nøye før du søkjer.

Kva skal ordninga bidra til (formål)?

Formålet med ordninga er å bidra til å utvikle nye spel og gi etablerte spel høve til kontinuitet og auka kvalitet. Spelaktiviteten skal inngå som eit ledd i å styrkje kulturaktiviteten og eigenidentiteten i lokalsamfunnet. Spelaktiviteten skal inkludere og stimulere til brei deltaking.

Kva kan få tilskot?

Du kan søkje om tilskot på inntil 300 000 kroner til utgifter knytte til sjølve teaterproduksjonen av historiske spel. Med «historiske spel» meiner vi lokale oppsetjingar som tek utgangspunkt i fjern eller nær fortid. Framsyninga kan spelast både innandørs og utandørs.

Kva kan ikkje få tilskot?

På denne ordninga gir vi ikkje tilskot til

  • driftsformål, til dømes å investere i utstyr eller å oppgradere ein spelestad
  • kurs og tilknytte arrangement
  • å byggje opp eigenkapital, skrive ned tidlegare underskot eller setje av midlar til fond eller kjøp av eigedom
  • pilotar/forprosjekt
  • spelfrie år – spelet må setjast opp i perioden du får tilskot for
  • digitale prosjekt
  • føretak der det er opna offentlege gjeldsforhandlingar eller konkursbehandling

Vi gir normalt ikkje tilskot til aktivitetar som er gjennomførte før søknadsfristen.

Prosjekt som fell utanfor formålet med ordninga, kan ikkje få tilskot. Om søknaden fell utanfor denne ordninga, kan han bli avslått.

Kven kan søkje?

Ordninga rettar seg mot aktørar som set opp historiske spel i Noreg der vaksne amatørar og frivillige deltek.

Enkeltpersonføretak, private og offentlege institusjonar, organisasjonar og andre verksemder kan søkje. Søkjaren må ha eige organisasjonsnummer.

Skal du søkje på denne ordninga, må spelet oppfylle alle desse vilkåra:

  • Amatørar må vere med som aktørar, åleine eller i samspel med profesjonelle utøvarar.
  • Spelet skal ha frivillig dugnadsinnsats.
  • Spelet skal vere forankra i lokalt kulturliv.
  • Spelet skal ha ei tematisk tilknyting til spelestaden – til dømes ved å vere forankra i lokalhistorie eller gjennom lokale myter, segn eller litteratur.
  • Spelet skal vere ope for eit allment publikum, og det skal seljast billettar til framsyningane.
  • Spelet skal vere gjennomført innan 30. april året etter at tilskotet er tildelt (når vi sender ut kontrakten).

Søkjer du på vegner av ei kommunal eller fylkeskommunal verksemd, eller ei verksemd som får fast årleg statstilskot? Då vurderer vi i tillegg søknaden på bakgrunn av

  • om spelet framstår som eit eige prosjekt med eigen prosjektrekneskap
  • eigeninnsatsen/bidraget frå verksemda
  • grunnfinansieringa til verksemda
  • om verksemda allereie får statsstøtte til å arrangere spel eller tilsvarande prosjekt

Søknad

Korleis blir søknaden vurdert (vurderingskriterium)?

Søknaden blir vurdert av fordelingsutvalet for historiske spel. Utvalet les og diskuterer alle søknadene og bruker den samla kompetansen sin til å bestemme kva prosjekt dei skal tilrå at får tilskot. Dei vurderer søknadene både enkeltvis og i samanheng med dei andre søknadene som er med i same søknadsrunde.

Kulturdirektoratet gjer vedtak etter innstilling frå utvalet.

