Bodø2024 trefte ungdommen, men fekk ikkje med seg heile Nordland
Bodø2024 hadde ambisiøse mål for kva året som kulturhovudstad skulle oppnå, mellom anna å redusere ungdomsfråflytting frå Nordland. Professor Anatoli Bourmistrov ved Nord universitet har stått for evalueringa og utarbeidinga av sluttrapporten.
Nettverka gir størst effekt, men éin ting mangla
Kulturhovedstadsåret ønsket å skape langsiktig positiv effekt på kulturlivet i Nordland. Rapporten viser at nettverka som vart etablerte på sikt kan gi størst effekt i sektoren. Men det føreset vidare finansiering.
Sjølv om kulturhovudstaden hadde svært mange aktivitetar og arrangement, viser likevel tal at 60 prosent av dei som vart intervjua i evalueringa ikkje hadde vore med på eit arrangement. Bourmistrov meiner éin konkret ting har skulda.

– Dette handlar i stor grad om kommunikasjonsstrategi. Kommunikasjonen var tidvis mangelfull og utydeleg, og kulturkalenderen var både uoversiktleg og lite brukarvennleg. I tillegg opplevde enkelte arrangementa som elitistiske, påpeikar forskaren.
Han viser til at forsking frå tidlegare europeiske kulturhovudstader ikkje har fanga opp dette, fordi tilgangen til publikumsdata ikkje har vore like djuptgåande.
– For Bodø2024 betyr dette at høg symbolsk støtte ikkje nødvendigvis inneber høg faktisk deltaking. Dette omtaler vi som eit fenomen der folk uttrykkjer støtte til prosjektet, men likevel ikkje deltek aktivt i kulturarrangementa, forklarer Bourmistrov.
Satsa på ungdom, men dei flyttar likevel
Ungdom og mangfald var hovudsatsingane til Bodø2024. Eigne satsingar for barn og unge vart sett i gang, og det vart gjennomført ei lang rekkje prosjekt for denne målgruppa i Nordland, som var vellykka.
– Det vart gjennomført ei lang rekkje gode prosjekt for barn og unge over heile Nordland, der unge deltok aktivt i kulturarrangement, ikkje berre som publikum, men som skaparar, arrangørar og medverkande. Utfordringa er at vidareføring og skalering av effektane er vanskeleg utan kommunal finansiering, seier Bourmistrov.
Rapporten viser at kultur styrkjer tilhøyrsel til samfunnet, men også at kulturtilbod ikkje kan bremse ungdomsutflytting åleine. Strukturelle faktorar som jobb og bustad veg tyngre.
Professor meiner samisk profil førte til polarisering
Bodø2024 gjennomførte eit breitt spekter av arrangement som fokuserte på demokrati, dialog, ytringsfridom og inkludering. Samiske prosjekt utgjorde 11 prosent av alle arrangementa og fekk markant plass. Samarbeidet med internasjonale aktørar bidrog til å etablere nye arenaer for debatt og samhandling.
– Utfordringa er at den tydelege samiske profilen også førte til stor polarisering, særleg i sosiale medium. I tillegg er det framleis uklart om dei nye arenaene for ytringsfridom og dialog vil bli institusjonalisert og vidareført på lang sikt, kommenterer Bourmistrov.
Fakta om den europeiske kulturhovudstaden Bodø2024
- 434 arrangement gjennom heile året
- 12.300 utøvarar vart engasjerte, av dette 3000 frå utlandet
- Publikumsdeltagelse er rekna til mellom 300.000 – 350.000 deltakarar
- 4500 frivillige deltok frå ulike land (36 språk)
- Monitor2024/Nord universitet evaluerte året
- Bodø var europeisk kulturhovudstad i 2024 saman med Bad Ischl i Austerrike og Tartu i Estland.
- Europeiske kulturhovudstader er eit initiativ under EUs kulturprogram Kreativt Europa, som Noreg er med i.
- Målet med programmet er å auke kjennskapen til det rike mangfaldet og fellesverdiane i den europeiske fellesskapen, i tillegg til å byggje langsiktig sosial og økonomisk utvikling i dei valde byane.
- Kulturdirektoratet har ansvar for Kreativt Europa-desken for kultur i Noreg.