Hopp til hovedinnhold

Publikum meir fornøgde med museumsbesøket

Publikumsundersøkinga viser at dei besøkjande i større grad enn før er nøgde med besøket og at dei speglar befolkninga meir enn før. Foto: Wil Lee Wright/Rockheim
Andelen fornøgde har auka frå 43 prosent i 2019 til 61 prosent i 2025, og dei besøkjande speglar i større grad mangfaldet i befolkninga, viser ei ny brukarundersøking.
Publisert 16. juni 2026

Dei besøkjande er aller mest tilfreds med korleis dei blir møtte av tilsette ved musea, noko som peikar seg ut som ein viktig del av publikumsopplevinga. 

Arbeiderparti-regjeringa ønskjer at alle i Noreg skal kunne besøke og nyte godt av dei fantastiske musea vi har i Norge, uavhengig av bakgrunn og storleik på lommeboka. Difor er det veldig gledeleg at denne undersøkinga ser ut til å vise at fleire no tek turen, og at folk samtidig er meir nøgde med besøka, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Undersøkinga viser også at dei besøkjande i større grad enn før speglar befolkninga. Andelen besøkjande med innvandrarbakgrunn har auka, medan andelen besøkjande med høgare utdanning er lågare enn i 2019. Dette kan vere eit teikn på at undersøkinga fangar opp eit meir representativt utsnitt av dei besøkjande enn før. 

Brukar- og bruksundersøkinga ved museum i Noreg 2025 er gjennomført av Ipsos på oppdrag frå Kulturdirektoratet. Undersøkinga omfattar 56 museum og 160 arenaer, og gir ny kunnskap om kven som besøkjer musea, kva som motiverer besøket, og korleis publikum vurderer museumsopplevinga.

Musea har styrkt rolla si som sosial arena

Eit av hovedfunna er at musea i aukande grad fungerer som sosiale møteplassar. Fleire oppgir at dei besøkjer museum saman med familie eller venner, og det sosiale ved besøket veg tyngre enn i den førre undersøkinga. 

– Undersøkinga stadfestar at musea ikkje berre er stader for kunnskap og opplevingar, men også viktige møteplassar. Det har noko å seie både for publikumsarbeidet til musea og for den vidare utviklinga av sektoren, seier Torbjørn Urfjell, avdelingsdirktør for samfunn og arena i Kulturdirektoratet.

Store forskjellar mellom grupper og museumstypar

Sjølv om brukarane  samla settt er tilfreds, viser undersøkinga at opplevinga av musea varierer. Yngre besøkjande er mindre tilfredse og mindre aktive enn andre besøksgrupper. Personar med funksjonsnedsetjingar opplever plasseringa av musea som mindre tilgjengeleg, og kunsthistoriske museum skårar lågare på tilgjengelegheit og relevans enn andre museumstypar. 

– Det er framleis område der musea må leggje inn ekstra innsats, undersøkingar som dette er viktig for å avdekkje kunnskap om kvar sektoren har utfordringar, seier Inga-Lill Sundset, seksjonsleiar for kulturarv og museum i Kulturdirektoratet.