Når utvalet vurderer kvar enkelt søknad, legg dei vekt på 

  • det faglege innhaldet og kvaliteten
  • om prosjektet er relevant for formålet med ordninga
  • om prosjektet er tilstrekkeleg gjennomtenkt/utvikla
  • grada av kunstnarisk vidareutvikling (dersom spelet har vore sett opp tidlegare)
  • den frivillige innsatsen i prosjektet
  • grada av lokal forankring og tematisk tilknyting til spelestaden
  • kompetansen/erfaringa blant dei sentrale aktørane
  • økonomien og økonomistyringa i verksemda
  • om budsjettet verkar uforholdsmessig høgt samanlikna med storleiken på arrangementet, marknadsprisar og det alminnelege kostnadsnivået på feltet
  • om prosjektet får lokal eller regional medfinansiering
  • om prosjektet lèt seg gjennomføre
  • organiseringa, ressursutnyttinga og moglegheitene for eigeninntening i prosjektet
  • klima- og naturomsyn i gjennomføringa
  • omsyn til inkludering og tilgjenge
  • om vilkår for tidlegare tilskot er oppfylte, slik som krav til rapportering, rekneskap og gjennomføring

Når utvalet gjer ei samla vurdering av alle søknadene og kven som skal få tilskot, tek dei òg omsyn til geografisk fordeling, kulturelt mangfald og behovet for tilskotet.

Om du representerer ei verksemd som får fast årleg statstilskot, vurderer utvalet i tillegg om det du søkjer tilskot til, ligg utanfor kjerneoppgåvene til verksemda, og korleis verksemda bidreg til gjennomføringa.

Har søknaden manglar, kan han bli avvist.

Om storleiken på tilskotet

På denne ordninga gir vi tilskot som kan dekkje inntil 50 prosent av budsjettbeløpet. Det er i tillegg ei øvre grense for søknadssum på maksimalt 300 000 kroner. 

Når utvalet skal foreslå eit tilskotsbeløp, vurderer dei budsjettet og finansieringsplanen i søknaden opp mot kor mykje pengar vi har å dele ut. Du kan sjå kva beløp vi har delt ut tidlegare, i vedtakslister for ordninga.

Vi kan stille krav om at tilskotet berre kan brukast til visse delar av prosjektet.

Det er mange som søkjer om tilskot frå ordninga. Sjølv om prosjekt og verksemder blir vurderte som gode, kan dei få avslag eller eit lågare beløp enn dei har søkt om.

Dette må søknaden innehalde

Søknaden må leverast gjennom søknadsportalen til Kulturdirektoratet.

I søknadsskjemaet skal dette vere med: 

ei prosjektskildring

  • som spesifiserer kva tilskotet skal brukast til
  • som inneheld eit samandrag av handlinga (synopsis)
  • som skildrar målsetjinga for spelet (tema, verkemiddel og ev. andre viktige element)
  • som gjer greie for den tematiske/historiske tilknytinga til spelestaden
  • som forklarer kva spelet har å seie for lokalsamfunnet, og bruken av frivillig innsats
  • som inneheld planane for marknadsføring/formidling
  • som (dersom spelet er sett opp tidlegare) skildrar den kunstnariske vidareutviklinga

ein plan for organisering og framdrift 

  • som viser korleis spelet er organisert (oversikt over prosjektansvarlege og sentralt medverkande – både amatørar og profesjonelle – og funksjonen deira)
  • som skildrar framdrifta i prosjektet, planlagd premieredato og talet på framsyningar

eit prosjektbudsjett 

  • som viser ein samansett finansieringsplan der søknadssummen ikkje overskrid 50 prosent av budsjettet
  • som spesifiserer alle inntekter, inkludert eigenfinansiering, med beløp og namn på tilskotsgivarar, og som viser om du har søkt om beløpa, eller om dei er løyvde 

Sluttdatoen for spelet må vere seinast 30. april året etter at tilskotet er tildelt. 

Dei obligatoriske vedlegga er

  • (dersom du representerer ei rekneskapspliktig heilårsverksemd som har spel som hovudverksemd:) årsrekneskap og eventuelt årsmelding frå det førre gjennomførte spelet

Søknaden kan òg styrkjast ved at du legg ved spesifisert budsjett, CV, manusutdrag, lydfiler, biletmateriale, meldingar, nettsider og liknande som presenterer spelet utover prosjektskildringa. Prøv likevel å avgrense talet på vedlegg, slik at viktig informasjon ikkje forsvinn i mengda.

Etter vedtak

Kva skjer om du får tilskot?

Vedtak og aksept

Når saka er ferdig behandla, sender vi eit vedtaksbrev i søknadsportalen der det står om du har fått tilskot eller avslag.

