Janne Stang Dahl er ny avdelingsdirektør for kunstnarisk produksjon og formidling
– Eg er veldig glad og takksam for tilliten, og går inn i rolla med stor entusiasme. Samfunnet treng eit rikt kulturliv, og eg har djup respekt for Kulturdirektoratet og dei uavhengige organa sitt oppdrag. I ei uroleg tid er det viktigare enn nokon gong å verne om eit fritt og uavhengig kunst- og kulturliv. Saman med mange bra folk skal eg gjere mitt beste for det, seier Janne Stang Dahl.
Dahl er utdanna samfunnsvitar. Ho har brei leiarerfaring frå statleg forvaltning og kultursektoren, mellom anna i Datatilsynet og Kulturdirektoratet (tidlegare Kulturrådet). Ho har også vært leiar for nasjonale kunstorganisasjonar.
Vil styrkje openheit og tillit i forvaltninga
Dahl ser med stor interesse på den offentlege debatten om kunsten og kulturen sin plass i samfunnet. Ho ser fram til å jobbe for openheit og kvalitet i tilskotsforvaltninga.
– Kulturdirektoratet forvaltar store midlar og eit viktig kulturpolitisk ansvar, og det er bra at søkjelyset er retta mot oss. Den offentlege debatten om tilskotsforvaltning og rolla til kunsten er viktig, og eg vil gjere mitt beste for å synleggjere korleis vi jobbar og kva effekt vi skaper. Krava til forvaltninga er høge, og for å sikre tillit må vi levere openheit, effektivitet, likebehandling og kvalitet.
Strand: – Ein svært kvalifisert leiar
Påtroppande direktør i Kulturdirektoratet Øystein Strand er glad for å få Janne Stang Dahl med i Kulturdirektoratet si leiargruppe.

– Janne si breie leiarerfaring og kompetanse frå ulike delar av statsforvaltninga vil vere svært verdifull for Kulturdirektoratet. Erfaringa hennar frå å vere heilt i frontlinja for den digitale utviklinga i samfunnet i Datatilsynet, kombinert med djup forståing og engasjement for kunst- og kulturlivet, gjer henne svært godt kvalifisert for oppgåvene som ligg framfor oss i Kulturdirektoratet. Eg ønskjer henne hjarteleg velkommen tilbake til kultursektoren og ser fram til samarbeidet.
Dahl tiltrer stillinga 20. april.
Janne Stang Dahl
Janne Stang Dahl er samfunnsvitar (cand.polit. i sosiologi) med lang leiarerfaring i statleg forvaltning og i kultursektoren. Dei siste åtte åra har ho vore kommunikasjonsdirektør og samfunnskontakt i Datatilsynet, der ho også har vore konstituert direktør. Ho har vore kommunikasjonsdirektør og strategileiar i Kulturdirektoratet (tidlegare Kulturrådet), der ho også har erfaring som rådgivar og saksbehandlar. Dahl har leidd dei landsomfattande organisasjonane nyMusikk og Produksjonsnettverk for elektronisk kunst (PNEK). Ho har også jobba som sjølvstendig næringsdrivande med rapportar og evalueringar, og dessutan produksjon og formidling innan kunst og musikk.