Hopp til hovedinnhold

Afrikansk kultur blir meir synleg i heile Noreg i 2026

Ti organisasjonar får til saman 2 millionar kroner til markeringar av FN-tiåret for menneske av afrikansk opphav. Prosjekta skal gjennomførast i 2026 og vil løfte fram kunst og kultur med afrikanske røter over heile landet.
Publisert 18. desember 2025

– Prosjekta som får tilskot bidreg til ei tydeleg markering av FN-tiåret i heile Noreg. Dei mange søknadene viser stort engasjement og eit behov for meir synleg kultur med afrikanske røter. Sjølv om ikkje alle kunne få støtte, vil dei utvalde prosjekta bidra til auka synlegheit, mangfald og inkludering, og gi personar med afrikansk bakgrunn ein tydelegare plass i offentlegheita, seier Torbjørn Urfjell, direktør for samfunn og arena i Kulturdirektoratet.

Stor interesse

FN sitt tiår for menneske av afrikansk opphav (2025–2034) har som mål å fremje anerkjenning, rettferd og utvikling av kulturar med afrikanske røter over heile verda. 

For å bidra til ein aktiv oppstart av det nye tiåret i Noreg, har regjeringa sett av to millionar kroner i spelemidlar til markeringar. Kulturdirektoratet forvaltar tilskotsordninga. Vi fekk 50 søknader med eit samla beløp på over 15 millionar kroner. 

Desse får tilskot
Prosjekttittel Søkjar Tilskot
Afrikansk kulturutstilling og kunstmarkering Kulturbryggeriet 120 000 kroner
Kulturmøte fra Afrikas horn SAFO Rogaland 120 000 kroner
Bli synlig - Kvinner i Nord Stiftelsen Kvinneuniversitetet Nord 200 000 kroner
Sons de Angola – en musikalsk feiring av angolansk arv og samtid Tatiana De Fatima Palanca Lopes Pereira 300 000 kroner
Afrika i Sør: Kunst, kultur og fellesskap Afrikansk kulturforening Kristiansand 200 000 kroner
African Cinema in Spotlight Bergen filmklubb 34 000 kroner
Stemmer fra Afrika – litteratur og kunst Foreningen litteraturhuset i Trondheim 100 000 kroner
Kulturprogram om afrikansk og afrodiasporisk kunst, historie og kulturarv i Norge - Black History Month Norway 2026 Organisasjonen mot offentlig diskriminering 400 000 kroner
Øst-afrikanske stemmer i Norge – Kultur, historie og samfunnsdeltakelse NOREAF 250 000 kroner
Mangfold i bevegelse – afrikanske uttrykk og kulturelle møteplasser Hamar kommune 120 000 kroner