Om du har fått tilskot, viser vedtaksbrevet beløpet du har fått, og vilkåra for tilskotet. Du må vurdere vilkåra og gi oss beskjed om du aksepterer tilskotet, innan fristen som står i brevet. 

Utbetaling av tilskot

Heile tilskotet blir utbetalt når du har takka ja til tilskotet i akseptskjemaet, og aksepten har blitt godkjend av Kulturdirektoratet.

Kulturdirektoratet kan halde tilbake tilskot eller krevje tilbakebetaling 

Dersom tilskotet ikkje blir brukt i tråd med vilkåra i vedtaksbrevet, kan Kulturdirektoratet halde tilbake tilskot eller krevje at det blir betalt tilbake. Det gjeld òg dersom det var feilopplysningar i søknaden, eller om du ikkje har levert rapport og rekneskap for tidlegare tilskot.

Om prosjektet endrar seg

Dersom prosjektet endrar seg mykje frå det du har skildra i søknaden, må du søkje om å få endringane godkjende, for å vere sikker på at du framleis har rett til å bruke tilskotet. Korleis du gjer dette, står i vedtaksbrevet.

Dersom vi ikkje godkjenner endringane, kan vi halde tilbake tilskot eller krevje tilbakebetaling. 

Om rapport og rekneskap

Alle som får tilskot frå Kulturdirektoratet, må sende rapport og rekneskap så snart prosjektet er avslutta, slik at vi kan kontrollere at tilskotet er brukt i tråd med vilkåra. Du får tilsendt eit rapportskjema gjennom den digitale søknadsportalen.

Prosjektet kan bli evaluert

Iblant vil Kulturdirektoratet evaluere tilskotsordningane og prosjekt som har fått tilskot. Dersom det gjeld ditt prosjekt / di verksemd, forventar vi at du bidreg med nødvendig informasjon og dokumentasjon.

Bruk logoen til Kulturdirektoratet

Du må vise at prosjektet har fått tilskot frå Kulturdirektoratet, i ekstern kommunikasjon og marknadsføring. Last ned logoen til Kulturdirektoratet her.

Gratisbillettar til følgjepersonar

Når det blir selt billettar som del av prosjektet, skal alle med følgjekort få gratis billett til følgjepersonen.

Rapportering og regnskap

Rapportering og regnskap 

Prosjektrapport og prosjektregnskap skal leveres i rapportskjema i søknadsportalen senest tre måneder etter sluttdatoen som er satt for prosjektet.. Regnskapspliktige helårsvirksomheter skal i tillegg sende inn årsrapport, men ellers er det ikke krav om vedlegg. Tilskuddsmottaker vil motta en påminnelse om rapporteringsfristen i sin innboks i Altinn før rapporteringsfristen er utløpt. Dersom det ikke er avtalt utsettelse med Kulturdirektoratet, gjelder sluttdatoen som er oppgitt i søknaden. Tilskuddsmottaker er selv ansvarlig for å søke om en eventuell endring av rapporteringsfrist. Dersom fristen ikke overholdes, vil Kulturdirektoratet kreve tilskuddet tilbakebetalt. 

Du vil få to varsler om rapportering før rapportfristen. Det første kommer 90 dager før rapporteringsfristen og det andre 14 dager før fristen. Disse varslene kommer i din meldingsboks i Altinn. Hvis du har behov for å utsette en rapporteringsfrist, ta kontakt med saksbehandler i god tid før fristen slik at vi kan vurdere utsettelse. 

Prosjektrapporten skal inneholde:

  • en kort oppsummering av prosjektet
  • redegjørelse for omfanget av frivillig innsats
  • redegjørelse for gjennomføring – antall forestillinger og antall publikummere 

Prosjektregnskap:

  • Regnskapet skal være fullstendig. Foreløpige regnskap godkjennes ikke.
  • Tilskudd fra Kulturdirektoratet og andre tilskuddsytere, inkludert kommune og fylkeskommune, skal spesifiseres i regnskapet med tilskuddsyterens navn og beløp
  • Det skal komme tydelig fram av regnskapet hvordan tilskuddet er benyttet. Bruk kommentarfeltet for gjeldende post(er).
  • Avvik på mer enn 10 % mellom regnskap og budsjett i søknaden skal kommenteres. Eventuelle overskudd/underskudd skal alltid kommenteres.
  • Bilag må kunne framlegges ved forespørsel. Tilskuddsmottakere skal oppbevare all dokumentasjon om at vilkårene for å motta tilskudd er oppfylt i fem år etter søknadsåret. 

