Hopp til hovedinnhold

Eit samfunn rikt på kunst og kultur

Kulturdirektoratet er ei statleg verksemd underlagd kultur- og likestillingsdepartementet. Vi jobbar for at kunst og kultur skal nå fleire, og for å synleggjere den viktige rolla kulturlivet speler i samfunnet.

Kulturdirektoratet skal bidra til å utvikle heile breidda av norsk kultur – frå store nasjonale institusjonar til små, lokale initiativ. Vi jobbar for eit mangfaldig og nyskapande kunst- og kulturliv der kunstnarane har fridom, og kor nye uttrykk får rom.

Forvalte tilskot

Ei av hovudoppgåvene til Kulturdirektoratet er å vere sekretariat for Kulturrådet, Statens kunstnarstipend og Fond for lyd og bilete, som gir tilskot til kunstnarar og andre kulturaktørar. Desse tre uavhengige organa gir tilskot etter kunst- og kulturfagleg skjønn på armlengds avstand frå styresmaktene. Armlengds avstand betyr at styresmaktene ikkje kan blande seg inn i kven som skal få tilskot. Kunsten har eigenverdi og skal vere fri.

Dele ny og oppdatert kunnskap og gi faglege råd

Kulturdirektoratet leverer analysar og rapportar om kultursektoren som bidreg til politikkutforming, og som gir publikum betre innsikt. Med den breie oversikta vår over både norske og internasjonale kulturaktørar, bidreg vi til ein kunnskapsbasert og framtidsretta kultursektor.

Utvikle institusjonar og vareta kulturarv

Kulturdirektoratet har ansvar for å utvikle museum, musikk- og scenekunstinstitusjonar og andre kulturverksemder. Vi gir tilskot som bidreg til utvikling på institusjonsfeltet og vurderer søknader til nasjonale kulturbygg. I tillegg jobbar vi for å bevare og formidle norsk kulturarv, samtidig som vi forvaltar ordningar som styrkar og dokumenterer kulturarva som tilhøyrer nasjonale minoritetar. Vi gir også tilskot til amatørteater og historiske spel.

Skape meir mangfald og tilgjengelegheit

Kunst og kultur skal vere for alle. Som nasjonal koordinator for mangfald i kultursektoren jobbar vi aktivt for at fleire skal delta som publikum, kunstnarar eller arrangørar. Mangfaldsarbeidet vårt er særleg retta mot synlege minoritetar, personar med funksjonsnedsetjingar, den samiske befolkninga og nasjonale minoritetar.

Meir utveksling og færre grenser

Kulturdirektoratets internasjonale arbeid skal bidra til å styrkje kunstnarisk fridom og ytringsfridom og leggje grunnlag for at aktørar frå Noreg nyttar internasjonale moglegheiter. Vi støttar samarbeid og utveksling som sikrar utvikling av norsk kultursektor og kulturarv.

Vi har ansvar for Kreativt Europa, EØS-midlane og kontakt med UNESCO og andre internasjonale organ. Kulturen kjenner ingen grenser, og alle må ha lik rett til å uttrykkje seg gjennom kunst- og kulturuttrykk.

Sørgje for berekraftig vekst og innovasjon i kultursektoren

Kultursektoren blir både påverka av og er ein pådrivar for viktige endringar i samfunnet. Kulturdirektoratet jobbar for å gjere tydeleg kunsten og kulturens effekt på andre samfunnsområde, og er ei drivkraft for å byggje ein meir klima- og miljøvennleg kultursektor.