Fem kunstnarar valde ut til konkurranse om æresprisverk
Kulturrådet har valt ut fem kunstnarar som arbeider innanfor ulike uttrykk til å delta i den lukka konkurransen om å forma ut nytt kunstverk til Kulturrådets ærespris.
– Kulturrådet set pris på at så mange kunstnarar melde interesse for å laga nytt ærespriskunstverk. Me fekk gode refleksjonar rundt betydninga av prisen og ulike kunstnariske inngangar til oppdraget. Rådet har valt kunstnarar som vil jobba med oppgåva med utgangspunkt i ulike materiale og uttrykk. No er me spent på kva dei fem kunstnarane me har valt ut vil komma med av konkrete skisser, seier Toril Johannessen, rådsmedlem og juryleiar.
Kulturrådets ærespris er blant dei viktigaste kulturprisane i landet. Prisen har vore delt ut sidan 1968 til nokon som har gjort ein innsats av vesentleg betydning for norsk kunst- og kulturliv. Prisvinnaren får 700 000 kroner og eit kunstverk. Frå 1994 til 2025 har prismottakaren fått ein skulptur av bilethoggar Elena Engelsen. Frå og med 2026 skal eit nytt kunstverk overrekkjast til prismottakaren.
Fekk til saman 52 søknader
I mars lyste Kulturrådet ut konkurranse om å skaffa nytt kunstverk. Konkurransen blir gjennomført som eit totrinns prosess med ei open prekvalifisering følgd av ein lukka konkurranse med inntil fem deltakarar. Frist for å senda søknad om prekvalifisering var 7. mai 2025. Det kom inn 52 søknader.
I rådsmøte 12.-13. juni 2025 valde Kulturrådet dei fem som går vidare til den lukka konkurransen ut frå følgjande kriterium: kunstnariske kvalitetar, forståing av oppdraget og leveringsdyktigheit.
Dei utvalde kunstnarane får eit honorar på 40 000 kroner for å utarbeida konkurranseutkast til nytt kunstverk til 15. oktober. Kulturrådet vil velja det endelege ærespriskunstverket i rådsmøte 10.-11. desember.
Dei fem kunstnarane i den lukka konkurransen
Kunstnerne som skal utarbeida skisser til kunstverk for æresprisen er:
Kiyoshi Yamamoto (f. 1983) bur og arbeider i Bergen. Yamamoto er utdanna ved Kunst- og designhøgskulen i Bergen, Escola de Belas Artes i Rio de Janeiro og Central Saint Martins i London. Hen arbeider mellom anna med tekstil, silketrykk, grafikk, smykke og performance. Yamamotos utstilling You Are What You Is blir presentert på Munch fram til 3. august 2025.
Pei-Han Lin (f. 1988) bur og arbeider i Tromsø. Lin arbeider tverrfagleg og forskingsbasert med måleri, levande bilete, skulptur, tekstil, video, arkitektur, installasjon, lyd og tekst. Ho har ei bachelorgrad i arkitekturdesign frå Shin Chien University i Taipei, Taiwan, og mastergrader i kunst frå NTNU og UiT i Trondheim og Tromsø. Arbeida hennar er utstilte i Noreg og internasjonalt.
Marianne Moe (f. 1975) bur og arbeider i Bergen. Moe arbeider med ullfilt og byggjer opp skulpturelle arbeid som også har pittoreske kvalitetar. Ho er utdanna ved seksjon for tekstil ved kunsthøgskulen i Bergen, med hovudfag i 2002, og er innkjøpt til mellom anna Nasjonalmuseet, Oslo kommunes kunstsamling og KODE kunstmuse og komponistheimar i Bergen.
Terje Nicolaisen (f. 1964) bur og arbeider i Oslo. Nicolaisen arbeider konseptuelt med teikning, måleri, tekst, sosiale intervensjonar, kunstnarbøker, musikk og installasjon. Han er utdanna ved Kunstakademiet i Trondheim og Kunsthøgskolen i Bergen. Nicolaisen er kjøpt inn av fleire institusjonar og samlingar. Sidan 2006 har han også vore ein del av Tegneklubben.
