Hopp til hovedinnhold

Klart for kultursamarbeid med Ungarn

Det kjem moglegheiter for kultursamarbeid med Ungarn. Foto: Christophe Vander Eecken
Norske og ungarske kunstnarar og kulturaktørar får nå nye moglegheitar til å samarbeide. I ei uroleg tid kan kultur knyte menneske og land tettare saman.
Publisert 18. november 2026

Ein ny periode med EØS-midlar har byrja og no skal også Ungarn vere med. Førre periode fekk ikkje Ungarn midlar, fordi givarlanda Noreg, Island og Liechtenstein ikkje vart samde med ungarske styresmakter om korleis midlane skulle forvaltast. 

Ny EØS-avtale vart signert i oktober 2026, og opnar for nye samarbeid med Ungarn. Avtalen finansierer prosjekt innan kultur, likestilling, grøn omstilling og andre samfunnsområder, som aktørar i Noreg kan dra nytte av.

Eit sterkere og meir demokratisk Europa

– Eg er glad for at vi har signert ein ny avtale om EØS-midlar med Ungarn. Denne avtalen gir nye og spennande moglegheiter for samarbeid mellom dei to landa våre. I ei uroleg tid prega av press på demokratiske verdiar og prinsipp er det gledeleg at vi no kan bidra til å styrkje og framme demokrati, rettsstat og menneskerettar i Ungarn. Eit sterkare og meir demokratisk Europa er òg i Noregs interesse, seier utanriksminister Espen Barth Eide. 

No blir det kulturprogram i sju land dei neste sju åra. Kvart land har ulike innretningar på kulturprogramma sine og midlane blir lyste ut på ulike tidspunkt. Kulturprogrammet i Ungarn er i oppstarten, og det vil ta tid før dei første utlysingane kjem. Kulturdirektoratet er kontaktpunkt for programmet i Noreg, saman med Riksantikvaren, som har ansvar for kulturarv.

Berikande for alle partar

– Internasjonalt kultursamarbeid er berikande for alle partar, men kan ta tid å planleggje. Vi oppmodar derfor dei som er interesserte i å samarbeide med den ungarske kultursektoren å tenkje over kva dei har lyst til å gjere allereie no, seier seksjonsleiar Agnes Kroepelien i Kulturdirektoratet.

Kulturprogrammet er på nærare 19 millionar euro, der minst 45 prosent av beløpet skal gå til å støtte kunst- og kulturprosjekt. Målet er ha eit endeleg program klart i løpet av våren med utlysingar mot slutten av 2027.

Følg med på nyheiter om EØS-midlane for kultur

Meld deg på nyhetsbrevet

EØS-midlar til kultur arrow_forward

Les meir om kva moglegheiter du har for internasjonalt kultursamarbeid gjennom EØS-midlane