Kulturarenaer over heile landet får eit løft
Kulturrådet fordeler om lag 9 millionar kroner til 26 mottakarar frå Longyearbyen i nord til Stavanger i sør gjennom tilskotsordninga ARENA.
Folken, kulturhuset til studentane i Stavanger, får tilskot til heis i eit planlagt tilbygg. Heisen skal gjere heile bygget meir tilgjengeleg for tilsette og besøkjande med nedsett rørsle. Tiltaket inngår i rehabiliteringsprosjektet «Folkenløftet».
– Vi har valt å kalle det «Folkenløftet», for no skal det gode, gamle huset vårt endeleg få eit reelt løft – til glede for publikum, musikarane som speler her, dei frivillige og oss som jobbar her, seier Jesper Brodersen, dagleg leiar i Folken.
Oppgraderer arenaer over heile landet
Dei fleste tilskota går til å oppgradera og tilpasse eksisterande bygg og infrastruktur, eller til forprosjekter for å gjere om bygg og lokale til nye kunst- og kulturarenaer.
– Gode kulturarenaer er heilt nødvendige i eit levande kunst- og kulturliv. Derfor er det viktig for Kulturrådet å bidra til at dei er tilgjengelege, funksjonelle og tilpassa behova til publikum og kunstnarar, seier Gabrielle Solaké Sanneh Graatrud, leiar av fagleg utval for tverrgåande ordningar og medlem av Kulturrådet.
Tilgjengelegheit høgt prioritert
Mange av søkjarane vil gjere kulturarenaer meir tilgjengelege. Nær 40 prosent av søknadene gjeld universell utforming og andre tiltak. Blant dei er Lydkompass, som får tilskot til å vidareutvikle ei digital teneste med informasjon om tilgjengelegheita ved kulturarenaer.
Mange søkte for første gong
Interessen blant nye søkjarar til ordninga er stor. Nesten halvparten av dei 91 søknadene kom frå verksemder som ikkje har søkt ordninga tidlegare. 21 av dei hadde heller ikkje søkt Kulturrådet om tilskot før.
Blant dei som får tilskot for første gong, er Duodjeinstituhtta i Kautokeino, som skal utvikle ei digital plattform for samisk duodji (tradisjonshandverk) og Rangøya internasjonale kultursenter i Averøy, som får støtte til eit mobilt lysanlegg for kulturaktivitetar ved eigne og andre arenaer.
Sjå alle tilskot arrow_forward
Om tilskotsordninga ARENA
Tilskotsordninga ARENA skal bidra til at det frie kunst- og kulturlivet i heile landet har gode, tilrettelagde og berekraftige arenaer og infrastruktur for produksjon, formidling og fagleg utvikling.
Ordninga omfattar alle fagområde under Kulturrådet: visuell kunst, musikk, scenekunst, litteratur, tidsskrift og kritikk, kulturvern og det tverrfaglege.
Det kan givast tilskot til:
- ombygging, oppgradering og tilpassing av lokale og infrastruktur, samt nye bygg
- kjøp av teknisk utstyr til visning og produksjon
- forprosjekt som behovsanalysar, moglegheitsstudiar, skisseprosjekt, prosjektering og meir.
Både fysiske bygg og lokalar, utandørsstader, mobile og digitale arenaer kan få tilskot.