Wisam Al-Samad (f. 1968) bur og arbeider i Askim. Al-Samad er keramikar og sameiner handverk, materialpoesi og kulturelle spor i eit fysisk og sanseleg uttrykk. Han har ein bachelor innan keramikk frå College of Fine Arts, ved Universitetet i Bagdad (Irak). Al-Samad har stilt ut i Noreg og internasjonalt, i 2025 m.a. på Skien Kunstsenter, Sarpsborg Kunstforening og Galleri #RAM i Oslo.
Vedtak prekvalifisering
Navn på søker |
Fylke |
Vedtak |
Kiyoshi Yamamoto |
Vestland |
Deltaker lukket konkurranse |
Pei-Han Lin |
Troms |
Deltaker lukket konkurranse |
Marianne Moe |
Vestland |
Deltaker lukket konkurranse |
Terje Nicolaisen |
Oslo |
Deltaker lukket konkurranse |
Wisam Al-Samad |
Østfold |
Deltaker lukket konkurranse |
Agatha Wara |
Oslo |
Avslått |
Anne Karin Krogevoll |
Rogaland |
Avslått |
Anngjerd Rustand |
Vestland |
Avslått |
Ask Holmen |
Akershus |
Avslått |
Beatrice Alvestad Lopez |
Oslo (& Stockholm) |
Avslått |
Bjørn Bjarre |
Oslo |
Avslått |
Camilla Løken Hill |
Rogaland |
Avslått |
Cecilie Maurud Barstad - Gilles & Cecilie Studio |
Oslo (& London, Paris) |
Avslått |
Christian Tømmeraas |
Oslo |
Avslått |
Elise Kielland |
Oslo |
Avslått |
Enrique Roura |
Oslo |
Avslått |
Fredrik Torsteinsen |
Akershus |
Avslått |
Frode Lillesund |
Akershus |
Avslått |
Geir Stormoen |
Innlandet |
Avslått |
German Evangelisti |
Oslo |
Avslått |
Helene Terjesen |
Oslo |
Avslått |
Hilde Angel Danielsen |
Vestland |
Avslått |
Håvard Cornelius Schnitler Kranstad |
Oslo |
Avslått |
Idun Baltzersen |
Stockholm |
Avslått |
Jan Christensen |
Oslo |
Avslått |
Janne Kruse |
Oslo (& Strömstad) |
Avslått |
Jenny Ueland |
Oslo |
Avslått |
Jenny-Marie Johnsen |
Troms |
Avslått |
Julia Mordvinova Gilje |
Rogaland |
Avslått |
Karin Augusta Nogva |
Møre og Romsdal |
Avslått |
Lars Ø Ramberg |
Oslo (& Berlin) |
Avslått |
Mari Røysamb |
Oslo |
Avslått |
Marianne Bjørnmyr |
Nordland |
Avslått |
Marianne Mannsåker |
Innlandet |
Avslått |
Marit Benthe Norheim |
Hjørring, Denmark |
Avslått |
Marit Justine Haugen |
Oslo |
Avslått |
Marit Krogh |
Oslo |
Avslått |
Marit Lyckander |
Østfold |
Avslått |
Ole Rosén |
Oslo |
Avslått |
Qi Tan |
Oslo |
Avslått |
Robin Haugaas |
Akershus |
Avslått |
Shwan Dler Qaradaki |
Oslo |
Avslått |
Signe Solberg |
Østfold |
Avslått |
Snorre Ytterstad |
Oslo |
Avslått |
Sofie Hviid Vinther |
Vestland |
Avslått |
Stefan Christiansen |
Østfold |
Avslått |
Tamara Marbl Joka |
Oslo |
Avslått |
Tomasz Boncza-Ozdowski |
Oslo |
Avslått |
Vilde Rudjord |
Agder |
Avslått |
Yngvild K. Rolland |
Oslo |
Avslått |
Yu Shuk Pui Bobby |
Oslo |
Avslått |
Æsa Björk |
Vestland |
Avslått |