Revisorkontroll 

Dersom tilskuddet av spillemidler til kulturformål er kr 500 000 eller høyere skal regnskapet være kontrollert av statsautorisert eller registrert revisor, eventuelt av kommunerevisjon eller annet offentlig revisjonsorgan. 

Tilbakebetaling av tilskudd 

Dersom det ikke rapporteres innen fristen eller at tilskuddsmidlene ikke brukes etter forutsetningene, skal tilskuddet tilbakebetales til Kulturdirektoratet. Dersom tilskuddet er gitt på bakgrunn av uriktige opplysninger eller at det foreligger andre vesentlige brudd på vilkårene, kan Kulturdirektoratet kreve at utbetalte tilskudd betales tilbake. Dette kan også få konsekvenser for fremtidige tildelinger. 

Evaluering 

I forbindelse med evaluering av prosjektet plikter tilskuddsmottaker å fremlegge etterspurt dokumentasjon dersom Kulturdirektoratet krever det. 

Kontrolladgang 

Kulturdepartementet, revisor av spillemidlene og Riksrevisjonen har adgang til å kontrollere at spillemidlene til kulturformål nyttes etter forutsetningene. Departementet viser til det generelle pålegget Stortinget har gitt forvaltningen om å føre kontroll med tilskudd til "offentlig eller privat virksomhet som ellers ikke er undergitt statlig kontroll”, jf. § 10 andre ledd i Stortingets bevilgningsreglement. 

Forutsetninger  

  • Tilskuddet skal benyttes til formålet innen ett år etter at tilskuddet er tildelt (dvs. når kontrakten sendes ut).
  • Virksomheten/organisasjonen skal ha oversikt over økonomien og sørge for at forholdet mellom budsjetterte og faktiske utgifter og inntekter alltid er under kontroll.
  • Tilskuddsmidlene skal ikke forvaltes på en måte som innebærer risiko for tap og/eller at midlene stilles til disposisjon for andre formål enn de er tiltenkt.
  • Ev. omdisponering av tilskuddet skal omsøkes skriftlig og godkjennes av Kulturdirektoratet.

Ledelsens og styrets ansvar 

Ledelsen/styret for virksomheten har ansvar for at forvaltningen skjer i samsvar med gjeldende lover og forskrifter. Virksomheten/organisasjonen skal ha oversikt over økonomien og sørge for at forholdet mellom budsjetterte og faktiske utgifter og inntekter er under kontroll til enhver tid. 

Ledelsen/styret skal sørge for betryggende kontroll med bokføring og formuesforvaltning. Dette innebærer blant annet at tilskuddsmidlene ikke kan forvaltes på en måte som innebærer risiko for tap og/eller at midlene stilles til disposisjon for andre formål enn de er tiltenkt. Denne interne kontrollen kan ikke erstattes av kontrollen som utføres av ekstern revisor. Ledelsen/ styret skal påse at virksomheten/organisasjonen benytter tilskuddet etter fastsatte vilkår og forutsetningene som er gitt ved tildelingen av midlene. Kulturdirektoratet skal informeres dersom det oppstår vesentlige avvik.» 

Rettslig grunnlag for ordninga

Kulturdirektoratet forvaltar ordninga på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Retningslinjene for ordninga for historiske spel er vedtekne av Kulturdirektoratet i september 2025 og godkjende av Kultur- og likestillingsdepartementet.

Tilskotsordninga er finansiert av spelemidlar. Spelemidlane blir fordelte ved kongeleg resolusjon kvart år. 

Hjelp og veiledning

Kontakt

Ordningsansvarlig kan svare på spørsmål om ordningen. Brukerstøtte kan svare på spørsmål om søknadsskjema og tekniske problemer med søknadsportalen.

Brukerstøtte for søknadsportalen

Spørsmål om søknadsskjema / tekniske problemer

Publisert 7. mai 2025 kl. 18:05 · Sist endret 16. januar 2026 kl. 07:00