Proba Samfunnsanalyse skal utgreie Kulturrådet
Arbeidet med utgreiinga vart lyst ut på offentleg anbod, og til fristen i februar kom det inn heile ti tilbod.
Etter ei samla vurdering av kompetanse, metode og gjennomføringsevne er det bestemt at Proba Samfunnsanalyse, i samarbeid med Henriette N. Tøssebro, førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, skal gjennomføre oppdraget.
Derfor valde Kulturdirektoratet Proba Samfunnsanalyse
– Proba viser ei god forståing for oppdraget. Forslaget til gjennomføring er både ryddig og godt gjennomtenkt. Prosjektteamet er dessutan satt saman med ulike fagbakgrunnar og komplementær kompetanse, inkludert svært solid juridisk kompetanse og erfaring frå kultursektoren, seier Øyvind Prytz, prosjektleiar i Kulturdirektoratet.
– Det var gledeleg å sjå så mange gode tilbod. Det gjer oss trygge på at vi får ei grundig og god utgreiing, seier Prytz.
Det er Kulturdirektoratet som administrerer prosjektet på vegne av Kulturrådet og som har vurdert tilboda.
Ekstern gjennomgang av åtgangen til å søke
Hausten 2025 var det fleire diskusjonar om korleis Kulturrådet tildeler tilskot. Derfor har Kulturrådet ønska ein ekstern gjennomgang.
Utgreiinga skal mellom anna
- diskutere ulike avgrensingar av åtgangen til råds- og utvalsmedlemmer til sjølv å søke tilskot
- vurdere kva konsekvensar slike avgrensingar kan få for samansetninga av fag- og vurderingsutvala og den kunst- og kulturfaglege kompetansen Kulturrådet treng for å forvalte Norsk kulturfond.
I tillegg skal utgreiinga blant anna diskutere kva det vil seie å «søke sjølv» og undersøke kor vanleg det er at utvalsmedlemmer sjølv opptrer som søkarar.
Rapporten skal etter planen vere klar i midten av september.