Hopp til hovedinnhold

Kiyoshi Yamamoto vinn konkurransen om nytt kunstverk til Kulturrådets ærespris

Lys treboks med lilla silkepapir og teksten "almost famous".
Det nye ærespriskunstverket er ein firkanta treboks som inneheld lilla silkepapir merka «Almost famous», eit oransje satengband med teksten «I wish I was you», eit handmåla silkesjal og eit rundt glasobjekt i klare fargar.
Imponerte juryen med eit elegant uttrykk, leiken humor og uttrykksfulle detaljar.
Publisert 06. februar 2026
En person står oppreist og ser mot gulvet, kledd i svart, med hendene i en dansende positur.
Kiyoshi Yamamoto er ein norsk-japansk-brasiliansk kunstnar som hovudsakleg jobbar med tekstil, silketrykk, smykke og performance. (Foto: Yina Chan)

Det var i alt 52 kunstnarar som senda inn søknad til prekvalifiseringa. I juni valde rådet fem kunstnarar, etter prekvalifisering, til å laga utkast: Kiyoshi Yamamoto, Lin Pei-Han, Marianne Moe, Terje Nicolaisen, Wisam Al-Samad.

Av dei vart fem valde ut til å laga utkast, og Kulturrådet valde Kiyoshi Yamamoto som den endelege vinnaren. 

I midten av desember fekk Yamamoto oppdraget med å laga eit nytt kunstverk til æresprisen.  

– Yamamotos utkast kombinerer handverk, humor, sanselegheit og seremoni på ein elegant måte. Verket består av fleire enkeltdelar kor ulike kunstnariske uttrykk og tradisjonar speler saman. Denne heilskapen framhevar verdien av samarbeid, seier medlem av Kulturrådet Toril Johannessen på vegner av Kulturrådet. 

Inspirasjon frå Japan

Utkastet består av ein lukka, firkanta boks i lyst tre, inspirert av den japanske bento-boksen. Når boksen blir opna, finn mottakaren eit lilla silkepapir festa med eit klistremerke med teksten «Almost famous», eit oransje satengband med påskrifta «I wish I was you», eit handmåla silkesjal og eit rundt glasobjekt i klare fargar.  

Om kunstnaren

Kiyoshi Yamamoto (f. 1982) bur og arbeider i Bergen. Han har utdanning frå Kunst- og designhøgskulen i Bergen, Escola de Belas Artes i Rio de Janeiro, Brasil, og Saint Martin’s School of Arts and Design i London, England. Yamamoto har hatt ei rekkje separatutstillingar, mellom anna ved Buskerud Kunstsenter, Heimdal kunstforeining, Norske grafikere og Soft galleri. Hans verk er innkjøpte av mellom anna Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim, KODE Kunstmuseer i Bergen, komponistheim i Bergen og den norske ambassaden i Brasilia. 

En lys treboks med et fargerikt silkesjal plassert inni.
Det  handmåla silkesjalet over eit rundt glasobjekt i klare fargar. (Foto: Kiyoshi Yamamoto)

Yamamoto har hatt som mål å skapa eit kunstverk som rommar både det personlege og det kollektive, og som fungerer like mykje som ritual som objekt. Verket er utvikla i samarbeid med fleire handverkarar og byggjar på ein idé om fellesskap, tid og verdiar som blir forma og bore vidare av menneske. Patrícia Šichmanová, Anna Schmideder og Sonia Barreiro er nokre av bidragsytarane.

Eit symbol på anerkjenning

– Det kjennest stort å få kunstverket mitt valt som ærespriskunstverket. Eg trur og håpar at sjølve prisen og anerkjenninga har meir å seia enn kunstverket i seg sjølv. Samtidig håpar eg at kunstverket kan opplevast som eit symbol på anerkjenning, både individuelt og i fellesskap, seier Yamamoto.  

Vinnaren av Kulturrådets ærespris 2026 vil bli den første mottakaren av det nye kunstverket, som blir delt ut hausten 2026.    

