No kan du søke på tilskot til kunst- og kulturforsking
Tilskotsordninga frå Kulturrådet skal støtte forsking som er relevant for kulturpolitikken, kunst- og kultursektoren, og for Kulturrådet sjølv.

– Forskingsmiljøa innafor kunst- og kultursektoren er ofte små, spreidde og underfinansierte. Ordninga skal bidra til å løfte ny kunnskap, rekruttere nye forskarar og styrke eksisterande forskingsmiljø, seier Jan Fredrik Hovden som er rådsmedlem og leiar av fagleg utval for forsking i Kulturrådet.
Kva slags prosjekt får tilskot?
Ordninga er eit treårig prøveprosjekt. Årets utlysing er den andre i rekka. Du kan søke med alle relevante forskingsprosjekt. I 2025 fekk 8 av 39 prosjekt tilskot. Kulturrådet fekk mange gode søknader frå ulike fagmiljø.
– Utlysinga i 2025 viser at det er behov for ei ordning som støttar småskala, praksisnær og nysgjerrigheitsdriven kunst- og kulturforsking, seier Hovden.
Se liste lenger ned over prosjekta som fekk tilskot i 2025.
Fokus på samisk og nasjonale minioritetar
Nokre av tilskota i 2026 er øyremerka forsking knytt til samisk kunst og kultur og dei nasjonale minoritetane sin kunst og kultur, inkludert rammene og vilkåra for kunst- og kulturutøvinga.
– Her treng vi meir kunnskap. Vi er glad for at det i 2025 kom mange gode søknader, Kulturrådet håper på det same i år, seier Hovden.
Kunst- og kulturforskning – forskere arrow_forward
Moglegheiter for masterstudentar
Masterstudentar kan søke ei eiga tilskotsordning frå Kulturrådet. I 2026 kan inntil fire masterprosjekt få 20 000 kroner kvar i støtte.
– Det er viktig å rekruttere nye forskartalent. Tilskotsordninga skal motivere masterstudentar til å skrive masteroppgåver om tema som er relevante for Kulturrådet, påpeikar Hovden.
Masterstudentar kan og søke stipend frå Kulturdirektoratet i 2026. Stipenda er på 20 000 kroner og er retta mot prosjekt som belyser aktuelle spørsmål knytt til likestilling og mangfald i kunst- og kultursektoren.
– Som nasjonal koordinator for mangfald i sektoren ønsker Kulturdirektoratet å bidra til ny, relevant innsikt, og masteroppgåver kan vere gode kjelder. Vi ser blant anna behov for meir kunnskap om forutsetningar og rammevilkår for mangfald, og om fenomen og trendar i samfunnsutviklinga som påverkar politikk og praksis. Men også ei rekke andre tema kan vere relevante, seier Anne Ogundipe, seniorrådgjevar i Kulturdirektoratet.
Studentar som får stipend frå Kulturdirektoratet, blir inviterte til eit arbeidsseminar hausten 2026.
Kunst- og kulturforskning – masterstudenter arrow_forward
Masterstipend for mangfoldskunnskap arrow_forward
Desse prosjekta fekk tilskot frå Kulturrådet sin tilskotsordning i 2025
- Ei forskargruppe ved NTNU leia av Per Esben Svelstad og Tatjana Kielland Samoilow, undersøker lesekultur og lesepraksiser blant unge lesarar.
- Christina Pech ved Universitet i Oslo studerer arkitektur i eit kulturpolitisk perspektiv, og skal meir spesifikt sjå på historia til Norsk arkitekturmuseum.
- Lars Halvorsen ved Høgskulen i Volda leiar eit prosjekt som kartlegg korleis norske sakprosaforfattarar deltek i den offentlege samtala om politikk og andre viktige samfunnsspørsmål.
- Anders Førisdal, som er uavhengig forskar, skriv bok om forholdet mellom kropp og teknologi i verk av den danske komponisten Simon Løffler.
- Tora Ferner Lange, også ho uavhengig forskar, undersøker korleis innretninga på tilskotsordningane til Kulturrådet påverkar kunstproduksjon i skjeringspunktet mellom musikk og scenekunst.
- Siv Ellen Kraft ved Universitetet i Tromsø leiar eit forskingsprosjekt om kunstnaren Hans Ragnar Mathisen, som fekk Kulturrådets ærespris i 2024.
- Gyrid Øyen, uavhengig forskar, undersøker dei kulturpolitiske vilkåra for kvensk scenekunst med utgangspunkt i en studie av Kvääniteatteri.
- Monica Grini, no ved Universitetet i Bergen, skal forske på to viktige utstillingar med samiske kunstnarar som fann stad i Oslo i 1978. Ho skal mellom anna sjå på utstillingane si rolle i samtida – og kva for innverknad dei har hatt i ettertida.
Andre kommande forskingsutlysingar frå Kulturrådet
• Februar 2026: Ei rammeavtale for gjennomføring av kunstnarundersøkingar vert lyst ut på anbod.
• Juni 2026: Kulturrådet planlegg ei tematisk forskingsutlysing med arbeidstittel Migrasjon, estetikk og arkiv. Søknadsfrist vert i oktober.
• Kulturrådet planlegg òg ei kunnskapsoppsummering knytt til samisk kunst og kultur, men det er ennå ikkje klart når oppdraget vert lyst ut.