Ekstern utgreiing: Kulturrådet gjer gode habilitetsvurderingar
Kulturrådet bestilte ein ekstern gjennomgang etter at habilitetspraksisen vart gjenstand for debatt hausten 2025. Utgreiinga frårår generelle avgrensingar på moglegheita utvalsmedlemmene har til å søkja tilskot.
– Problemet med at utvalsmedlemmer kan søkja sjølv, er ikkje først og fremst at utfallet faktisk blir urimeleg, men at mistanken om påverking er vanskeleg å tilbakevisa når vurderingane er skjønnsbaserte, seier prosjektleiar Trude Thorbjørnsrud.
Søknader der utvalsmedlemmer søkjer sjølv, utgjer ein svært liten del av søknadene til Kulturrådet, men andelen varierer ein del mellom ordningane.
– Me finn ikkje grunnlag for å seia at utvalsmedlemmer generelt kjem betre ut av søknadsbehandlinga enn andre søkjarar, seier Thorbjørnsrud.
Gjennomgangen er gjennomført i samarbeid med Henriette Tøssebro frå juridisk fakultet ved universitetet i Bergen.
Les rapporten Ekstern gjennomgang av Kulturrådet her arrow_forward
Frårår generelle avgrensingar
Proba finn ikkje grunnlag for å innføra generelle avgrensingar på moglegheita utvalsmedlemmene har til å søkja tilskot frå Kulturrådet.
– Det vil vera eit for inngripande tiltak i forhold til problema det skal løysa, og det vil vera uheldig for rekruttering av kompetanse til fagutvala, seier Thorbjørnsrud.
Frå 2026 innførte Kulturrådet ein mellombels regel om at utvalsmedlemmer som sjølv søkjer tilskot, må fråtre behandlinga av alle søknader i same søknadsrunde.
– Me meiner regelen er uforholdsmessig streng og manglar tilstrekkeleg juridisk grunnlag, seier Thorbjørnsrud.
Ifølgje rapporten må det vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle om ein utvalsmedlem er inhabil til å behandla andre søknader i same runde.
– Etter forvaltningslova kan ein utvalsmedlem aldri behandla sin eigen søknad. Men om medlemmen heller ikkje kan behandla dei andre søknadene i same runde, må vurderast konkret i kvar enkelt sak, seier Thorbjørnsrud.
I slike vurderingar er det mellom anna relevant kor mange søkjarar som konkurrerer om dei same midlane, kor store beløp det blir søkte om, og kor mykje utvalsmedlemmen kan påverka sine eigne moglegheiter til å få tilskot.
Etterlyser større openheit
Proba meiner det er behov for openheit om korleis habilitet blir vurdert og søknader blir behandla. Dei tilrår at Kulturrådet gjer rutinar for saksbehandling og kriteria for habilitetsvurderingar synlegare for offentlegheita, dokumenterer vurderingane betre og gir større innsyn i arbeidet til utvala.
Kulturrådet følgjer no opp tilrådingane
Kulturrådet vil no vurdera rapporten og følgja opp tilrådingane.
– Me er glade for å ha fått ein grundig ekstern gjennomgang. Den gir oss eit godt grunnlag for å vurdera habilitetspraksisen vidare, mellom anna om den mellombelse regelen bør endrast. Større openheit står sentralt i arbeidet vårt framover, fordi det er viktig for tilliten til Kulturrådets avgjerder. Me er allereie godt i gang med tiltak som skal gi folk betre innsikt i korleis me jobbar, og skal til dømes strøyma delar av møta våre frå neste år, seier Kristian Seltun, leiar i Kulturrådet.
Om utgreiinga
- Hausten 2025 vart Kulturrådets habilitetspraksis diskutert i fleire mediesaker. Kulturrådet bestilte derfor ein ekstern gjennomgang for å undersøkja moglege tiltak.
- Gjennomgangen skulle mellom anna vurdera om det bør innførast avgrensingar på moglegheita råds- og utvalsmedlemmene har til å søkja tilskot, og kva konsekvensar slike avgrensingar kan få for rekrutteringa av kunst- og kulturfagleg kompetanse.
- Proba Samfunnsanalyse har gjennomført undersøkinga i samarbeid med Henriette Tøssebro, førsteamanuensis ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen.
- Rapporten byggjer mellom anna på intervju, ei spørjeundersøking, ein gjennomgang av habilitetsvurderingar i Kulturrådet dei siste åra og juridiske vurderingar.