– Me gler oss til å ta verket i bruk og dela det ut til nye vinnarar av æresprisen framover, seier Johannessen.  

Ein takk for løva  

Billedhugger Elena Engelsens bronsjeløve har følgt Kulturrådets ærespris sidan 1994. Den siste løva vart delt ut til Dissimilis, som vann æresprisen i 2025. Kulturrådet vil takka Engelsen for å ha levert kunstverk til æresprisen gjennom over 30 år.    

Kulturrådets ærespris har sidan 1968 vore delt ut kvart år ut til nokon som har gjort ein innsats av vesentleg betydning for norsk kunst- og kulturliv. Prisvinnaren får 700 000 kroner og eit kunstverk. 

Kulturrådets grunngiving

Kulturrådet tildeler Kiyoshi Yamamoto oppdraget med å forma ut nytt ærespriskunstverk. Rådet meiner Yamamotos verk svarer godt på alle kriteria i konkurransen, og balanserer dei ulike omsyna best. Yamamotos utkast varetek verdigrunnlaget til æresprisen og overrekkingssituasjon på ein god og eigenarta måte.

Verket gir eit elegant inntrykk, og har samtidig element av underfundig humor. Det har fine kontrastar mellom den stramme nøytrale boksen og det fargerike, glade innhaldet, og mellom hardt og mykt i materialbruk og former. Verket har også ein performativ side, ved at eska må opnast i fleire steg og dei ulike elementa pakkast ut og avslørast ein etter ein.

Dette bidreg til å understreka det seremonielle ved utdelinga. Det bringar også inn tidsdimensjonen, som anerkjenner at tildelinga kan vera til mottakarar som jobbar innanfor uttrykk i både tid og rom. I vurderinga av dei kunstnariske kvalitetane vil rådet vidare trekkja fram dei ulike handverksteknikkane til verket som tre, glas og silke.

Bruk av tradisjonar og kunnskap utvikla over lang tid viser korleis kulturfeltet inngår i ein historisk samanheng. At framstillinga skal gjerast i samarbeid med fleire kunstnarar og handverkarar med høg kompetanse på materiale og teknikk, understrekar samtidig at arbeid i kunst- og kulturfeltet ofte er kollektivt.

Verket som skal overrekkjast berar dermed med seg betydninga av fellesskap og samarbeid. Samla underbyggjer dette prisens og Kulturrådets verdigrunnlag på ein god måte. Verket og dets element har varig karakter. Det sofistikerte uttrykket og kvalitetane på materiala gjer verket alltid for kvar enkelt mottakar.

Mottakar kan velja å behalda verket i boksen, som ein skatt, eller ta elementa ut og bruka dei kvar for seg. Verket vil produserast i fleire eksemplar, som vil ha ein einskaplegheit og gjenkjennelegheit som Kulturrådets ærespriskunstverk. Samtidig får kvart eksemplar individuelle trekk og forskjellar i detaljutføringa, som gjer at mottakaren får noko unikt.

Rådet legg vekt på at verket kan tildelast både til enkeltpersonar, grupper og organisasjonar, og vil passa til mottakarar frå alle fagområde. Verket er ikkje utan miljøpåverknad, men val av materiale og teknikkar er miljømedvitne og godt beskrivne og grunngitte.

Kunstnaren kan levera 10 eksemplar av verket innanfor budsjettramma for oppdraget. Rådet ser dette som eit passeleg tidsrom og varigheit for bruken av verket som ærespriskunstverk, før rådet tek ny stilling til saka. Budsjett og framdriftsplan verkar godt gjennomarbeidde og gir tillit til at oppdraget er gjennomførbart.

Kulturrådet

Nærbilde av en lukket lys treboks.
Ein lukka, firkanta boks i lyst tre, inspirert av den japanske bento-boksen. (Foto: Kiyoshi Yamamoto)

Les mer om Kulturrådets ærespris arrow_forward

Hvert år deler Kulturrådet ut sin ærespris til noen som har gjort en innsats av vesentlig betydning for norsk kunst- og kulturliv.