Hopp til hovedinnhold

Kulturdirektoratet ønskjer forslag til nye medlemmer i fordelingsutvalet for historiske spel

Fra Bjørnørfolket, spelet om utvandringa til Amerika. Foto: Bjørn Filip Kjeldsen Holm
Vi søkjer forslag til kandidatar med god fagkompetanse frå heile landet og med ulik bakgrunn og alder.
Publisert 13. mars 2026

Fordelingsutvalet for historiske spel les og vurderer søknader, og gir råd til Kulturdirektoratet om korleis midlane bør fordelast. No treng vi nye medlemmer for perioden 2026–2029, og du kan foreslå kven som bør vere med.

Kven kan sitte i utvalet?

Utvalet skal samla ha god kunnskap om speltradisjonen, scenekunst, amatørteater og kulturfrivillighet. Vi treng medlemmer som forstår kva som krevst for å lage og drive eit spel, både kunstnarisk og organisatorisk, og som kjenner til kva spel betyr for lokalsamfunn.

Aktuelle kandidatar kan vere regissørar, skodespelarar, produsentar, arrangørar, forskarar eller lokale eldsjeler med erfaring frå spel.

Slik foreslår du kandidatar

Du kan foreslå nye medlemmer som privatperson eller på vegner av ein organisasjon. Du kan også foreslå deg sjølv. I skjemaet beskriv du kva kunnskap og erfaring kandidaten har, og kvifor dette er relevant for arbeidet i utvalet. 

Fristen for å sende inn forslag er 3. mai 2026.

Slik blir medlemmer utnemnde

Kulturdirektoratet vurderer alle forslag vi får inn, og tek kontakt med aktuelle kandidatar. Direktøren i Kulturdirektoratet avgjer kven som blir utnemnde, og namna blir publiserte på nettsidene våre.

Medlemmer blir utnemnde for fire år om gongen, og utvalet blir jamleg fornya for å sikre brei representasjon og gode faglege diskusjonar.

Om arbeidet i fordelingsutvalet for historiske spel

Utvalet består av tre personar og to varamedlemmar. Det gir tilrådingar basert på kulturfagleg skjønn. Medlemmene representerer berre seg sjølve og skal gjere uavhengige vurderingar ut frå retningslinjene for ordninga og eigen kompetanse. Utvalet diskuterer seg fram til felles avgjerder i møta. Tilrådingane blir sende til direktøren i Kulturdirektoratet, som gjer endeleg vedtak.

Utvalet har eitt fysisk møte over to arbeidsdagar før jul kvart år. I tillegg kjem kortare opplærings- og informasjonsmøte. Før møtet les og vurderer medlemmene alle søknadar (vanlegvis mellom 50 og 100 stykk) og saksdokument. 

Medlemmene får honorar for førebuing og møtetid etter statens satsar.